Gamle EU-synder gir svart hav

Ingen veit kor mykje som blir tatt ut av det overfiska EU-havet. Årsaka ligg nesten 40 år tilbake. Årsaka til dagens fiskeriknipe ligg nesten 40 år tilbake i EUs historie, vert det hevda i ei fersk masteroppgåve.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

""

Det har i mange år kome alarmerande meldingar om bestandane av fisk i havområda til EU. No verkar situasjonen meir alvorleg enn nokon gang. Det dreier seg om fangstmengdene og kontrollen med dei.

Gaute Heyerdahl ved NTNU meiner å kunne påvise bakgrunnen for dei rådande problema.

Hastverksarbeid

30. juni 1970 vart for første gong ein felles fiskeripolitikk for EF vedtatt. Same dag vart det opna medlemsforhandlingar med Noreg, Irland, Danmark og Storbritannia.

Fiskerivedtaket var problematisk, meiner Heyerdahl. I ein artikkel frå 2008 hevdar han at vedtak utan ordningar for å regulere den økte kapasiteten, skapte problem som EU framleis ikkje har løyst.

Konkurrerande nasjonale interesser har øydelagt ei mogelegheit til å oppnå eit forvaltningsregime med større føresetnader for å lykkast, heiter det i artikkelen.

Vedtaket slo mellom anna fast at eitkvart medlemsland skulle ha full tilgang til eitkvart anna medlemsland sine fiskeriressursar.

Ikkje fiskelukt i den høge politikk

Det var interne fiskeridrøftingar i EF (dagens EU) frå 1968.

- Andletslause ekspertar utforma politikken. EFs høgste organ, Ministerrådet, diskuterte dette berre fire gongar i den tida fiskeriforhandlingane gjekk føre seg.

Etter de Gaulles fall i Frankrike i 1969 vart det opning for nye medlemsland. Det vart hastverk for fiskeriforhandlarane i Brussel. Eit fiskerivedtak måtte på plass.

EU-politikk, ikkje fiskeripolitikk

"Gaute Heyerdahl har tatt master på EFs haldningar til havfiskespørsmål like før Noreg prøvde å kome inn tidleg på syttitalet. (Foto: Kjell Håve)"

Ifølgje Gaute Heyerdahl var hovudtrekka i dei konkurrerande nasjonale interessene tysk og nederlandsk interesse av ressurstilgang, mot italiensk og fransk behov for støtte til modernisering av uproduktive flåtar og for subsidiar av fiskeal.

Det rike Vest-Tyskland kunne pressast til økonomiske ytingar via EFs fellesbudsjett. Vedtak vart gjort i tolvte time. Så følgde enorm kapasitetsauke og overfiske i åra etterpå.

Sosialt og økonomisk bestemt

Gaute Heyerdahl summerer det som har vore rådande haldningar gjennom mange år slik:

- EU bruker gjerne uttrykket ”sosiale og økonomiske faktorar” for å unngå å avgrense fangstnivået med politiske vedtak. Ein søker å gi fiskarane store nok kvotar til deira inntekt og levebrød.

Heyerdahl fortel at kvotane blir fordelte etter ein fordelingsnøkkel som har vore fast sia 1982. Skal kvart land auke sine fiskekvotar, må taket løftast.

Samtidig som naturen har sett sine grenser, har forvaltning alltid vore sett i andre rekke.

Kjenner ikkje omfanget

Ein rapport frå Den europeiske revisjonsretten – ECA - slår no fast at det verkelege fangstuttaket er ukjent, og konkluderer med at det må bli sterkt betra kvalitet på fangstdata, med mellom anna elektronisk rapportering. Og regelbrot må straffast så det monnar.

18. februar slutta EUs fiskeriministrar seg uformelt til eit arbeid som EU-kommisjonen har sett i gang for sterkare kontroll med fiskefangsten.

Referanse:

Gaute Heyerdahl : Etableringen av EFs Felles Fiskeripolitikk, 1958-1970. Masteroppgåve, Institutt for historie og klassiske fag, NTNU, 2007.
 

 

Powered by Labrador CMS