Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

Arkeolog Morten Ramstad og forfattaren og filologen Bergsveinn Birgisson undersøker ei tuft frå vikingtida på Strandir på Island.

Forskarar fryktar at klimaendringane kan vaske vekk spor etter steinalder og vikingtid

Det hastar å få oversikt over sårbare kulturminne langs den vêrharde kysten av Atlanterhavet.

Nye arkeologiske utgravingar tyder på at ytterkysten av Noreg er rik på lite utforska historiske spor etter menneskeleg aktivitet. Mange av desse kulturminna skriv seg frå perioden rett etter siste istid.

– Allereie for 11.000 år sidan ferdast norske sjønomadar ytst i havgapet og hausta av havet under ekstremt tøffe forhold. Dei var båtkunnige og fiska og jakta sel og andre marine pattedyr. Dei hadde eit maritimt levesett vi ikkje har så mykje kunnskap om frå andre delar av Europa i steinalderen, seier arkeolog Morten Ramstad.

Ramstad er sjef for fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen og har dei siste åra leia utgravingar på vestkysten av både Noreg og Island.

No er han redd for at dei pågåande klimaendringane ikkje berre truar framtida vår, men òg viktige spor etter fortida.

Morten Ramstad klar for ein ny sesong med utgraving på Hjartøyna.

Fann elleve steinalderbuplassar på knøttlita øy

Eit unikt utgravingsprosjekt på Hjartøyna i Øygarden vest for Bergen gir ein peikepinn om kor omfattande spor etter fortida som no står i fare for å gå tapt.

Arkeologar har sett seg føre å gå opp alle spor etter menneskeleg aktivitet på øya.

Masterstudent Janne Lande ved Universitetet i Bergen held her sylkvasse flintfliser og gjenstandar i handa. Ho fann dei på ein buplass tilhøyrande dei første menneska som koloniserte norskekysten for bortimot 11.000 år sidan.

– Det betyr at vi kartlegg 11.000 år med busetjing, fangst, fiske og annan aktivitet. Vi saumfer Hjartøyna etter spor heilt frå dei fyrste pionerane kom til norskekysten i starten av eldre steinalder og fram til plasten som rek i land på strendene i dag, seier Ramstad.

Utgravingane starta i 2020, og sjølv om øya berre er ein flugelort på kartet – knapt ein kvadratkilometer stor – er det allereie avdekt elleve buplassar frå steinalderen.

Dei eldste spora etter menneskeleg aktivitet på øya er altså om lag 11.000 år gamle. Ramstad fortel at det er snakk om mellom anna pilspissar og flintavslag frå reiskapsproduksjon.

Funna kan knytast til sjønomadar, fangstfolk som truleg ikkje heldt til på faste buplassar, men som flytta frå stad til stad etter kor ressursane fanst.

– Det at dei heldt til heilt ytst på kysten, tyder på at seljakt var særleg viktig for dei. Selen gav både skinn, spekk og kjøt. Sjønomadane hadde truleg skinntrekte båtar, og vi veit at dei var utruleg mobile, seier han.

Same type reiskapar frå same periode av steinalderen er funne heile vegen frå Finnmark til svenskegrensa i Oslofjorden. Det betyr at både folk og kunnskap reiste raskt langs kysten.

Viktige funn frå vikingtida

På Hjartøyna er det òg funne heile trettiåtte hustufter og ni båtopptrekk frå seinare periodar. Dei fleste frå vikingtida.

– Mange av tuftene er såkalla strandtufter, små hus eller buer nytta til vinterfiske og fangst, seier Ramstad.

Dei eldste buene var i bruk allereie i eldre jernalder, for meir enn 1.600 år sidan.

Så er det ei klar auke i aktiviteten i vikingtida (750-1050 e.Kr.), før tuftene går ut av bruk i tidleg mellomalder (1050-1130 e.Kr.).

Ramstad fortel at avviklinga truleg har samband med etableringa av kommersiell tørrfiskhandel og Lofotfisket.

Han karakteriserer funna som viktige:

– Det er undersøkt svært få slike tufter i Noreg. Difor har vi mangelfull kunnskap om dei. Strandtuftene ligg vanlegvis samla i små grupper, og no finn vi altså ein av dei største konsentrasjonane i landet nettopp i Søndre og Nordre Hjartøyvågen. Det er to beskyttande viker som går rett ut i storhavet frå den eksponerte vestsida av Hjartøyna, fortel han.

Oljerøyrgata til Stureterminalen går tvers over Hjartøyna og rett over ein buplass frå steinalderen.

Unikt vindauge mot fortida

Kor mykje strandlinja har endra seg sidan siste istid, varierer veldig frå region til region. Inst i Oslofjorden har det høgste havnivået til dømes vore over 200 meter høgare enn i dag.

På vestkysten av Noreg har eit heldig samanfall av landhevinga og endringar i havnivået, ført til at strandlinja har endra seg lite på tusenvis av år.

Landheving er det som skjer når land hevar seg etter at trykket frå isen forsvinn.

– Det gjer Hjartøyna til eit unikt vindauge mot fortida. Landskapet i dag er mykje det same som det steinaldermenneska såg utover. Ei god vik for tusenvis av år sidan er framleis ei god vik i dag. Til samanlikning vil det som var kystnære buplassar langs Oslofjorden i steinalderen, ligge høgt oppe og langt frå kysten i dag. Andre stader i Europa kan slike buplassar ligge under vatn, forklarer Ramstad.

No kan klimaendringane altså lukke dette vindauget.

– Vi kjenner fleire døme på kulturminne som er heilt eller delvis skylte på havet før dei er undersøkte. Det gjeld både gravrøyser i Vest-Noreg og spor etter norrøne fangstplassar på Island. Faren er at vi går glipp av viktige kjelder til ein del av noregshistoria som har fått lite merksemd, nemleg den som handlar om livet på den vêrharde ytterkysten, seier Ramstad.

Flintskive brukt som skrapar, framleis skarp etter meir enn 10.000 år i jorda.

Vikingtida i nytt lys

Fornminneleiaren meiner at meir omfattande arkeologiske undersøkingar av ytterkysten kan gje ny kunnskap om dei lange linjene i utnytting av marine ressursar, tilpassing til klimaendringar og utvikling av marin teknologi.

Han trur dessutan at det å kaste nytt lyst over kysthistoria kan gjere den plutselege norske ekspansjonen i vikingtida litt meir forståeleg.

Ramstad er neppe den einaste som synest vikingtida kjem litt brått på i noregshistoria. Det er som om Noreg over natta rykka opp i den marinteknologiske elitedivisjonen og gjekk frå å vere periferi til å setje skrekk i store delar av Europa.

– Eg trur det gjev meir meining å sjå vikingtida som ledd i ei utvikling som hadde gått føre seg lenge, der havet batt saman og ikkje skilde, og der langsiktig utvikling leidde til god navigasjonskunnskap og eminent båtteknologi med raske skip og store segl, seier Ramstad og legg til:

– Her på vestkysten av Noreg vart det utvikla teknologi, tankegang, økonomi og logistikk som må ha vore avgjerande for ekspansjonen vestover i vikingtida.

Han seier at for å få eit betre bilete av denne prosessen, må vi få betre oversikt over dei kulturelle spora som finst. Det må starte med det mest sårbare, nemleg kulturminne langs ytterkysten som hittil ikkje er undersøkte.

Vikingane beherska det ville vinterlandskapet på Strandir nordvest på Island til fingerspissane. Her dreiv dei fangst og fiske vinterstid.

Sogelesing med bondebriller

Eit tema som har fått mykje merksemd i norsk historieskriving – og ein viktig plass i norsk nasjonalkjensle – er landnåmstida, folkesettinga av Island frå Noreg frå 870-talet.

– Tradisjonelt vert denne ekspansjonen forklart med folkevekst og behovet for meir dyrkbar jord. Men eg trur det skuldast at vi har lese islandssogene med bondebriller på. Jakta på marine ressursar har nok vore langt viktigare enn historiebøkene gjev uttrykk for, seier Ramstad.

Dei siste åra har han gjort utgravingar på Island saman med det islandske arkeologiske instituttet (Fornleifastofnun Íslands). Utgravingane har vore konsentrerte om Strandir nordvest på Island, eit område som er godt kjent frå sogelitteraturen.

Området er kupert og goldt og lite eigna for landbruk. Men det har gode hamnar, rikt fiske og gode moglegheiter for fangst av marine pattedyr og for innsamling av ærdun.

– Kjeldene til kunnskap om landnåmet på Island er primært gardar som dreiv med husdyrhald og til liks med i Noreg er det undersøkt svært få stader med klar maritim orientering, sier han.

Ramstad meiner undersøkingane på Strandir kan bidra med viktig materiale som vil gje eit breiare og meir nyansert bilete av livet i landnåmstida.

Han fortel at arkeologane allereie har funne mange spor frå landnåmstida, mellom anna etter fangststasjonar og oljegroper som vart brukte til utvinning av olje frå sel og kval.

Beinrestar frå marine pattedyr vert no DNA-analyserte for å finne ut kva artar landnåmsfolket jakta på.

Arkeologistudentar i arbeid på Hjartøyna. Sjølv om øya berre er 0,8 kvadratkilometer, er arbeidet tidkrevjande når kvar stein skal snuast.

Unikt tilbod til arkeologistudentar

Utgravingane på Hjartøyna er ikkje berre forsking, men også eit unikt utdanningstilbod til arkeologistudentar på Universitetet i Bergen.

I løpet av tre år har om lag 45 masterstudentar prøvd ut ulike arkeologiske metodar i praksis. Dei har tatt stikkprøvar gjennom torvmyra som har lagt seg over berget; dei har grave, bore, vaska og sila og lært noko alle innan faget veit: Arkeologi er både fysisk hardt arbeid og filigransarbeid i rikt monn.

Dei har brukt karbondatering for å fastslå kor gamle ting er, og dei har lært om strandlinjekurver – altså om korleis ein nyttar kunnskap om geologi og vegetasjon til å finne ut korleis havnivået og dermed også strandlinja har endra seg gjennom tusenåra.

Sidan utgravingane ikkje konsentrerer seg om ein bestemt historisk periode, men har som mål å dokumentere all menneskeleg aktivitet på øya, får studentane også innblikk i samtidsarkeologi.

– Vi dokumenterer spor etter det rike sildefisket frå 1930-talet og ser på følgjene av at havet plutseleg vart tomt for sild på grunn av overfiske på 1960-talet. Vi ser på nokre av dei tidlegaste døma på fiskeoppdrett i Noreg og på korleis røyrgatene til Stureteminalen, som går rett over ein gamal steinalderbuplass, pregar øya, seier han.

Utgravingane på Hjartøyna har avdekt fleire båtopptrekk frå vikingtida. Øvst: Slik kan eit av dei ha sett ut rundt 870, heilt i starten av landnåmstida. Nedst: Den same vika i 2022. (Foto: Ragnar Løken Børsheim / Universitetsmuseet i Bergen)
Foto frå 2021 av steinalderfunnstad på Hjartøyna og rekonstruksjon av korleis buplassen kan ha sett ut for 11.000 år sidan. Då sto vatnet berre elleve meter høgare enn i dag. (Foto: Ragnar Løken Børsheim / Universitetsmuseet i Bergen)

Ei historie om tilpassing

I dag forbind dei fleste tørrfisk med Lofoten, men ifølgje fleire forskarar kan det ha vore tørrfiskproduksjon i Øygarden til inn på 1200-talet.

– Vi veit at skreien tidlegare gjekk lenger sør, og sjølv om klimaet var våtare og mildare og tørkeforholda dårlegare enn i Lofoten, var nok tørrfisken viktig for hushaldet på Vestlandet. Han var òg truleg nødvendig basismat for lengre sjøfart, forklarer Ramstad.

Etter kvart som arkeologane gjer fleire funn langs kysten av Noreg, vert det tydelegare at det framleis er hol å tette i den over 11.000 år gamle historia om folket i Noreg.

– For meg vert det stadig tydelegare at denne historia meir enn noko anna handlar om det komplekse samspelet mellom menneske, maritim meistring, hav og samfunn. Både i nær og fjern fortid har forfedrane våre tilpassa seg store endringar i klima og ressurstilgang. Spørsmålet er om vi i dag kan handtere klimaendringane vi står overfor på ein like overtydande måte, undrar Ramstad.

Fakta om 14C-datering

  • Kosmisk stråling frå verdsrommet som treffer nitrogenatom i atmosfæren, skapar radioaktive karbonatom (14C).
  • Alle plantar tar opp radioaktive karbonatom så lenge dei veks, og dyr og menneske får dei i seg gjennom å ete plantar eller dyr som har ete plantar.
  • Mengda 14C i levande organismar speglar mengda 14C i atmosfæren, som vert rekna som konstant.
  • Når organismane døyr, startar nedbrytinga av 14C. Nedbrytingstida er kjend – mengda vert halvert kvart 5.730 år – så ved å måle kor mykje 14C som er att i organisk materiale som til dømes tre, dyrebein eller menneskehår, kan ein anslå kor lenge det er sidan organismen var i live.
  • Difor kan 14C-datering av til dømes trekol frå ei gamal kokegrop gje ein god indikasjon på kva tid gropa vart brukt.
Powered by Labrador CMS