Korallrev klarar seg betre enn frykta

Nokre korallartar blir vinnarar når andre tapar på grunn av klimaendringar, viser studie av Great Barrier Reef i Australia. Norsk ekspert er likevel bekymra for dei norske korallreva.

Ei omfattande studie av korallartar på Great Barrier Reef i Australia tyder på at trusselen frå klimaendringar og havforsuring ikkje er like ille som ein tidlegare har trudd. (Foto: ARC Centre of Excellence)
Ei omfattande studie av korallartar på Great Barrier Reef i Australia tyder på at trusselen frå klimaendringar og havforsuring ikkje er like ille som ein tidlegare har trudd. (Foto: ARC Centre of Excellence)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Dette er korallrev

Rev bygd opp av kalkskjelett; hovudsakleg frå korall, men også frå andre organismar med kalkskal (som kalkalgar).

Det fins tre typer korallrev: Kystrev, Barriererev og Atollar.

Korallreva er svært produktive økosystem, og kjent for sitt rike og varierte dyreliv.

(Kjelde: Store Norske Leksikon)

Havforsuring

CO2-utsleppa medverkar ikkje berre til global oppvarming ved å auke drivhuseffekten, dei fører også til havforsuring.

Dette skjer fordi havet tar opp i seg enorme mengder CO2, om lag ein firedel av alt som finst i atmosfæren.

Når CO2 er tatt opp i havet, reagerer det med vatnet og dannar karbonsyre som gjer at vatnet blir surare.

Utslaga blir større i Arktis enn nokon annan stad på kloden på grunn av eit komplisert samspel mellom havkjemi, temperatur og havstraumar.

Verknadene er langsiktige. Viss alle menneskeskapte utslepp av CO2 blei stansa i dag, vil det ta 100.000 år før pH-verdien er tilbake på eit førindustrielt nivå.

(Kjelde: IFM-Geomar, Bjerknessenteret for klimastudier / NTB)

Eit internasjonalt team av forskarar har utført den hittil største undersøkinga av korleis klima og havforsuring verkar inn på samansetninga av korallrev.

I studien har forskarane undersøkt heile Great Barrier Reef, verdas største system av korallrev.

– Dei gode nyhendene frå denne studien, er at det no ser ut til at fullstendig utsletting av korallrev på grunn av temperatur og pH åleine er lite sannsynleg, seier professor Terry Hughes i ei pressemelding. Hughes er direktør ved ARC Centre of Excelence for Coral Reef Studies ved James Cook University.

 

_______________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS