– Etter kvart som eg las det Furtwängler har skrive forstod eg at dette er mykje meir enn berre musikk. Med hans virke under nasjonalsosialismen i Tyskland, og dei opptaka som blei gjort under den tida, følte eg at når han dirigerte så kjem heile det menneskelege dramaet mellom det gode og det vonde fram, fortel forskar.  (Foto: German Federal Archives / CC BY-SA 3.0)
– Etter kvart som eg las det Furtwängler har skrive forstod eg at dette er mykje meir enn berre musikk. Med hans virke under nasjonalsosialismen i Tyskland, og dei opptaka som blei gjort under den tida, følte eg at når han dirigerte så kjem heile det menneskelege dramaet mellom det gode og det vonde fram, fortel forskar. (Foto: German Federal Archives / CC BY-SA 3.0)

Dirigenten som blei fanga i Hitlers klør

Den tyske orkesterleiaren Wilhelm Furtwängler var ein omstridt figur. Men sjølv om han blei nytta som eit verktøy for naziregimet, lukkast han med å få fram musikkens venleik som ei kraft for det gode, meiner forskar.

Publisert

Wilhelm Furtwängler var ein tysk dirigent og komponist. Under Andre verdskrig blei han verande ein leiande dirigent i Tyskland under naziregimet. Da Nazi-Tyskland fall, blei han arrestert, men ifølgje Store norske leksikon, varte karantenen berre til 1947, da det kom fram at Furtwängler var motstandar av nazismen og hadde blant anna konfrontert makthavarane ved fleire anledningar. 

Men korleis kan vi vurdera arbeidet til dirigenten i dag? Skal vi ha den politiske konteksten i bakhovudet, eller kan vi nyte musikken slik han står for seg sjølv?

Stipendiat Henrik Holm har etter mange år i Tyskland, først som aktiv slagverkar og seinare som teolog og filosof, funne vegen tilbake til Norge og disputerte nyleg med sin avhandling om Furtwänglers fortolkingar. 

– Meir enn berre musikk

I avhandlinga tek han både føre seg døme på opptak av Furtwängler sine fortolkingar av ulike verk av Beethoven og Brahms, og orkesterleiaren og komponisten sine tekstar om interpretasjon, musikkhistorie, estetikk og meir.

Henrik Holm er stipendiat ved Norges musikkhøgskole. (Foto: NMH)
Henrik Holm er stipendiat ved Norges musikkhøgskole. (Foto: NMH)

– Etter kvart som eg las det Furtwängler har skrive, forstod eg at dette er mykje meir enn berre musikk. Med hans virke under nasjonalsosialismen i Tyskland, og dei opptaka som blei gjort under den tida, følte eg at når han dirigerte, så kjem heile det menneskelege dramaet mellom det gode og det vonde fram, fortel Holm entusiastisk.

Nettopp på grunn av Furtwänglers virke under naziregimet i Tyskland er han ein omstridt kunstnar. Hans val om å bli igjen prega både hans live og virke, og ikkje minst ettermælet.

Sjølv såg ikkje Furtwängler seg som ein politisk kunstnar. Holm ser både Furtwängler som kunstnar og person som interessant, men også fenomenet og dei ulike, betente problemstillingane som følger er eit tiltalande tema for ein filosof.

– Det er naturleg nok ein vanskeleg historisk og estetisk problematikk å gå inn i. Men nettopp å dykke inn i dei tunge problemstillingane som følger med er noko av det mest spennande med dette prosjektet frå eit filosofisk perspektiv. Spørsmålet oppstår: Kan eg skyve unna dei historiske aspekta og gi meg hen til musikken, eller må eg heile tida ha eit kritisk medvit med meg og formidle det heile med eit distansert forhold til han, forklarar han.

Interpretasjonskunst

Utfordringa blei å utvikle ein metode som foreina både dei historiske og kunstnarlege aspekta ved Furtwängler. I avhandlinga er der eit kapittel om Furtwängler i si samtid, medan hovudfokuset går på filosofisk analyse av tolkingane og tekstane til orkesterleiaren.

– Metodisk har eg behandla tekstane og dei musikalske fortolkingane som ei samla eining. Thomas Mann sitt omgrep «interpretasjonskunst» samanfattar det heile veldig godt. Det er ein kunst å interpretere musikk [fortolke og framføre på sin måte, journ.anm.], men det hindrar ikkje at det også er eit tankearbeid. Det tankearbeidet kjem fram gjennom Furtwänglers tekstar, og i prosessen har eg sett på det indre vekselspelet mellom teori og praksis, forklarar Holm.

Gjennom å lytte til musikken og fortolkingane til Furtwängler høyrer ein også mykje av tragedien og spenninga som pregar menneskeleg eksistens på det mest ekstreme, meiner Holm.

– For Furtwängler er tanken om at kunsten integrerer all negativitet, transformerer han til eit vakkert uttrykk svært viktig. I hans fortolkingar av Brahms finn eg også sterke glimt av von, fortel han.

Intuitiv og skapande filosofi

Holm ser ei framtid for seg sjølv som musikkfilosof og meiner at der er ein tett samanheng mellom musikken og filosofien, og at desse rørslene har mykje å gi kvarandre.

– Å samle alle dei ulike impulsane som kjem frå både historia, musikken, filosofien og meg sjølv til eit heilskapleg inntrykk har vore noko av det mest spennande med dette prosjektet. Som lyttar og filosof må ein ta i bruk kreative, intuitive evner for å attskape og skildre Furtwänglers univers.

I likskap med kunsten ser han soleis også filosofien som eit intuitivt og skapande virke, og vonar at musikarar og musikkstudentar vil finne avhandlinga relevant for sin kvardag.

Filosofen er også aktuell med boka «Å tolke musikk», skrive i samarbeid med Morten Carlsen.

Referansar:

Holm, H.: Musikkens Logos. Et hermeneutisk forsøk over Wilhelm Furtwänglers interpretasjonskunstAvhandling ved Norges musikkhøgskole. (2017)

Svendsen, T.O: Wilhelm FurtwänglerStore norske leksikon. (2016)