Annonse

En notis fra Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Eit prosjekt som kartlegg Jostedalsbreen og endringar i den, er blant prosjekta som har fått støtte frå Forskingsrådet.

Fått støtte til forskning på Jostedalsbreen

Publisert

Høgskulen på Vestlandet blei nyleg tildelt i alt 47 millionar kroner frå Forskingsrådet. Dei skal brukast til forsking på Jostedalsbreen, brannutsette grupper, etterlatne etter narkotikarelatert død og vasskvalitet i oppdrettsanlegg.

Jostedalsbreen i Sogn og Fjordane er det største landskapsområdet i Europa som enno ikkje er kartlagt. Det er også eit område i dramatisk endring – på grunn av klimakrisa og oppvarming trekkjer brearmane seg tilbake og isen minkar.

- Det blir utruleg spennande å få jobbe intensivt med Jostedalsbreen! Og det trengst verkeleg - det er så mykje vi ikkje veit om den. Det at breen minkar, vil få store konsekvensar for menneska som bur rundt den, seier professor Jacob Clement Yde som skal leie prosjektet.

Nett dette med dei sosiale konsekvensane av bresmelting er sentralt for prosjektet. I første omgang skal forskarane måle breen – både areal og kor tjukk den er frå topp til botn. Dette skal dei gjere ved hjelp av isradar, og ved å køyre på kryss og tvers med snøscooter og gå på ski over breen. Sidan skal dei bruke spørjeskjema og intervju for å få innsikt i kva issmeltinga vil ha å seie for lokalmiljøet på sikt.

- Breen er svært viktig for menneska som bur rundt den. Den leverer vatn til kraftverk, er utgangspunktet for ein stor turistindustri og er tett knytt til den lokale identiteten, seier Yde.

- Når breen blir markant mindre, vil det også påverke klimaet og nedbørsmønsteret i området. Dette vil igjen ha effekt på landbruket, særleg dei som lever av å produsere frukt.

Les meir om tildelinga og dei øvrige forskingsprosjekta på heimesidene til Høgskulen på Vestlandet

Powered by Labrador CMS