Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

Folgefonna smeltar i rekordfart. Kartlegging av landskapet under isen er viktig for å forstå korleis vassvegane vil endre seg når breen blir mindre.

Her blir det nye innsjøar, elvar, dalar og toppar

Forskarar har kartlagt terrenget under Folgefonna, Noregs tredje største isbre. No kan dei fortelje korleis landskapet truleg blir når isen smeltar.

Folgefonna er den sørlegaste av dei store breane på fastlands-Noreg. Sidan 2011 har forskarar frå Bjerknessenteret og Institutt for geovitskap arbeidd med å kartlegge landskapet under breen.

Målet er å finne ut kva som skjer når breen no smeltar i rekordfart og ein gong i framtida vil forsvinne heilt. Smeltinga kan føre til store omleggingar av elvesystema kring breen: Dette vil ha konsekvensar for kraftproduksjon, tilstrøyming av ferskvatn til fjorden og for livet i vassdraga.

– Topografien under breen var overraskande variert. Isen skjuler både djupe dalar og bergtoppar. Breen ligg ikkje på noko platå, snarare tvert imot, seier forskar Fanny Ekblom Johansson, som saman med fleire har kartlagt landskapet.

Djupe dalar og bergtoppar skjuler seg under isen.

Store innsjøar vil kome fram

Kartlegginga av breen har vore del av Johanssons doktorgradsarbeid, og nyleg vart den siste vitskapelege artikkelen hennar publisert i Frontiers in Earth Science. Hundrevis av kilometer med isradaren på slep er tilbakelagt på snøscooter for å lage eit detaljert kart over både Nordfonna og Sørfonna.

Saman med kollegaer har ho køyrt snøscooter med radar over isen. Hundrevis av kilometer er tilbakelagt, for å lage eit detaljert kart over både Nordfonna og Sørfonna. Signala frå isradaren går gjennom breen og blir sende tilbake når dei treff fjellet under. Kor lang tid det tar, avhenger av kor tjukk isen er.

I analysen av resultata har forskarane særleg sett på korleis vassvegane vil endre seg når breen blir mindre. Dei har òg sett på kvar det er tersklar i landskapet som vil styre retninga på vassvegane.

Vidare har alle overfordjupingar, altså groper under breen som isen har laga, vore fylte med vatn for å illustrere kvar det vil kome fram nye innsjøar når breen forsvinn. Nokre av desse er store og vil bli dei største innsjøane på heile Folgefonnhalvøya.

Sørfonna er mest robust

Forskarane har brukt data frå innsjøboringar kring breen for å samanlikne dei nye kartlagde dreneringsmønstra med korleis smeltevatnet drenerte i perioden frå 6000 – 4000 år før Kristus, då breen var mindre enn i dag.

Dei har òg brukt kartet av landskapet under isen til å modellere framtida til breen. Dette er det fyrste forsøket på å simulere tilbaketrekkinga til breen: Ifølgje simuleringa vil delar av Sørfonna vere mest robust og det området av breen som overlever lengst i eit varmare klima.

På Nordfonna vil dei største endringane i vassvegane vere at alt smeltevatnet som i dag renn nordover mot Jondal, seinare vil drenere vestover mot Juklavatnet. Dette er fordi det er tersklar i landskapet kring Sommarskisenteret og på nordsida av toppen av Nordfonna. Det største dalføret under breen går frå Jukladalen mot Juklavatnet.

På Sørfonna vil mykje av smeltevatnet som i dag drenerer vestover, drenere sørover i staden. Eit eksempel er toppen av Bondhusbreen, der det er ein terskel som innan få år vil komme fram. Då vil dreneringa ned i Bondhusdalen stoppe. Vidare vil det bli danna ein nesten fem kilometer lang innsjø rett bak terskelen. Denne vil drenere sørover.

Katastrofeflaumar kan kome

I periodar med rask tilbaketrekking av breen er det potensiale for bredemte innsjøar som kan skape katastrofeflaumar kring breen.

Dette har skjedd i same område tidlegare, til dømes i Sandvikedalen og Mosnes på 1960-talet, då ein bredemt sjø ved Sauabreen vart katastrofetappa i fleire rundar.

Kartlegginga av landskapet viser at det potensielt kan oppstå slike innsjøar mange stader når breen no vert mindre. Det er difor naudsynt å følgje nøye med på tilbaketrekkinga, slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar i dalføra kring breen, meiner forskarane.

Også kraftforsyninga kan bli påverka av dei endringane som skjer med isen, påpeikar professor Jostein Bakke ved Universitetet i Bergen, som er medforfattar og rettleiar for Fanny Ekblom Johansson.

– Nasjonalt treng vi meir forsking på korleis dreneringa ut frå breane endrar seg når klimaet no endrar seg raskt. Nær 20 prosent av norsk vasskraft er avhengig av vatn frå brear, og såleis er denne kunnskapen viktig for å sikre trygge leveransar av fornybar kraft i framtida, seier Bakke.

Referanse:

Fanny Ekblom Johansso, Jostein Bakke mfl.: Mapping of the Subglacial Topography of Folgefonna Ice Cap in Western Norway—Consequences for Ice Retreat Patterns and Hydrological Changes. Frontiers in Earth Science, 2022. Doi.org/10.3389/feart.2022.886361

Powered by Labrador CMS