Kunsten å sno seg

Norske adelskvinner i seinmellomalderen hadde inga formell makt. Men dei visste å ta hand om sine interesser.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjon: Aud Lilleengen)

Ikkje fekk dei embete. Ikkje kunne dei føre rettssaker på eiga hand. Og ikkje kunne dei utan vidare handle med gods og gull. Endå dei tilhøyrde adelen.

Det var i det heile tatt mykje norske kvinner ikkje kunne gjere i seinmellomalderen – det vil seie åra mellom 1350 og 1550. Iallfall ikkje viss dei var gifte. Og det var jo dei fleste.

Så sat dei vel der då, bundne på hender og føter, usynlege og rollelause i det offentlege rom?

Det er ikkje urimeleg å tru – og det har vore den «offisielle» historia.

Men no har Randi Wærdahl gått til dei skriftlege kjeldene. Ho har funne ei anna historie:

– Mange norske adelskvinner var rett så aktive. Dei dreiv forretningar i stort omfang og utøvde samfunnsmakt på mange vis, kan historikaren fortelje.

Unytta materiale

«Mange» er her eit relativt omgrep. I heile landet budde kanskje 200 000 menneske på den tida. Adelen utgjorde berre ei lita handfull, og ikkje alle adelskvinner har sett spor etter seg heller.

Då som no: Det fanst aktive damer, og det fanst passive damer.

Så Wærdahls materiale er om lag 30 kvinner som levde i siste halvdel av 1400-talet og første halvdel av 1500-talet. Felles for dei er at dei var aktive godseigarar som handla med eigedom, og at det finst skriftlege spor etter dette.

Spora finst først og fremst i gamle brev, rekneskapsbøker, lover, rettsdokument og eigedomsdokument – mykje av det samla i arkiv hos Kongens kanselli i København.

– Men materialet har til no nesten ikkje vore nytta, seier Wærdahl.

Nettverk – ei gamal oppfinning

Foreløpig har forskaren sett mest på dei kvinnene som var gift, der ekteparet sat med store godskompleks og mange gardpartar.

– Så mykje eigedom var eit enormt apparat å administrere, minner Wærdahl om.

– Mange kvinner var sikkert heilt uinteressert og lét ektemannen ta seg av alt. Men eg har funne fleire som var tungt inne i godsforvaltinga og som dreiv med eigedomshandel i stor stil, åleine eller i kompaniskap med mann og eventuelle søner. Dei var også aktive i alle kranglane og rettstvistane som følgde med.

Korleis kunne dette skje i ei tid der ei kvinne var utestengd frå dei formelle maktarenaene?

Svaret er nettverk.

Dei flinkaste damene gjorde nettverksbygging til ein kunst. Der fanst slekt og vener, grannar og tilsette, representantar for både kyrkjeleg og verdsleg makt.

Ho som visste å nytte desse kontaktane, og samstundes sjølv hadde tenester å tilby, kunne sno seg fram langs dei fleste veger.

– Men også for desse kvinnene var det viktig å ha ein ektemann med nok politisk og sosial tyngd til å stå imot press og til å representere ho i rettssaker. Han var den aller viktigaste personen i kvinnas nettverk, påpeikar Wærdahl.

Fru Inger – den barskaste av alle

Reint juridisk hadde ei kvinne likevel størst fordel av å vere enke. Då fekk ho råderett over eige gods og trong ingen mann til å representere seg. Nokre adelskvinner føretrakk derfor enkestanden etter å ha slite ut ein ektemann eller to.

Iallfall om dei hadde solide nettverk.

Den mest kjende enka frå denne tida er Ingegerd Ottesdotter Rømer, også kalla fru Inger til Austrått. Så lenge ektemannen levde, var ho anonym. Men då han døydde i 1523, markerte ho seg raskt som godseigar.

Ved hjelp av arvegods og anna gods ho tileigna seg, vart ho landets rikaste og mektigaste av sitt kjønn. Ho låg i evige rettstvistar og kasta seg også ut i det rikspolitiske spelet. 

Etter fru Inger finst om lag 100 brev – frå ho, til ho, eller om ho. Det er eit stort materiale, og Wærdahl har konsentrert ein del av forskinga si rundt den mektige frua på Austrått-borgen og nettverka hennar.

Fru Inger hadde ein finger med i mangt eit spel, og direkteliner til både adels-, konge- og kyrkjemakt. Ho brukte sine kontaktar for kva dei var verd, også for å hjelpe andre, og gjekk ofte intrikate omveger for å utøve press og påverknad.

– Det mest påfallande er likevel kor lite ho brukte nettverket sitt, seier historikaren.

– Rett nok hadde ho seks danske svigersøner i nøkkelposisjonar å støtte seg på. Men truleg hadde ho sjølv også ein så sterk posisjon og så mange ressursar at ho oftast ikkje trong bruke nettverket.

Når menn skriv historia

Mange hadde mykje vondt å seie om fru Inger, kanskje med god grunn. Motstandarar – mannlege som kvinnelege – mobiliserte sine nettverk for å få has på ho. Men at ho var kvinne, var sjeldan tema. Sjølv ikkje i brev som elles svertar ho grovt, blir kjønnet brukt mot ho.

Ettertidas syn på fru Inger er at ho var litt av eit hespetre. Eit grådig og maktsjukt kvinnfolk som brukte ufine metodar.

– Vi skal hugse på at mesteparten av fru Inger-forskinga vart utført av menn på 1800- og tidleg 1900-tal. Det var ei tid da norske kvinner på fleire område hadde færre rettar enn i seinmellomalderen.

– Historikarane var prega av tidas kvinnesyn. Dei måtte jo synest at ho var ei aggressiv og pågåande dame. Og haldningane etter dei har levd vidare heilt til i dag, meiner Wærdahl.

Lite utforska

Wærdahl er berre i byrjinga av eit større prosjekt. Ho vil finne ut meir om samspelet mellom ulike sosiale sjikt i seinmellomalderens Skandinavia.

Særleg vil ho kartleggje adelskvinnenes posisjon og maktutøving – kva for ei rolle dei hadde i tidas økonomiske, juridiske og politiske spel. Kva ønska dei å oppnå; kva hadde dei av ressursar; korleis danna og brukte dei nettverk – og kvifor ønska dei makt?

– Det har ikkje vært forska stort på denne perioden i det hele tatt, her til lands. Og endå mindre på kvinnene, seier Wærdahl.

– Det kan ha å gjere med at historie tradisjonelt har vore eit mannsdominert fag. Dermed har myta om den makteslause mellomalderkvinna fått bestå.

Powered by Labrador CMS