Vondt blod mellom utvandra skandinavar

Den bitre striden om unionsoppløysinga før 1905 strekte seg heilt over Atlanteren, og førte til hat og mistillit mellom for lengst utvandra svenskar og nordmenn busette i USA.

Publisert

Det fortel førstelektor Olav Tysdal ved Universitetet i Stavanger i ein ny artikkel.

Oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige blei erklært av Noreg 7. juni 1905 og akseptert av Sverige 26. oktober same året.

Før dette hadde dei emigrerte skandinavane i USA stort sett budd i fredeleg sameksistens heilt sidan midten av 1800-talet.

Felles kulturell og språkleg bakgrunn førte til omfattande samarbeid og venskap mellom dei norske, svenske og danske samfunna i USA.

Men den stadig eskalerande konflikten omkring den svensknorske unionen, som toppa seg i det dramatiske lausrivingsåret, utgjorde ein alvorleg trussel mot dei gode relasjonane som var bygd opp i skandinavane sitt nye heimland.

Kvass konflikt

- Uvenskap og motsetningar kom sterkt til uttrykk i lausrivingsåret. Avisene rapporterte om trakassering og ufin behandling, og på sitt mest intense blei det oppfordra til valdshandlingar og krig, seier Olav Tysdal, universitetslektor ved UiS.

Han har studert konflikten, slik den blei presentert i fire svenskamerikanske aviser i perioden november 1904 til desember 1905.

- Noko av det mest påfallande er korleis konflikten framkalla dei sterke bindingane mellom utvandrarane i USA og heimlandet. Eit fenomen med fleire parallellar i historia kor folk har busett seg i framande land, seier Tysdal.

Konsulatfeiden

Sjølv om konflikten mellom svensk- og norskamerikanarar hadde ulma ei stund, med forsterka effekt etter 1880 og ved parlamentarismen i 1884, var den såkalla konsulatfeiden i 1905 ein direkte utløysande faktor.

- Fleire i Noreg meinte Sverige hadde brote lovnaden frå 1903 om at Noreg skulle få opprette eit eige konsulat. Dei hevda at det då kunne vere like greitt å trekkje seg ut av unionen.

- Svenskane strekte seg langt og var imøtekomande, men meinte unionen framleis hadde sterk legitimitet, ikkje minst som ein mektig allianse mot framande makter.

- Det er interessant å studere retorikken i dei svenskamerikanske avisene på denne tida.

- Nordmenn blir mellom anna omtalt som sytepavar og galningar, og politikarane får høyre at dei har ein feil i sjela. Korrespondentar i Stockholm meinte deira norske brør ikkje visste sitt eige beste, seier han.

- Ein revolusjon

Men det som verkeleg sette dei svenskamerikanske sinna i kok, var det dramatiske norske stortingsvedtaket om lausriving, som kom den 7. juni 1905.

I overskrifta på leiarartikkelen i den svenskamerikanske avisa Nordstjernan stod det «Revolusjonen i Norge». Same formulering kom også til uttrykk i amerikanske aviser, som i The New York Times.

- Fleire av dei svenskamerikanske avisene kom også med rasande utbrot mot si eiga regjering, som dei meinte var for ettergivande og milde mot nordmennene.

- Men den hardaste retorikken fanst i lesarbreva, både i dei svenske- og norskamerikanske avisene, fortel Tysdal.

- Svenskamerikanarane meinte nordmennene oppførde seg som ein foruretta veslebror, at dei var arrogante og leid av mindreverdskompleks. Det saklege nivået var ikkje alltid like høgt.

I lesarbreva kunne ein mellom anna lese at «The only thing the Norwegians should have had was a good thrashing. Nothing else works».

Forsoning til slutt

- Folkerøystinga om unionsoppløysinga den 13. august enda med eit knusande nederlag for tilhengarane av unionen.

- Tonen blei derfor mildare etter kvart, sjølv om somme stadig hevda at både «revolusjonsvedtaket» den 7. juni og folkerøystinga ikkje spegla folkemeininga i Noreg.

- Dette til trass, det blei utbasunert i alle verdas horn at unionsoppløysinga var det energiske uttrykket for eit edelt og fritt folks energiske vilje, seier han og avsluttar:

- I ettertid var svenskamerikanarane også nøgde med utfallet slik det blei. Det som hadde vore ein bitter og langvarig konflikt, med reell krigsfare, enda heldigvis med forsoning.