Denne artikkelen er produsert og finansiert av Forsvarets forskningsinstitutt - les mer.
Termometeret har krope ned til under 20 minusgrader. Det gir ideelle forhold for å finne ut korleis kald og tørr snø påverkar oppfinninga.(Foto: Tor Berge / Safeback)
Norsk oppfinning kan redde liv i snøskred
Pusteutstyret Safeback kan berge livet til menneske som blir tekne av snøskred.
Det er kaldt og brutalt å bli tatt av skred. Likevel er det svært få som frys i hel dersom dei blir liggande under snøen. Heller ikkje fysiske skadar er den viktigaste dødsårsaka.
Faktum er at tre av fire dødsfall skuldast at personen blir kvelt. Mange av desse kunne ha blitt berga dersom dei hadde pustehjelp.
Oppfinnarar av eit apparat som nettopp kan gje slik pustehjelp, har fått støtte av Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) til utviklinga.
Meir enn nok luft
Safeback SBX er eit lite, lett apparat med to skulderbøylar. Bøylane er innhole. Dei fungerer som røyr. Gjennom dei blir det transportert luft frå ein boks og opp til begge skuldrene. Systemet vil presse ut luft frå opningane i røyra.
Denne lufta vil trekke gjennom snøen og fram til nase og munn. Eit handtak startar mekanismen.
Oksygenet kjem direkte frå snøen som finst på ryggsida til skredofferet. Der er det som regel meir enn nok luft til å halde liv i ein person – lenge.
Ideen er enkel. Men den må fungere like godt i praksis som i teorien. Difor denne turen til Kirkenes, som er ein av mange testarenaer for å sjekke ulike snøtypar.
Toppturglede gav ideen
To studentar er med i felt for å finne ut meir om korleis Safeback fungerer, før produktet blir lansert. Saman med seg har dei sjefsforskar Svein Martini ved FFI.
André Mjølhus og Tor Berge er to toppturglade ingeniørstudentar som fann ei felles interesse då dei møttest i Bergen i 2016. Saman med tredjemann Sigmund Andreassen byrja dei å diskutere korleis alpinistar og friluftsfolk kunne sikre seg endå betre dersom dei blei tekne av snøen.
For ulukkene skjer altfor ofte: Mange set livet til i snøskred kvart år. Mange er frikøyrarar. Somme av dei er nordmenn.
Obduksjon av ofra syner at 75 prosent døyr fordi dei pustar inn si eiga, stadig meir CO2-metta luft. Leitemannskapet rekk ikkje å finne dei før alt oksygenet er borte frå lufta dei har å puste i. Det kan ta mindre enn eit kvarter å miste livet på denne måten.
Snøskredulykker i Norge
Statistikk frå 2008 til i dag viser at 91 personar døydde i snøskred. Meir enn 550 personar vart tekne av skred i løpet av desse åra. Kilde: Varsom.no
Nesten teken av skred
– Oppfinninga vår kan sikre luft i 90 minutt. Det vil utgjere skilnaden på liv og død for svært mange, konstaterer Tor Berge, som i dag er dagleg leiar i det nystarta firmaet Safeback.
Berge er i målgruppa sjølv. Han er nesten blitt teken av skred.
– Eg har hatt dei rullande rundt meg, fortel han.
Han og fleire turkameratar gjekk ei høgrute mellom Chamonix i Frankrike og Zermatt i Sveits. Chamonix ligg ved foten av Mont Blanc og blir rekna som ekstremsportens hovudstad i Europa. Terrenget rundt er både bratt og utfordrande.
Annonse
– På turen lausna fleire fonner. Då handlar det om å vere på vakt: køyre, stoppe, køyre og alltid halde god avstand til dei andre.
– Somme vil seie at det beste var om all frikøyring tok slutt, og at alpinistane heldt seg til vanlige skibakkar?
– Men verda er ikkje slik. Dette er ein sport som tiltrekker seg mange. I dag er dei fleste også godt budde på det som kan skje, med betre utstyr enn nokon gong. Spade, søkestang, radiopeileutstyr og ballongsekk er standard. Safeback kan gjere turen endå tryggare, seier Berge.
Kan trygge soldatar
Omsynet til dristige skituristar er underordna for FFI og Forsvaret. Dei interesserer seg for produktet av andre årsaker.
– Både soldatar og redningsfolk er somme tider nøydde til å ferdast i terreng med stor skredfare, seier Svein Martini ved FFI.
– Difor er det viktig at vi kan utstyre dei slik at risikoen blir mindre.
Det er laga fleire prototypar, som er blitt testa i praksis ved Forsvarets vinterskole. Forskarane leitar etter mange svar. Kva er skilnaden på våt og tørr snø? Er det noko som endrar seg ved tilførsel av varme? Kor mykje CO2 kan systemet vaske vekk per minutt?
Safeback AS har søkt og fått løyvd pengar frå Forsvarsdepartementet. FFIs rolle er å administrere utviklingskontrakten. Instituttet støttar opp mot dei aktuelle fagmiljøa i Forsvaret, til dømes vinterskolen.
Snart i sal
Tanken er at militære både i Noreg og andre land kan få nytte av utstyret. I frikøyringskrinsar er Safebacks nye produkt allereie godt kjent. Tor Berge lanserte konseptet under ein nordisk skredkonferanse på Voss i 2019.
Testane syner at utstyret fungerer når uhellet er ute.
Annonse
– Snø er porøs. Sjølv i eit stort snøskred med tettpakka snø kan Safeback-systemet levere frisk luft til nasen og munnen din så sant dei er innafor 25 centimeter frå næraste utløp på ei av skuldrene dine, forsikrar Tor Berge.
Inga supermannsdrakt
Samstundes er det ingen tvil om at det er ekstremt farlig å bli tatt av skred.
– Dei som nyttar systemet, må aldri få ei avslappa haldning til risikoen. Safeback er inga supermannsdrakt. Produktet vil ikkje hjelpe mot traumer. Det kan gi ein effekt for dei som har delvis eller heilt opne luftvegar, og som kan røre pustemuskelen. Løysinga vår er berre ei av fleire for å minske dødsfall når uhellet først er skjedd, seier oppfinnaren.