Fattigdom og overfiske: Ein vond sirkel

Overfiske, uorganiserte fiskarar og finanskrise har ført til aukande fattigdom i kystsamfunn i land i sør. Kva skal til for å gje fiskarane betre inntekter og hindra overfiske?

Ein fiskar frå landsbyen Kakhabila ved Perlelagunen i Nicaragua. (Foto: Camilla Andreassen)
Ein fiskar frå landsbyen Kakhabila ved Perlelagunen i Nicaragua. (Foto: Camilla Andreassen)

Povfish

  • Forskingsprosjekt som skal kartleggja tilhøvet mellom forvaltning, fattigdom og økologisk berekraft i fiskeribaserte lokalsamfunn i Latin Amerika, Asia og Afrika.
  • Åtte forskarar ved Universitetet i Tromsø er knytt til prosjektet. I tillegg kjem ei rekkje forskarar ved andre institusjonar.
  • Prosjektet vert avslutta med bokutgjeving hausten 2010.

I mange lokalsamfunn langs kysten i land i sør er småskala fiskeri den viktigaste inntekts- og proteinkjelda.

Sidan våren 2008 har Svein Jentoft og Arne Eide ved Norges Fiskerihøyskole, ved Universitetet i Tromsø leia prosjektet Povfish.

Det skal kartleggja korleis småskala fiskeri kan bidra til reduksjon av fattigdom samtidig som den økologiske berekrafta i fiskeria vert ivaretatt.

– Me fokuserer på forholdet mellom ressursbruk og fattigdom i ulike land kor småskala fiskeri er ein viktig næringsveg. Småskala fiskeri i land i sør er nemleg ofte prega ev eit ressursdilemma.

– Dersom ein ikkje fiskar, får ein ikkje skaffa mat og inntekter til hushaldet. Dersom ein fiskar, vert ressursane ofte overutnytta. Konsekvensane melder seg på hushaldsnivået, men me står også overfor eit forvaltningsproblem, seier Svein Jentoft.

Marginaliserte fiskarar

I tillegg til ressursdilemmaet har småskala fiskeri også vore utsett for ei rekkje globale trendar som har redusert innteninga dei siste åra.

– Auke i befolkninga i mange land i sør har ført til fleire fiskarar, dette senkar prisane og aukar presset på økosystema som ofte er sårbare. Finanskrisa har også ført til lågare betaling for den fisken som vert eksportert.

– Dessutan er fiskarane i mange land i sør ei marginalisert gruppe med liten politisk og økonomisk makt. Dei har derfor liten påverknad på dei politiske prosessane som avgjer forvaltninga av fiskeressursane og fordelinga av inntektene frå fiskeeksporten, seier Jentoft.

Dette biletet har fleire likskapstrekk med krisa i fiskeria i Nord-Noreg i mellomkrigstida. Mange har peikt på innføringa av råfiskloven i 1938 som eit avgjerande grep for at den krisa vart løyst.

– Er det mogeleg å sjå for seg ei liknande løysing i land i sør?

– Råfiskloven er ei ordning som gjer fiskarane mindre sårbare ved at den gjev fiskarane større påverknad på prisfastsettinga og dermed fordelinga av verdiskapinga i næringa.

– Liknande ordningar kan ein sjølvsagt også sjå for seg innført i andre land der småskalafiskarar står svakt. Samtidig er dei politiske og ressursmessige utfordringane i sør annleis enn i Noreg i mellomkrigstida.

– Til dømes er det vanskeleg å byggja opp eit effektivt forvaltningsregime med fungerande kontrollmekanismar i land i sør. Ein fungerande kontroll krev store ressursar som desse landa ikkje har, seier Jentoft.

Lokal uro for overfiske

Gjennom forskingsprosjektet skal Povfish kartleggja tilhøvet mellom fattigdom, ressursbruk og forvaltning i 15 ulike land i Asia, Afrika og Latin- Amerika. I dei fleste landa samarbeider forskarane i Povfish med lokale institusjonar.

Fiskeri er den viktigaste næringsvegen i mange kystsamfunn i land i sør. Her deltek til og med dei minste i sløying av fisk i landsbyen Kakhabila ved Perlelagunen i Nicaragua. (Foto: Camilla Andreassen)
Fiskeri er den viktigaste næringsvegen i mange kystsamfunn i land i sør. Her deltek til og med dei minste i sløying av fisk i landsbyen Kakhabila ved Perlelagunen i Nicaragua. (Foto: Camilla Andreassen)

Eitt av dei 15 landa er Nicaragua, kor stipendiat Camilla Andreassen har vore på feltarbeid i landsbyane rundt Perlelagunen på atlanterhavskysten i til saman eit år. Andreassen framhevar at fisket er av uvurderleg verdi i dette området.

– I dette området er fisket den viktigaste næringa. Det finnes nesten ikkje andre arbeidsplassar, og fisken gjev folk både mat og inntekter til å kjøpa dei mest nødvendige produkta som medisin, drivstoff og sukker. Dessverre har liten eller ingen forvaltning av fiskeressursane i området ført til utarming av desse ressursane.

– Folk lokalt er urolege for denne utviklinga, men det vert likevel ikkje gjort noko frå sentralt hald for å få ei betre forvaltning av fiskeressursane, seier Andreassen.

Store utfordringar

Storfangst i Orinoco. (Foto: Camilla Andreassen)
Storfangst i Orinoco. (Foto: Camilla Andreassen)

Ein stor del av fisken frå området vert eksportert til den amerikanske marknaden. Sjølv om eksporten er stor, kjem ein liten del av inntektene fiskarane og lokalsamfunna til gode.

– Fiskarane er svakt organiserte og har ein dårleg forhandlingsposisjon overfor mellommenna som sel fisken vidare til høge prisar utan at fiskarane får del i verdiskapinga. Lite av pengane vert dermed att i landsbyane.

– Lønsemda har også gått ned dei siste åra. I tillegg er Nicaragua prega av korrupsjon og politisk kamp om landområde og tilgang til naturressursane, seier Andreassen.

– Er det noko håp om å få på plass eit fungerande forvaltningsregime i Nicaragua?

– Det er dessverre vanskeleg å sjå for seg dette i dagens situasjon. Dersom det skal skje, må ein fyrst og fremst få bukt med korrupsjonen.

– Dessutan må ein frå sentralt hald satsa på å innføra eit forvaltningsregime som både sikrar fiskarane sine økonomiske interesser og som hindrar overfiske, seier Camilla Andreassen.

Lenke:

Poverty Alleviation and Sustainable Livelihoods in Small-scale Fisheries (PovFish)

Powered by Labrador CMS