Annonse

Ingen felles plan mot juks

Europeiske universitet står utan felles system for korleis plagiering og juks skal oppdagast og straffast.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: iStockphoto)

Om studien

Prosjektet kalla Impact of policies for plagiarism in higher education across Europe (IPPHEAE) blei startat i 2010 og avslutta i september 2013.

Studien er ei kartlegging av kva system medlemslanda i EU har for å avdekke fusk og plagiering.

Studien ga også ei oversikt over korleis utdanningsinstitusjonane sanskjonerer brot på akademisk redelegheit.

– Dermed vert rettferd umogleg, seier forskar Irene Glendinning ved universitetet i Coventry i Storbritannia.

Dei siste tre åra har ho leia ei undersøking dei akademiske etiske standardane i EU.

I studien såg forskarane på kva mekanismar dei ulike institusjonane har for å avdekke juks. Her vart også svar frå 5000 studentar, undervisarar og administrativt tilsette samanfatta.

Forskarane vurderte kva programvare institusjonane har for å avdekke plagiering, og kva reaksjon dei som juksar og plagierer blir møtt med.

Resultatet var ikkje oppløftande.

Ingen sameinte nasjonar

Irene Glendinning. (Foto: Coventry University)

– Ikkje i noko land i EU finst det eit felles system for å oppdage juks, fusk og plagiering på bachelor- og masternivå, seier Glendinning.

Dermed vert det også vanskeleg å arbeide etter ein felles standard.

I fleire land hadde forskarane venta å finne gode system for å avdekke juks.

– Men når institusjonane manglar klare rutinar for om og korleis dei skal reagere på akademisk uredelegheit, er det ingen sjanse for at slike system kan vere rettferdige og konsistente, seier Glendinning.

Ho meiner ønsket om sjølvråderett over eigne interne forhold hindrar europeiske universitet i å arbeide fram ein felles strategi.

– Den klare tilbakemeldinga er at institusjonane ikkje ønskjer nasjonale system, ettersom dei vil halde på autonomien sin.

Plagierande forskarar er dårlege rollemodellar

Glendinning vart overraska over at studentar i fleire land, blant dei Frankrike, Belgia, Polen og Spania aksepterte plagiering. Samt at dei mangla ei klar forståing av kva det er som truar akademiske standardar for redelegheit.

Nokre land har utvikla digitale bankar for oppgåver, blant desse er Slovakia og Litauen.

– Her kan ein fange opp ein del tilfelle av plagiering. Svakheita til slike system er at dei manglar ein overordna og felles struktur, meiner forskaren.

– Der kor ein har rutinar og system, er tendensen er at ein i for stor grad stolar på desse, trass i dei openberre avgrensingane mykje av den lokalt utvikla programvara har, seier Glendinning.

Glendinning meiner mangelen på konsensus gjer at det etiske nivået varierer sterkt mellom ulike land. I nokre land, som til dømes Sverige og Tyskland, er det til dømes nødvendig å føre bevis for at fusket var gjort med hensikt dersom det skal kunne straffast.

– I nokre land er det også akseptert at akademikarar driv både plagiering i eiga forsking og i undervisningsmateriell. Då er dei ikkje gode eksempel for studentane sine, seier Glendinning.

Ingen tal frå Norge

Storbritannia kjem godt av undersøkinga.

– Dette kan dei takke effektiv forskingsleiing og gode system for, seier Glendinning.

– Vi har også den klare fordelen av å ha eit breitt spekter av engelskspråklege kjelder tilgjengeleg.

Ettersom studien berre tok føre seg institusjonar i EU, var ikkje Norge med i studien. 

– Det som er bra med Skandinavia er det høge utdanningsnivået og kunnskapen om kva som er god akademisk praksis og framferd. Sverige har eit konsistent og godt system for å føre fuskesaker på institusjonsnivå.

– Men nokre respondentar skildra systema som byråkratiske og ute av proporsjonar når det kjem til mindre regelbrot, seier Glendinning.

Storjuksarane Penkowa og Stapel

Ho trur medvitet omkring etikk vorte større som følgje av pressedekkinga av fleire høgprofilerte plagieringssaker, som Penkowa-saka og Stapel-skandalen.

– I Tyskland og i Romania fortalde enkelte av studentane at dei følte at pressedekkinga var truande, og hadde forårsaka auka aktsomheit på campus, seier Glendinning.

Ho trur presseomtalen har verka positivt, og gjort akademikarar meir bevisste på følgjene av akademisk snusk.

– Men eg usikker på om alle studentar ser koplinga mellom Stapel og sine eigne aktivitetar, legg ho til.

Spøkelse og bestillingsverk

Den største trusselen mot akademisk redelegheit er likevel ikkje dei som driv kreativ klipping og liming utan å oppgje kjelda.

– Dei største skurkane er dei som betalar for akademiske bestillingsverk, og dei som leverer dei, meiner Glendinning

– Tekstar som er skrivne av såkalla ghost writers er den største trusselen mot akademiske standardar. Korleis skal ein bevise at dette har skjedd? I studien fann vi at mange lærarar var lite bevisste på denne trusselen, eller hadde innfunne seg med at studentar uvegerleg vil kunne sleppe unna når dei gjer dette.

– Det ventar mykje arbeid før vi alle kan på ein robust måte stanse denne typen uærleg aktivitet, seier Glendinning.

Referanse:

Glendinning: European Responses to Student Plagiarism in Higher Education (pdf).

Powered by Labrador CMS