Denne artikkelen er produsert og finansiert av Forsvarets forskningsinstitutt - les mer.
Avisa Wall Street Journal skriv at Ukraina har ein meir eller mindre frivillig IT-hær i og utanfor landet, på kanskje 400.000 individ.(Illustrasjosfoto: Arian Darvishi/Unsplash)
Ukraina: Er vi vitne til den første verkelege cyberkrigen?
Ei tradisjonell slagmark kan vere uoversiktleg, men kva med ei cyberslagmark? To forskarar forklarer digital krig og kreftene bak.
Kva veit vi om digital krigføring og ressursane som blir sett inn på begge sider i Ukraina-krigen?
To forskarar ved Forsvarets forskningsinstitutts (FFI) avdeling Strategiske analysar og fellessystem, Una Hakvåg og Torbjørn Kveberg, har nokre svar.
Ho har stor kunnskap om russisk tryggings- og innanrikspolitikk, og om personell og forsvarsutvikling. Han har i lang tid studert påverkingsoperasjonar og cybermakt.
Podcast: Ukraina og cyberkrig
Ukraina og cyberkrig er også tema i denne episoden av FFI sin podcast Ugradert.
Det russiske synet på informasjonskrigføring og cyberaktørar er annleis enn på vestleg side.
På kva måte opererer russarane? Korleis blir krigen framstilt for det russiske folk?
Una Hakvåg fortel at mange yngre russarar finn fram til alternative kjelder for å følge krigen.
Ukrainas digitale kavaleri
På ukrainsk side er mykje av det som skjer på den digitale fronten, mindre kjent.
Avisa Wall Street Journal skriv at Ukraina har ein meir eller mindre frivillig IT-hær i og utanfor landet på kanskje 400.000 individ. Kva inneber det?
Det amerikanske magasinet Foreign Affairs skriv om landets «digitale kavaleri». Korleis klarer dei seg mot russarane?
Torbjørn Kveberg trur forskarar i åra som kjem, vil finne mykje dokumentasjon rundt hendingane i cyberspace som i dag er ukjent.
Kva er cyberkrig?
Det er ikkje slik at det er datamaskiner som slåst i cyberspace. Det står menneske bak.
Una Hakvåg har sett litt på personellsituasjonen på russisk side. Forskaren veit at landet har hatt ei stor hjerneflukt i årevis.
Det finst også eit samband på arbeidsmarknaden mellom russisk cyberevne, sanksjonar og mobilisering. Personer i 20-30 årene utgjør over halvparten av IT-kompetansen i Russland.
– Det er denne gruppa Russland vurderer å massemobilisere. Det er samstundes gruppa som i størst grad har flytta frå Russland, både før og i starten av krigen, fortel Una Hakvåg.
Putin har prega generasjonar
Annonse
Eit tema i denne podkasten er også russaranes haldningar og grunnsyn.
Fleire generasjonar kjenner berre Putins versjon av historia.
Samstundes er det ein stor apati blant yngre russarar, som er blitt bombardert med hans framstilling av konflikten med Ukraina sidan dei første krigshandlingane i 2014.