Jegerane på fonna

I tusenvis av år har forfedrane våre jakta rein i fjellet. Nå er nye jegerar på sporet av dei gamle. 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein skinnkledd mann skyt bort ei pil under reinsjakta. Nokre tusen år seinare dukkar pila opp frå snøfonna, god som ny. (Foto: Kari Dahl-NTNU/Vitenskapsmuseet)

Konferanse

5. oktober kjem ekspertar frå elleve land til den internasjonale konferansen Frozen Pasts i Trondheim.

Her skal 70 deltakarar presentere siste nytt innanfor området snøfonn- og isbrearkeologi. Det blir mellom anna foredrag om ismumiar, boplassar frå permafrost, norske fonnfunn og alpine funn frå første verdskrigen.

Eitt hovudtema vil vere tilhøvet mellom glasiale funn og klimaendringar.

Lenke: Frozen Pasts

Arkeologi på snøfonnene i høgfjellet er ein ekstremsport.

Landskapet er ofte ugjestmildt; det kan vere langt frå bilveg; og det blir mykje gange og klatring i ulendt terreng, med tung oppakning og vêr som kan skifte på minuttar.

Og vanlegvis er resultatet lik null.

Men i gylne augneblink kjem lønn for strev og ubehag. For plutselig ligg ho der: jaktpila! Akkurat der ho fall ned ein gong, for hundre- eller tusenvis av år sidan.

Kven var dei?

Gjevast er det å finne eit heilt intakt våpen. Ein boge, eller ei pil med skaft, spiss og styrefjær, brukt til villreinjakt.

Dessverre består funna vanlegvis av berre fragment. Men også det gir adrenalinkick og hjartebank. Som då arkeolog Martin Callanan fann eit pilskaft av ukjent type ved sidan av ei fonn hausten 2008.

Varleg tok han det opp, ble ståande ein augneblink og sjå utover det mektige og golde fjellandskapet ved foten av Snøhetta.

– I sånne stunder blir eg overvelda av følelsar, og veldig audmjuk. Jegeren som miste pila, hadde akkurat same utsikt. Eg undrast på korleis han såg ut? Kvar han kom frå, korleis han snakka, kva han hadde på seg?

– Her dreiv fortidas jegerar jakt på same stad og i same landskap som dagens reinjegerar. Med den forskjell at rekkevidda av pil og bue maksimalt kan vere 50 meter – moderne jaktgevær ca 200 meter, seier Callanan.

Tenk kva for naturkunnskap og fabelaktige teknikkar desse jegerane måtte ha. Jo fleire spor vi finn, jo meir kan vi finne ut om dei som var her før oss.

Stadig eldre funn

Callanan arbeider ved NTNU Vitskapsmuseet. Her er verdas eldste og største samling av gjenstandar som har lege oppbevart i snøfonner og isbrear.

Det første fonnfunnet i samlinga, eit pilskaft fra Oppdal, ble oppdaga allereie i 1914.

Verksemda kom for alvor i gang på 1930-tallet, etter ein serie varme somrar og snøfattige vintrar då mange gamle gjenstandar vart samla inn. Samlinga består i dag av 170 funn, og aukar kvart år, ikkje minst på grunn av aukande snøsmelting og avrenning.

Feltarbeidet skjer for det meste i august og september. Deretter blir sesongens fangst omhyggeleg konservert for sidan å bli granska, samanlikna og vurdert for datering.

Men arkeologane er bekymra for korleis funnbildet har utvikla seg de siste åra. Kanskje er det slik at dei gamle jaktfonnene er i ferd med å gå i oppløysing og smelte bort for godt? 

Stadig eldre funn

– Dei siste åra har vi sett teikn til at det smeltar fram stadig eldre funn frå fonner på Dovrefjell. Det ser vi ved å studere tekniske trekk som utforming, dimensjonar, skaftefeste og type tre som var brukt, seier Callanan.

– Fram til 2006 kunne dei fleste funn frå snøfonner daterast til perioden 400–1700 e. Kr. Dei siste åra er det komme inn fleire funn som verkar mykje eldre enn dette. Viss det er tilfellet, kan det vere eit varsel om at det skjer noko nytt med snøfonnene, noko vi ikkje har sett før.

– Det er viktig for oss å finne ut alderen på nokre av desse nye funna. Om det er slik at stadig eldre deler av jaktfonnene smeltar tilbake, veit vi ikkje om dette blir ein gradvis prosess eller om det blir ei kaotisk nedsmelting der funn frå alle periodar plutselig dukkar fram, seier Callanan.

Steinaldersensasjon?

Georadar gjev eit innblikk i korleis snøfonnene er bygd opp, og vert brukt for å kartleggje kor mange gjenstandar som finst att i fonnene. (Foto: Martin Callanan)

Det skulle gå eit drygt år med analysar og vurderingar av nye funn, før ei prøve av det omtalde pilskaftet vart sendt til dateringslaboratoriet, saman med fem andre skaftprøver.

Callanan var usedvanleg spent, ventetida var hard.

– Enkelte detaljar på fleire av skafta tydde på at dei kunne vere svært gamle, og at vi kanskje hadde komme til pileskaft frå steinalderen. Det ville i så fall vere ein sensasjon som ville forandre korleis vi ser på nedsmeltinga av gamle jaktfonner i høgfjellet.

– På barmark i fjellet er det funne mange pilspissar av stein og metall. Men i lågfjellet har skaftet som regel gått i oppløysing. Derfor veit vi lite om korleis steinalderens jaktvåpen og særleg pilskaft såg ut. Dersom skaftet viste seg å være frå steinalderen, ville dette gi oss nye innsikter i tidlegare fasar av pil- og bogeteknologi, utdjupar Callanan.

Endå tre månader gjekk før det endeleg vart klart at funna ikkje var så gamle som arkeologane kunne ha håpa. Eller frykta.

Dateringa fastslo at fleire av pilskafta var frå eldre bronsealder (1800–1200 f. Kr.). Vitskapsmuseet har eldre fonnfunn enn det, men Callanan har fått svar på mange andre spørsmål og er storfornøgd.

Systematisk smelting

Resultatet styrkar dessutan mistanken om at det går føre seg ein systematisk prosess i fonnene, som gjer at funna dukkar opp i ein slags baklengs kronologisk rekkefølgje.

Dei nye dateringane bekreftar andre dateringar og observasjonar som er gjort dei siste åra, og indikerer at det skjer ei smelting av gamle horisontar innanfor jaktfonnene i år med spesielle vêrtilhøve.

Ein kan uroe seg over at stadig eldre is smeltar i det norske høgfjellet, og at gamle arkeologiske funn dermed kan gå tapt. Men situasjonen er ikkje håplaus.

– Nedsmeltinga ser ikkje ut til å vere ein kaotisk kollaps. Det gir oss tru på at med eit godt forvaltingsopplegg på plass, i tillegg til kunnskap, erfaring og støttespelarar i regionen, er vi godt rusta til å redde mange fleire unike funn frå høgfjellet i åra framover, seier Callanan.

Jakt i 5000 år

Historia om høgfjellets jaktteknologi er lang. Kvar periode har si form og sine eigne tekniske detaljar. Skafta vart først laga av heile greiner, så av tilverka stavar.

Etter kvart blir pilspissane tyngre, skafta kraftigare – og bogane blir større. Utviklinga av skaft og boge har vore tett samanknytta.

Det tidlegaste provet på fonnjakt i det norske høgfjellet er ein 5000 år gamal steinspiss funne ved ei fonn på Oppdal i 2003. Det er vanskeleg å seie når fonnjakt vart ein regelmessig aktivitet.

Men dei nye dateringane er eit viktig bidrag til kunnskapen om fonnjaktas tidlegaste fasar. Nå veit arkeologane at fonnjakt var godt etablert allereie i eldre bronsealder.

Og dei daterte funna avslører interessante tekniske detaljar om datidas jaktteknologi.

– Sjølv om fleire av skafta viser seg å vere frå bronsealderen, har dei truleg også hatt ein steinspiss. Det ser vi av forma på enden av skaftet, seier Callanan. 

Overraskingar i vente

Vitskapsmuseet har verdas eldste og største samling av gjenstandar frå snøfonner og isbrear. Det er mest våpen brukt til villreinjakt. Funna syner at kvar tidsperiode har si form og sine eigne tekniske detaljar. (Foto: Kari Dahl NTNU/Vitenskapsmuseet)

I tillegg til spissar av stein vart også beinspissar brukt på piler gjennom lange periodar i forhistoria, truleg frå steinalderen og fram til jernalderen. Fleire beinspissar er også funne ved snøfonner i regionen.

Når vi kjem til jernspissane, kan det i enkelte periodar sjå ut som om produksjonen har vore nesten standardisert. Spissane har eit formspråk som er felles over store område.

Dei eldste jernspissar frå fonner er frå 400-talet, det vi i dag kallar folkevandringstida.

I løpet av 400-talet dukkar det opp ei ny skaftform saman med jernspissane, som er heilt ulike standardskaftet frå denne perioden. Skaftet har ein tydelig knapp det den treff bogestrengen.

– Vi undrast på samanhengen. Kom den med nye innvandrarar, eller vart den innført som handelsvare? Vi trur at denne skafttypen kan ha kome sørfrå sidan dei næraste liknande funn er gjort i Danmark i same periode, fortel Callanan.

Denne forma forsvinn i starten av 600-talet like plutselig som ho kom.

Armbrøst

I løpet av seinmiddelalderen vart pil og boge avløyst av armbrøstteknologi, nok ei utvikling som resulterte i store endringar i pilskaftas form og storleik. Krutvåpen kom i bruk i løpet av 1700-talet.

– Fonnene i høgfjellet er den viktigaste kjelda vi har for kunnskap om jaktteknologiens utvikling i fortida. Og storparten av den kunnskapen her i landet stammer frå fonnfunn nettopp i Midt-Noreg, framheld Callanan.

– Og når det ser ut til at stadig eldre horisontar no smeltar, kan vi venter oss meir ny kunnskap og overraskingar i åra som kjem. Kanskje finn vi snart noko anna enn pilspissar?

Ein ny Ötzi?

Meir enn 20 fonner spreidd på Dovrefjell, Trollheimen og Sunndalsfjella har vist seg å skjule gamle funn, og arkeologane trur det stadig kan vere mange gjenstandar der.

Og kven veit, kanskje dukkar det fram saker og ting som er mykje meir interessant enn jaktvåpen. Til dømes berereiskap, klede og sko – eller til og med eit menneskelik?

Like godt bevart som Ötzi, den meir enn 5000 år gamle mannen som vart funne i Alpane i 1991?

Callanan er med på tanken om at ingenting er umulig:

– I mange høgfjellsområde i Noreg har vi dei naturforholda som er nødvendige for at eit slikt funn ville bli bevart i god stand. Samtidig veit vi at menneske har opphaldt seg i ulike høgfjellsområde heilt sidan busettinga tok til etter istida.

– Så ein skal aldri si aldri. Men det må ein god porsjon flaks til for å kome over eit slikt funn, sier Callanan.

Fonnradar

Vitskapsmuseet har bygd opp ein kompetanse innanfor arkeologisk geofysikk. Det vil seie at geofysiske metodar blir brukt til å identifisere og kartleggje arkeologiske gjenstandar, strukturar eller konstruksjonar som ligg under bakken.

I dette tilfellet snakkar vi om snø og is. Ein georadar tilpassa til snøfonnarkeologi er nyleg utvikla ved NTNU. Gjennom han har forskarane for første gang fått innblikk i korleis snøfonnene er bygd opp. Radarbileta viser strukturar av lag på lag med snø og is.

Callanan har store forventingar til denne teknologien.

– Vi håper å utvikle teknikkar som kan hjelpe oss å kartlegge kor mange gjenstandar som er att i fonnene. For framtidig forvalting vil det være av stor verdi å vite om ei enkel fonn inneheld fem eller tusen funn. Vi kan også i framtida sjå kor gjenstandane har samla seg, og om dei ligg i fleire sjikt.

Han legg til at georadar berre er til hjelp for å finne metall. Det betyr at dei må leite på gammalmåten for å finne gjenstandar av anna materiale.

Ser snøen som forsvann

På eit anna NTNU-kontor sit naturgeograf Geir Vatne og studerer 3D-kart over eit område av Trollheimen som Callanan leter i.

Vatne ser på landformene. Om lag 100 meter utanfor snøfonna ser han ein tydeleg morenerygg, som syner isbreens største utbreiing etter siste istid. Det golde landskapet har store fordjupingar og groper som er spor etter snøfonner eller brear som er blitt borte.

– Enkelt forklart er forskjellen på fonn og bre at snøfonna ligg i ro, medan breen er i stadig rørsle, seier Vatne.

Naturgeografen og snøfonnarkeologen har gjensidig nytte av kvarandre. Geografen vil forstå prosessane som former landskapet, korleis klimaet påverkar isbreanes størrelse og temperatur, og kva isbreanes utbreiing kan fortelje om klimaet i fortida.

Strukturen på snø og is og landformene rundt breen fortel kor og når det har vore issmelting, når og korleis breane har vakse og minska, og om dei er eller har vore frosne fast til underlaget.

Mellom moreneryggen og fronten på isbreen ser forskaren tydelege parallelle striper i morenematerialet.

– Dette syner at breen ikkje har vore frosen fast til underlaget, men at det har vore vatn til stades og at breen har glidd over underlaget, forklarer Vatne.

Dette medverkar til å forstå klimaendringar og korleis det vi no vil kalle ei snøfonn, i eit anna klima var en isbre. Slik informasjon vil hjelpe arkeologen med å forstå konteksten for funna.

Rekonstruerer funnstaden

Vatne studerer no fonner og brear mellom Oppdal og Sunndalsfjella for å finne ut om moreneryggane stammar frå slutten av siste istid, eller om dei er frå «den vesle istida» – det vil seie om dei er 10 000 eller berre 250 år gamle.

Datering av arkeologiske funn gir geografen mykje informasjon om alderen på snøfonna. Til gjengjeld kan geografen fortelje om snøfonna på den tida var ein isbre som rørte seg, og om korleis klimaet var då jegeren var der. Og kanskje også kvifor staden var ein attraktiv plass for reinjakt.

Geografen kan og rekonstruere meir nøyaktig kor pila fall. Om ho har vore i ein isbre, har pila blitt flytta på. Men viss ho heile tida har lege i ei snøfonn, har ho lege på akkurat same stad som ho i si tid vart mista.

Forskjellen på bre og fonn kan bokstaveleg talt være glidande og vanskeleg å bestemme. Geografikunnskapen hjelper på forståinga av dette.

Amatørane frå Oppdal

Dei aller fleste fonnfunn i Midt-Noreg er gjort av lokalbefolkning, turgåarar og jegerar. Interessa for det som dukkar opp «når snøen forsvinn», er formidabel, og Oppdal har lenge hatt ei eiga gruppe fonnsamlarar.

Til amatørar å vere er dei usedvanleg profesjonelle. Før brukte dei ofte å bere heim pilene dei fann, i geværløpet. Nå tek dei med seg spesielt tilpassa emballasje og er nøye med å dokumentere funna sine gjennom fotografering og GPS-målingar.

Både gjenstandane og opplysningane dei samlar inn er svært viktige for det vidare arkeologiske arbeidet med funna.

– Arbeidet dei gjer, tilsvarer mange årsverk med gåing og leiting, og det er vanskeleg å sjå korleis vi skulle ha fått til dette utan deira innsats, seier Callanan.

– I tillegg bruker vi lokale kjelder for å få hjelp til å legge opp ruter, finne overnattingsplassar og andre praktiske detaljar. Dei er ganske enkelt ein uvurderleg ressurs og sjølve ryggraden i snøfonnarkeologien i regionen!

Powered by Labrador CMS