Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Dei ulike litterære tradisjonane som fleirspråklege elevar har med seg, bør få innpass på læreplanen meiner forskar Lene Anundsen.(Shutterstock / NTB)
– Litteraturen til innvandrarar bør få plass i undervisninga
Mange vaksne som får opplæring i norsk, har lita erfaring med romansjangeren, men meir erfaring med munnlege tekstar. Det bør speglast i læreplanen, meiner forskar.
– Romanen kan vere ein nokså ukjend sjanger for mange innvandrarar. Mange lærarar veit dette, men det er lett å ta for gitt at den litterære tradisjonen vår er det naturlege utgangspunktet for undervisninga.
Det seier universitetslektor Lene Anundsen ved Universitetet i Agder. Ho har nyleg fullført ei doktorgrad på temaa.
Poesi på YouTube
Under arbeidet følgde ho tre grunnskuleklassar der elevane er vaksne innvandrarar med bakgrunn frå blant anna Syria, Eritrea og Somalia.
Dei fleste elevane ho følgde hadde berre budd kort tid i Noreg, noko som inneber at dei framleis var undervegs i språkopplæringa. Fleirtalet hadde også relativt lite skulegang frå heimlandet.
– Undervisningssituasjonen i grunnskuletilbodet byr på fleire utfordringar, men også moglegheiter. Til dømes vil mange av elevane ha teksterfaringar frå litterære tradisjonar som kan vera ukjende i norsk samanheng, seier Anundsen.
YouTube viste seg å vera det mest brukte mediet når elevane oppsøkte litteratur. Dette kunne vera opplesingar av til dømes somalisk gabay-poesi eller den syriske poeten Nizar Qabbani.
– Bør få plass på læreplanen
Dei ulike litterære tradisjonane som fleirspråklege elevar har med seg, bør få innpass på læreplanen meiner Anundsen.
– Eg meiner ikkje det skal erstatta norske tekstar. Men no som det blir laga ein ny læreplan for vaksne elevar med innvandrarbakgrunn, tenkjer eg det blir naturleg å gjera slike tekstar meir synlege, seier ho.
Som eit døme foreslår Anundsen at eit av kompetansemåla kan vera å visa kjennskap til eigen litterær tradisjon.
Ulike typar samtaler
I avhandlinga har Anundsen også gjort observasjonar og teke lydopptak medan klassen snakka om litterære tekstar dei har lese. Ho fann tre ulike typar samtalar i klassane.
Den første samtalesjangeren har ho kalla forståingsorientert samtale. Hensikta her er å hjelpa elevane med å forstå teksten på ord- og handlingsnivå. Dette er ein utprega lærarstyrt samtale – det er til dømes ikkje uvanleg at læraren sjølv svarer på spørsmåla i tillegg til å stilla dei.
I den andre typen samtale handlar det om å tolka tekstar og respondera personleg på han.
Den tredje samtaletypen handla om korleis til dømes romanen «Og» av Veronica Salinas sette i gang ei erfaringsdeling hos elevane.
Romanen handlar om ei ung kvinne som forlet heimlandet Argentina for å dra til Noreg og arbeide som aupair.
– Dette vart ein kollektiv samtale kvar elevane er meir likestilte med læraren. Desse tre mønstera veksla litt i klasserommet, men lærarar bør vera merksame på kva slags samtalemønster dei legg opp til. Det er spesielt viktig når det er snakk om vaksne elevar, seier Anundsen.
Annonse
Dei andre delstudiane i avhandlinga undersøkjer litteratur og litteraturundervisning gjennom ulike inngangar, som korleis den enkelte eleven forstår ein litterær tekst og korleis lærarane reflekterer rundt litteraturdelen av norskfaget.
Vaksenopplæring i Noreg
Vaksne har hatt lovfesta rett til grunnskuleopplæring sidan 2002.
Dei siste åra har deltakarar med minoritetsspråkleg bakgrunn utgjort størstedelen av elevane: 80 prosent i 2014 og rundt 97 prosent i 2018.
Fleirtalet av dei minoritetsspråklege deltakarane er mellom 25 og 40 år gamle.
Ein ny forsøkslæreplan for vaksenopplæring i norsk vart innført i 2017 og er gyldig fram til sommaren 2023.
Usynleg vaksenopplæring
I dag ber vaksenopplæringa preg av å vere usynleg i utdanningsfeltet, ifølgje Anundsen. Ho ønskjer seg at det skal bli høgare prioritert innan både utdanningsinstitusjonar og utdanningsforskinga.
– Andrespråkfeltet har tradisjonelt handla om språklæring. Dette burde utvidast til korleis lesnad går føre seg, opplevast, blir brukt og blir praktisert. Me burde interessera oss meir for teksttradisjonar i alle former, seier ho.