Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Globalisering er ein overgang frå ei lokal omgangsform til ein utoverretta kultur. Ein slik kultur inneber reising og samarbeid med folk frå andre regionar.

Globaliseringa har prega verda i meir enn 5000 år

Folk bør møte andre perspektiv på historia enn det norske og europeiske, meiner forfatter av ny bok.

Når folk i eit lokalsamfunn går inn i eit tettare samarbeid med folk frå omliggande regionar, tek dei det første steget mot eit globalt samfunn. Men kva for samarbeid er det snakk om? Når starta det? Og kven tener på det?

Det er nokre av spørsmåla førstelektor Andreas Aase ved Universitetet i Agder (UiA) prøver å svare på i si nye bok, Globaliseringens historie før 1800.

– Eg har prøvd å tilpasse boka til 18- til 20-åringar som møter fagområdet for første gong, og eg håper eg skriv slik at dei vert inspirererte til å dykke inn i faget, seier forfattaren.

Usemje blant forskarane

Ifølgje Aase er forskarane usamde om når globaliseringa starta.

Det finst dei som meiner globaliseringa starta da Columbus fann sjøvegen til Amerika på 1400-talet. Andre meiner 1945, da den andre verdskrigen slutta og FN vart etablert.

Andre igjen at det først var da muren fall i 1989 og internett etter kvart vart eit gjennombrot for ei nær sagt grenselaus verd.

Andreas Aase meiner 3500 år før vår tid er eit godt utgangspunkt. Derfor startar han si historie om globaliseringa der. Men han diskuterer andre startpunkt i boka og opnar for at det går an å argumentere på andre måtar.

– Historisk utvikling har ikkje éin fasit, men er mogleg å tolke det på ulike måtar. For at ein skal kunne snakke om eit globalisert samfunn, må samarbeidet med andre land vere nokså regelmessig, seier Aase.

Andreas Aase er førstelektor ved Fakultet for humaniora og pedagogikk på UiA.

Asia før vår tidsrekning

– Dei første tilløp til globalisering tek til i Asia med land som Egypt og Mesopotamia, dagens Irak. Mellom Armenia, Tyrkia og Mesopotamia veks det fram eit handelsnettverk for meir enn 3500 års sidan, seier han.

Globalisering er ein overgang frå ei lokal omgangsform til ein utoverretta kultur. Ein slik kultur inneber reising og samarbeid med folk frå andre regionar.

Med reisinga vert det oppretta nye ferdselsvegar. Landskap endrar seg, natur og dyreliv vert påverka.

– Forureining følgjer i fotspora til dei globale samfunna frå gamalt av. Det er ikkje nytt i vår tid. Det er dessutan ikkje berre varer som vert frakta over landegrensene i eit globalt samfunn, men òg sjukdommar og pandemiar, slik vi ser med kornapandemien i dag, seier Aase.

– Boka er tilpassa 18- til 20-åringar som møter fagområdet for første gong, seier forfattaren.

Frå handel til misjon

Sjølve ordet globalisering dukkar opp i 1960-åra. Først utover i 1980- og 1990-åra vert det vanleg å snakke om globalisering i media og forskingsartiklar.

– For historikaren kjem gjerne omgrepa etter fenomena, seier Aase.

Om ikkje forskarane er samde om når globaliseringa eigentleg starta, er dei ifølgje Aase nokså samde om definisjonen av fenomenet.

Eit globalisert samfunn har meir enn tilfeldig samkvem med andre land. Handel og utveksling av varer og tenkjemåtar med andre regionar går føre seg regelmessig, og er ein integrert del av kulturen.

– Globalisering startar som regel med handel og vert gjerne etterfølgd av religiøs misjonering og imperiebygging. Globalisering er nettverks- og samarbeidshistorie og inneber samhandling på område som økonomi, politikk, kultur og økologi, seier Aase.

Alt startar ikkje med Europa

– Du skriv at vektlegginga av Asia i del ein av boka er god medisin mot eurosentrisme, treng vi slik medisinering?

– Alt som er moderne, er ikkje nødvendigvis frå Europa og vår tid. Eurosentrisme inneber jo eit arrogant og nærsynt perspektiv på utviklinga. Ein trur gjerne at ein sjølv står på toppen av eit utviklingstrinn. Eg trur vi har godt av motførestillingar mot eit slikt syn på historia, seier han.

Han minner om at historiefaget tidlegare har vore ekstremt oppteken av nasjonen og nasjonsbygginga. I tillegg har det vore litt om USA og resten av Europa, men mindre om Asia og Afrika.

– Eg synest det er på tide at folk møter andre perspektiv på historia enn det norske og europeiske, seier Andreas Aase.

Han er no i full gang med å skrive oppfølgjaren til årets bok. Den nye boka skal ta for seg perioden frå 1800 og fram til i dag, og da vert både FN, EU, kald krig og USA viktige tema.

– Også Afrika vert eit viktig tema i den imperialistiske perioden, dessutan vert Asia igjen ein viktig aktør med framveksten av den dominerande rolla Kina speler for verdssamfunnet, seier globalhistorikaren.

Referanse:

Andreas Aase: Globaliseringens histori før 1800. Bok utgitt på Cappelen Damm, 2020. Samandrag.

­

Powered by Labrador CMS