Folkestyrt teknologi

Å få til ein god og meiningsfull samtale om teknologi som i stor grad ikkje finst, er lettare sagt enn gjort. Det gjeld ikkje minst nanoteknologien.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

En nanorobot hjelper blodceller. (Illustrasjon: iStockphoto)

Ville vi ha introdusert bilen i samfunnet om vi hadde visst heilt frå starten kor mykje elende bilbruken ville føre med seg?

Ville vi ha nytta føre-var-prinsippet til å setje grenser for bilbruk? Eller var det slik at når bilen først var oppfunnen, så var slaget tapt: Bilen ville bli allemannseige anten vi likte det eller ikkje?

Spørsmålet er hypotetisk, men det viser kor vanskeleg det kan vere å handtere ny og usikker teknologi på ein ansvarleg måte.

– Folk har ulike visjonar om kva ny teknologi kan føre til, men teknologi har ofte uønskte og uventa konsekvensar. Klimaproblematikken er eit godt døme på det, seier Kamilla Kjølberg, stipendiat ved Senter for vitskapsteori.

Ho arbeider med etiske og samfunnsmessige aspekt ved nanoteknologi, eit sekkeomgrep for all teknologi som opererer på nanoskala, det vil seie same storleik som atom, virus og cellekjernar. UiB starta for eit par år sidan eit tverrfagleg forskings- og utdanningsprogram i nanoteknologi.

Usikker teknologi

– Dei fleste vestlege land satsar tungt på nanovitskapleg forsking. Samstundes er det ikkje til å kome vekk frå at teknologien er usikker. Vi veit ikkje heilt kvar han vil føre oss eller kva problemstillingar vi vil ende med å måtte ta stilling til, seier Kjølberg.

Mange forskarar vart tekne på senga for ein del år sidan, då genmodifisert mat førte til uventa kraftige reaksjonar frå ulike samfunnsgrupper. Difor legg ein stor vekt på å involvere heile samfunnet på eit tidleg stadium denne gongen.

– Folket skal spørjast til råds om kva type nanoteknologi dei eigentleg vil ha. Men det er krevjande å få til ein god offentleg debatt om teknologiutvikling, meiner Kjølberg.

All makt til fokusgruppene?

Ho har sett nærare på dette feltet i doktorgradsprosjektet sitt. Opne møte og diskusjonar i fokusgrupper kan vere vel og bra, men det er ikkje gitt at det vil føre til betre teknologi, meiner ho.

– Nanoteknologien er jo på eit tidleg stadium, så vi prøver eigentleg å snakke om teknologi vi ikkje heilt forstår. Diskusjonane endar gjerne med ein konklusjon som går ut på at ein må vere føre var, men korleis skal ein vere føre var i praksis, og i politikken?

– Når ein først inviterer til offentleg samtale, er viktig å ta folk såpass på alvor at råda deira får konsekvensar. Men i praksis er det vanskeleg. Og dersom fokusgruppene meiner at teknologiutviklinga bør endre kurs, let det seg faktisk gjere? Er det rett?

– Kva plass bør direkte demokrati i form av til dømes fokusgrupper ha i utviklinga av ny teknologi, spør Kjølberg.

Positive medier

At nanoteknologi er noko nytt og uprøvd viser seg også i måten teknologien blir omtala på i media. Kjølberg har sjølv gjennomgått artiklar om nanoteknologi i dei større norske avisene over ein periode på åtte år.

Hennar konklusjon er at norske aviser skriv overraskande lite om nanoteknologi, og at dei er forunderleg teknologioptimistiske.

– Materialet mitt strekk seg fram til 2007, og dei få artiklane eg fann var nokså einsidig positive. Artiklane handla om alt det fantastiske nanoteknologien kan brukast til, og siterte forskarar med store ambisjonar. Det er eit viktig perspektiv, men eg sakna fleire kritiske spørsmål.

 

Betalt for å vere kritisk

Kollegaen Fern Wickson har på si side kartlagt korleis forskarar omtalar nanoteknologi, og har kome fram til at det finst nokre grunnleggjande rammer som nanoteknologien ofte blir plassert innanfor, avhengig av forskaren sin faglege og ideologiske ståstad.

Døme på slike rammer kan vere «nanoteknologi er naturleg», «nanoteknologi gjev oss kontroll over naturen» eller «nanoteknologi kan berge naturen». Ved å øve oss på å kjenne att desse rammene, og dermed kjenne att premissane som påstandar om nanoteknologi byggjer på, kan teknologidebatten bli betre.

Samtidig skal ein kanskje tilgje norske journalistar for å ikkje kjenne seg kalla til å spolere all entusiasmen med kritiske spørsmål. Kjølberg har sjølv erfaring med å vere det kritiske korrektivet til nanoforskarane.

– Vi som arbeider med samfunnsmessige og etiske aspekt ved teknologien er jo i grunnen betalt for å vere kritiske. Som forskarar har vi difor ein annan inngang til tematikken enn nanoforskarane.

– Då blir det ekstra viktig at vi tek oss tid til å forstå einannan. Vi som er filosofar og samfunnsvitarar må ha forståing for at kjemikarar og fysikarar har eit ønske om å framstille kunnskap og teknologi som er til det gode for mennesket, og nanoforskarane må forstå at vi ikkje er ute etter å ta dei.

– Det ligg ei utfordring i å jobbe i lag og lære av kvarandre, seier Kjølberg.

Nyskriven science fiction

Saman med kollega Wickson har Kjølberg vore redaktør for ei ny bok om nanoteknologi og samfunn. Boka kjem ut på engelsk under tittelen Nano meets Macro: Social perspectives on nano-scale sciences and technologies.

Dei har fått forskarar frå mange land til å skrive kapittel til boka, og i tillegg har dei inkludert visuelle kunstuttrykk basert på nanoteknologi. Tre nyskrivne science fiction-noveller har også fått plass i boka.

Dei akademiske kapitla tek på ulike måtar opp korleis nanoteknologi blir utvikla, korleis teknologien blir omtala og oppfatta i samfunnet, korleis nanoteknologien kan gje nye svar på dei grunnleggjande spørsmåla i livet, og korleis den kan regulerast.

– Eitt av bidraga tek opp korleis dataspel, særleg krigsspel, kan vere med på å normalisere nanoteknologi ved å introdusere oss for ting som enno ikkje finst i røynda, fortel Kjølberg.

Forfattaren nemner militær teknologi som stridsdrakter med innebygde sensorar som kan merke om det er giftige kjemikalie i lufta, og stenge gifta ute. Eller drakta kan bli som eit ytre skjelett som gjev soldaten ekstra styrke. Slik teknologi blir det forska på, men førebels eksisterer han ikkje.

– Men ved å introdusere slik teknologi i dataspel kan det bli normalisert, slik at dersom han seinare kjem på marknaden, er vi allereie kjende med tanken, seier Kjølberg.

Powered by Labrador CMS