Iiu Susiraja har gjort kroppen sin til eit kunstprosjekt, der ho ønskjer å provosere. Når ho viser seg fram utan å forsøke å framstå som aktiv og vellykka, er det eit motkulturelt trekk, meiner kunsthistorikar Ulla Karttunen. (Foto: Iiu Susiraja)

Når feittet blir ein protest mot sunnhetstyranniet

Helseeliten og den sunne middelklassen føreset at dei tyngste blant oss bør lære å leve annleis. Men nokre vil slett ikkje det. 

Ho ligg slengt på sofaen med eit tomt uttrykk i auga, under ein vegg dekorert med kokte spagettitrådar. 

Iiu Susiraja er sjukeleg overvektig. Ho gjer ingenting for å skjule det, eller for å sjå tiltrekkjande ut. Tvert imot.

Susiraja er kunstnar, og har gjort det til eit prosjekt å lage sjølvportrett av kroppen sin. Men nesten alltid er det noko som er på feil plass. Til dømes fotografiet der ho held ei kjevle mellom beina så handtaket stikk ut som ein penis. Eller der ho fyller eit par småsko med krem, og deretter pressar føtene nedi så kremen tyt ut. 

Likevel er det noko anna enn desse feilplasserte tinga som trekk til seg størsteparten av merksemda: kroppen hennar.

Korleis vågar ho? har mange spurt seg i møte med kunsten hennar. 

Der storleik er makt

Kunsthistorikar Ulla Karttunen meinar fotografia er eit angrep på overflatiske verdiar i den moderne kulturen. At Susiraja gjer narr av forfengelegheita ho ser kring seg – sjølvpromoteringa på sosiale medium, det utbreidde behovet for å framstå som aktiv, vellykka og attråverdig. Når ho viser seg fram utan å forsøke på noko av dette, er det ein provokasjon, eit motkulturelt trekk, ifølgje Karttunen. 

- Det finst sterke føringar i våre dagar for korleis kroppen skal sjå ut. Særleg i middelklassen. Men vi må vere medvitne om at desse normene ikkje blir delte av alle, seier sosiolog Lotte Holm. Forskinga hennar viser at feitt tyder heilt ulike ting i ulike delar av samfunnet. 

Då ho studerte hanldningar til kropp og livsstil blant danske, mannlige renovasjonsarbeidarar, fekk ho mellom anna høyre denne påstanden: 

“Alt under hundre kilo er homo”. 

Ei anna studie av svarte, kvinnelege narkotikaseljarar og gjengmedlemmer i USA viser at det i deira verd er særs viktig å vere stor. Den tunge kroppen utstråler ei kraft, ei ”ikkje bøll med meg”-haldning.

Feittet følgjer utdanning

Så kven av oss er det som blir tjukke? Auken i sjukeleg fedme i Norge har vore stor for alle aldersgrupper dei siste tiåra, men det er dei med lågast utdanning som er hardast råka. Blant dei med berre folkeskule, er førekomsten av alvorleg fedme dobbelt så høg som blant dei med høgare utdanning. Internasjonale studiar peiker mot ei liknande skeivfordeling av feittet i andre land.

Og nett der ligg eit stort dilemma. For kva om mange av dei som er tunge ikkje vil vere med på at det er så ille å vere tung? Kva om dei berre vil vere i fred og leve liva sine på usunt vis? Har samfunnet rett til å blande seg då?

Einsretting av kroppar og liv

Disiplineringa av kroppen er ein av dei sentrale verdiane i det moderne vestlege samfunnet, meiner Roger Strand, professor i vitskapsteori ved Universitetet i Bergen. Personlegdomstrekka som står høgt i kurs er no evna til sjølvregulering, planlegging og rasjonelle val.

- Som nordmenn lever vi i ein utprega homogen kultur. Når eg høyrer representantar frå helsestyresmaktene snakke om haldningskampanjar og tiltak for å forme folket, verkar det som dei meiner det berre finst ein versjon av det gode livet. Og at vi alle er forplikta til å etterleve den, seier Strand.

For han er dei usagte verdiane i kjernen av helsepolitikken og helseforskinga eit problem – fordi dei blir sett på som udiskutable. Det at middelklassen tek etter dei rådande verdiane, og synst ein skal vere sunn og sterk, passar makta veldig godt, påpeiker Strand:

- Det har samanheng med korleis velferdsstaten fungerer. Eit sunt folkeferd jobbar meir og kostar mindre, slik at staten og vi alle kan vere rikare. Difor er den sjukeleg overvektige personen sett på som eit problem, og samfunnet vil at ho skal forstå ho har eit problem, seier Strand.

Strand viser til Craig L. Fry, forskar innan helseetikk og -politikk, og hans skilje mellom akseptable og uakseptable helseidentitetar. I helseverda er det akseptabelt å vere rasjonell og ansvarleg, og anstrenge seg for å leve eit sunt liv. Det er også akseptabelt å vere sårbar, og innrømme at du har behov for profesjonell hjelp.

Dei slemme og udisiplinerte

Den uakseptable helseidentiteten handlar om å leve usunt og gjere risikable ting, utan noko ønske om å gjere ting annleis.

Narkomane, alkoholikarar, røykarar og alvorleg overvektige kjem i denne kategorien, og blir sett på som uansvarlege og udisiplinerte, ei byrde for velferdsstaten. Dei er slemme gutar og jenter. Dei gjer ikkje det dei kan for å maksimere livslengde og livskvalitet – det legevitskapen ser på som det fremste målet for eit menneskeliv.

- Om vi skal eller ikkje gripe inn i liva til desse personane, er eit spørsmål om etikk. Og spesielt eit spørsmål om kva som er det gode livet, seier Strand.

For har desse menneska det heilt forferdeleg, eller har dei det ikkje?

Den amerikanske bloggeren Kelly Coffey fortel om korleis overgangen er frå å veie meir enn 136 kilo til å veie det halve. Ho jobbar no som personleg trenar og blogger om trening og om å elske kroppen sin. 

For sjølv om livet i ein sunnare kropp gjer henne glad, er ikkje denne gleda eintydig. Ho saknar den tjukke kroppen sin og identiteten den ga henne som livligare og ein person som tok fleire sjansar.

Kelly Coffey

Ho trur blant anna at fedmen gjorde det lettare for andre å slappe av med henne, og ho trivs sjølv framleis best med store kvinner. Dei er rausare, djupare og meir forståingsfulle, mener ho. 

Konklusjonen på før/no-lista: ”Get fit, & you, too, can be boring as hell.”

Store skiljer i synet på sunnheit

Ho har eit godt poeng, meiner Lotte Holm – det finst faktiske nokre verdiar utanom det å vere slank og sterk. Verdiar som også er verd å setje pris på, og som kan drukne i det dominerande sunnheitsjaget.

I ein sosiologisk studie har Holm samanlikna livsverdiane til normalvektige folk med høg utdanning og overvektige eller sjukeleg overvektige folk med låg utdanning.

I den første gruppa var overvekt sett på som uakseptabelt, og mosjon som noko gledesfylt og givande. Ein god forelder var ein som lærte barna sine sunne vanar, og passa på at dei ikkje sklei ut og blei tjukke. Definisjonen på ein sunn person var, ifølgje denne gruppa, ein med god livsstil og balanse i kvardagen.

Blant dei lågare utdanna, tunge folka var lista av verdiar vesentleg annleis. Dei var for det første langt meir tolerante overfor store kroppar. Vidare var dei opptekne av at maten skulle vere ekte og autentisk, heller enn sunn.

Dei meinte mosjon var stressande, og likte betre stillesitjande, sosiale aktivitetar som strikking eller ein prat med vener over ein øl. Å vere ein god forelder handla om å ha det gøy med barna, og akseptere dei som dei var. Definisjonen på ein sunn person var ein som visste å nyte livet.

Jakta på det sunne livet blei av denne gruppa interessant nok sett på som det tristaste av alt ein kunne drive med. 

Som ein av informantane uttrykker det:

”Ho kjøper den lettaste mjølka, ho et aldri smør og ho kjøper sukkerfri syltetøy. Alt blir sexlaust og utan glede. Ho er oppteken av kolesterolmål og mosjon, men blir stadig deprimert.”

Tjukk eller tynn, like bra?

- Eg kan verkeleg godt skjønne innvendingane deira mot middelklassedefinisjonen av kva som er eit godt liv! seier Holm, og tek fram ei historie fra sitt eige liv.

Nyleg var ho på ein forskingskonferanse, og hamna under middagen til bords med dei fremste akademikarane som var til stades der. Det einaste dei snakka om, var alle maratonane dei sprang. Å drive med krevjande sportsgreiner har nærast blitt ei norm blant den sosiale eliten i Danmark, meiner ho.

Det siste nye er triatlon:

- Eg har ei venninne som er fråskilt trebarnsmor, og trener til triatlon. Ho trener fleire gonger for dagen, og lever eit liv som er heilt skjematisk, fortel Holm.

Eit sunt liv, men er det godt? Kanskje finst det noko å lære frå livsnytar-verdiane til den overvektige og lågt utdanna gruppa sosiologen forska på. Kanskje går det an å ta livet litt meir med ro, og vere litt rausare: gje rom for ulike kroppar og livsstilar.

Og dei verkeleg store som ikkje har tenkt å gjere noko med storleiken sin – skal vi faktisk berre la dei vere i fred?

- Vi kan i teorien relativisere oss heilt vekk frå dette spørsmålet, og seie at tjukk er like bra som tynn. Men den medisinske røyndommen kjem inn her, og vi kan ikkje oversjå den. Legar og sjukepleiarar er truverdige vitne på at desse menneska faktisk lir under overvekta si, seier Roger Strand.

Eit helseproblem

Trass sympatiske livsnytar-verdiar blant overvektige menneske: Ein kjem ikkje bort ifrå at alvorleg fedme er eit helseproblem.

Dei som er aller størst, lir ofte av tilleggssjukdommar som diabetes og hjarteproblem. Dei har vondt for å røre på seg, og blir hemma av ein kropp som stadig kjem i vegen for daglegdagse gjeremål.

”Morbidly obese” heiter tilstanden på engelsk – fordi det er ein kronisk tilstand som faktisk er livstrugande.

Her er vi ved kjernen av problemstillinga, meiner etikaren: Kor langt går retten til sjølvdestruksjon? Er du suicidal, kan du bli tvangsinnlagt. Det same om du er alvorleg anorektisk. Ikkje slik for sjukeleg overvektige.

- Nokre gonger tenkjer eg at fellesskapet skal gå inn og redde folk som ikkje vil hjelpe seg sjølve. Men kor startar det, og kor sluttar det? spør Roger Strand.

- I alle høve er dette eit spørsmål som ikkje kan overlatast til lukka rom, ekspertkomitear med forskarar eller helsearbeidarar. Dette er eit spørsmål vi må ta stilling til som samfunn.

Powered by Labrador CMS