Gyter bort miljøgift

Norsk sild kvittar seg med miljøgifter om våren – og gir dei til ungane sine. 

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Følger stimen og gyter bort miljøgiftene. (Foto: NIFES)

Norsk vårgytande sild (NVG) varierer med sesongane: Om sommaren gjer dei seg feite på plankton. Om hausten sluttar dei å ete. Om vinteren slankar dei seg. Og når vinteren går mot slutten vandrar dei sørover langs kysten for å gyte.

Når våren kjem, er dei bokstaveleg talt tynne som sild.

No har forskarar ved NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning) slått fast at også konsentrasjonen av miljøgifter i silda skiftar i takt med sesongane – og at dei truleg pakkar noko av miljøgifta i bagasjen til ungane.

På sitt høgste i fangsten

- Om sommaren, når dei beiter ute i Norskehavet, aukar feittinnhaldet i silda. Med vektauke ser vi også ein liten auke i konsentrasjonen av miljøgifter, seier forskar ved NIFES, Sylvia Frantzen.

- Når hausten og vinteren kjem, sluttar silda å ete, og då går feittinnhaldet drastisk ned, sier ho.

Men det gjer ikkje konsentrasjonane av feittløyselege organiske miljøgifter som dioksin, PCB og PBDE (bromerte flammehemmarar). Dei går opp.

- Vi såg ein oppkonsentrasjon av desse stoffa frå perioden august-oktober, då vi tok dei første prøvene, til januar-februar, då vi tok dei neste prøvene.

- Feittinnhaldet i silda var nær halvert. Konsentrasjonen av miljøgifter gjekk opp, sidan det vart oppkonsentrert i det resterande feittet, seier Frantzen.

Det betyr at innhaldet av framandstoff i silda er på sitt høgste på seinvinteren når silda går inn til gytefelta langs kysten. Ein stor del av sildefisket skjer i denne perioden.

Men så tek silda til å kvitte seg med miljøgifter.

Overfører til avkom

Prøvene som forskarane tok i tidsrommet april til juni viste ein tydeleg nedgang i innhaldet av framandstoff i silda.

Silda som vart tatt om vinteren var eldre enn den som vart tatt om våren og hadde dermed hatt meir tid på seg til å oppkonsentrere miljøgifter i kroppen.

Men meir inngåande analysar, som no blir publisert i tidskriftet Chemosphere, avslørte at alder åleine ikkje kunne forklare fenomenet.

- I studien vår fann vi ein reduksjon av både feittinnhald og konsentrasjon av framandstoff i gyteperioden. Det tyder på at desse stoffa blir overført til avkom, og det var likt for begge kjønn, seier Frantzen.

Sagt på ein annan måte: Silda gyter frå seg miljøgifter – og gir dei til ungane sine.

-Men fordi kjønnscellene er så små, er det særleg hos hannane snakk om svært små mengder for kvart avkom, seier Frantzen.

Grønnglinsende stim. (Foto: NIFES)

Låge konsentrasjonar

I samarbeid med Havforskingsinstituttet har NIFES sidan hausten 2006 tatt ut 800 prøver av Norsk vårgytande sild frå 29 posisjonar gjennom dei såkalla basisundersøkingane.

Målet med basisundersøkingane er å kartlegge nivåa av ulike framandstoff i viktige kommersielle fiskeartar. Norsk vårgytande sild er den største fiskebestanden i Norskehavet (13 millionar tonn i 2009), og den norske flåten fiskar rundt ein million tonn i året åleine.

-Det er viktig å understreke at konsentrasjonane av miljøgifter i norsk vårgytande sild er låge, og ingen funn overskrid gjeldande grenseverdiar i EU og Noreg.

- Det er ikkje overraskande. NVG-silda vandrar i område som ligg langt frå tungt industrialiserte område på kontinentet, ulikt for eksempel østersjøsilda der ein ofte har funne høge nivå av særleg dioksin og PCB, seier Frantzen.

Etter basisundersøkinga skal overvåking av miljøgifter i NVG-sild gjennomførast kvart tredje år og skal konsentrerast om perioden før gyting, då konsentrasjonen av dei organiske miljøgiftene er venta å vere på sitt høgste.

Referansar:

Frantzen, S., Måge, A., Iversen, S.A., Julshamn, K. Seasonal variation in the levels of organohalogen compounds in herring (Clupea harengus) from the Norwegian Sea. Chemosphere, In Press, Corrected Proof. Available online July 2 2011.

Powered by Labrador CMS