– Du kan spasere gjennom Arendal på eit kvarter, og det er eit mirakel at denne vesle byen vart eit økonomisk kraftsenter og den største sjøfartsbyen her i landet, seier professor. (Illustrasjon: John William Edy i Boydell's picturesque scenery of Norway i Nationalbibliotekets samling)

– Arendal er indrefileten i norsk byhistorie

Nytt historieverk avslører den uformelle makta i Arendal og viser kvifor byen vart den største sjøfartsbyen her i landet på 1700-talet. UiA-professor kallar Arendal for indrefileten i norsk byhistorie.

– Arendal er historisk sett den viktigaste byen langs Agderkysten, seier Knut Dørum.

Han er professor i historie ved Universitetet i Agder (UiA). Saman med arkeolog Eirin Holberg har han skrive første band i eit nytt historieverk om Arendal.

– Med historievitskaplege grep avslører vi den uformelle makta i Arendals historie, vi set søkjelyset på dei usynlege nettverka og viser korleis byen veks så å seie frå ingenting til Noregs fremste handelsby, seier Dørum.

Professoren samanliknar historieforsking med politiarbeid.

– Historikaren er detektiv. Vi granskar arkiv, samanliknar historier og analyserer kva som ligg under tal, namn, rettssaker, handel og familienamn. Målet er å kome oss bak kulissene og avsløre korleis historia eigentleg har falda seg ut, seier han.

Frå istid til sjøfartsby

Eirin Holberg har skrive kapitla om tida frå istida til tusentalet. Saman har dei to historieforskarane skrive om tida frå 1000-1350, mens Dørum står for historia frå svartedauden og fram til Arendal står på maktens tinde som den store sjøfartsbyen i Noreg.

– Du kan spasere gjennom Arendal på eit kvarter, og det er eit mirakel at denne vesle byen vart eit økonomisk kraftsenter og den største sjøfartsbyen her i landet mot slutten av 1700-talet, seier Dørum.

Det har vore eit poeng for Dørum å vise at Arendal i realiteten vart by og kjøpstad i tida 1660-1723, før byen fekk formell status som kjøpstad i 1723. Det vil seie at byen hadde rettar framfor bygdene til å drive handel eller andre næringsvegar, ifølgje Store norske leksikon.

Knut Dørum er professor i historie ved Universitetet i Agder. (Foto: Atle Christiansen, UiA)

By utan privilegium

– Arendal vart by før han vart kjøpstad. Byen opererer som om han har alle handelsrettar lenge før han får det, men enda meir rådde han over mykje kapital og mange skip. Byen hadde full kontroll på bøndene og var sentrum i eit imperium lenge før 1723, seier Dørum.

Arendalittane brukte mange pengar på å drive utstrekt lobbyverksemd overfor sentraladministrasjon og kongens hoff. Målet var å få kjøpstadrettar. Her låg noko av utgangspunktet for rivaliseringa mellom Arendal og stiftsstaden Kristiansand. Sistnemnde var kjøpstad frå 1641.

Med statusen som kjøpstad følgde ei rekkje med handelsrettar og privilegium, velsigna av kongen sjølv. Derfor var det viktig for arendalittane å få status som kjøpstad, mens det for kristiansandarane var viktig å hindre dei frå å få det.

Arendal mot Kristiansand

– I perioden 1660-1723 prøvde kristiansandarane hardt å hindre at Arendal skulle verte kjøpstad. Kristiansand gjorde attpåtil eit vedtak i 1680-åra om at arendalittar måtte flytte til Kristiansand, seier Dørum.

Kongen støtta vedtaket fordi han ønskte å leggje ned ladestader som Arendal og samle handelen i kjøpstader som Kristiansand. Arendalittane var på dette tidspunktet så mektige og velståande at dei berre kjøpte seg eit husvære i Kristiansand, melde flytting, men heldt fram med å bu og drive handel i Arendal.

Tømmer og vassdrag

Vassdraget er ein av grunnane til at arendalittane vart så velståande. Nidelva og forgreininga av elver og bekkar oppover i Aust-Agder og mot Telemark var veileigna til å frakte tømmer ned til Arendal.

Kjøpmennene batt bøndene til seg med gjeld, tømmerkontraktar, handel og skatteforskot. Byborgarane la ut skatten for folk. Dei hadde monopol på å selje brennevin, sukker, kaffi og klede til bøndene. Bøndene gjorde alt arbeidet med tømmeret. Dei feller tre, fraktar det til elva, fløytte det til byen og berre for å levere til kjøpmannen for låge prisar.

– Her gjer arendalittane det same som dei gjer i Risør og Kristiansand. Det er det same systemet med utnytting av bøndene ved monopolisering av varer frå kjøpmennene og så vidare. Men Arendal har også andre fordelar. Dei har det store vassdraget og dei har kjøpmenn som er råare og flinkare enn i dei andre sørlandsbyane, seier Dørum.

Borgarskapet i Arendal bygde eit handelsimperium på 1600-talet. Ved hjelp av gjeldsbinding, kontroll, tvang og monopol overfor bønder og arbeidarar fekk dei kontroll over byen.

Familiedynasti styrer byen

– Det er få, men viktige familiar som gjer Arendal til landets viktigaste sjøfartsby. Dei bankar Kristiansand, slår ut Risør og Christiania og set attpåtil Bergen i skuggen etter kvart, seier Dørum.

Arendal vert ein av dei leiande trelastbyaneher i landet i åra 1650 og heilt fram til 1880-åra.

– Det er opp- og nedturar igjennom desse hundreåra, men jamt over ligg Arendal på toppen og dominerer norsk handels- og sjøfartsliv, seier Dørum.

Tre familiar styrte byen politisk, sosialt og økonomisk på 1600-talet. Det var familiane Pedersen Brinch, Ellefsen og Sørensen-Andersen. Utstrekt nettverksbygging mellom dei dominerande familiane gjer at dei held på makta, til dømes ved at syskenbarn og stesysken giftar seg med einannan.

– Det er så intimt at det vert fleipa med. Gift deg med mor di så er du sikra posisjon, økonomi og framgang, vart det sagt, seier Dørum.

Herren i Arendal

Laurits Pedersen Brinch hadde kontroll over byen i 30 år i perioden 1680-1702.

– Han er rå. Han og andre arendalittar lurer bøndene trill rundt, triksar med rekneskap, sel dei dårlege varer og kjøper rimeleg arbeidskraft og tømmer frå dei, seier Dørum.

Brinch vart kalla Herren i Arendal. Folk bøygde seg i støvet når dei møtte han på gata, og den gang var det skilnad på Kong Salomo og Jørgen Hattemakar. Klasseskilnadene var store, og den som gløymde å bukke og skrape låg tynt an overfor kjøpmannen. Dørum skriv i boka om bonden som måtte sende tenesteguten med gåve til Brinch for å orsake seg.

– Han hadde nok sagt god dag til den store Brinch, men hadde nok ikkje bukka djupt nok og helst beundrande nok, seier Dørum.

I denne perioden eig Brinch byen. Han er den nest rikaste i Arendal og blant dei fem-seks rikaste i heile landet. Formuen hans svarer til 40 store gardsbruk. Også dei andre familiane som styrer Arendal i denne tida, er uhorveleg rike, ifølgje Dørum.

Boka er skriven på oppdrag av Arendal kommune, som også har finansiert utgivinga av boka. Ytterlegere to band om Arendal skal vere klare til byjubileet i 2023. Håkon Haugland skal skrive band 2, som dekkjer tida 1723-1900.

Referanse:

Holberg, E. og Dørum, K.: Arendal før kjøpstaden - Fram til 1723. Cappelen Damm. (2018)

Artikkelen er oppdatert 03.07.19.

Powered by Labrador CMS