Kven tar ansvar for den kurdiske kulturarva?

Det kurdiske folket har ikkje noko nasjonalbibliotek eller nasjonalmuseum til å ivareta dei kulturelle røtene sine. No er kurdiske og skandinaviske forskarar og intellektuelle i Bergen for å diskutera korleis den kurdiske kulturen kan overleva - og korleis ein best kan ta vare på den.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Førsteamanuensis Haci Akman."

- Kurdiske nasjonalskattar har blitt plyndra eller definert som tyrkiske eller persiske. Det finst ingen institusjonar som kan ta vare på kulturarva vår, og når ein mistar kulturelle symbol mister ein også referansar og haldepunkt som er viktige for identitet. Derfor er det uhyre viktig for kurdarane at vi grip fatt i desse spørsmåla, seier Haci Akman, førsteamanuensis ved Institutt for kulturstudier ved Universitetet i Bergen (UiB) og koordinator for den internasjonale nordisk-kurdiske kuturarvskonferansen.

Konferansen er eit samarbeid mellom Senter for utviklingsstudiar (Sfu) og Institutt for kulturstudiar ved UiB.

  kurdarar og Kurdistan

Kurdarar er eit folk i Vest-Asia, hovudsakleg busett i høglandsområdet kring fjellkjedene Anti-Taurus og Zagros. Dette landområdet ligg mellom Tyrkia, Irak, Iran og Syria og utgjer omlag 100 000 km2.

Det er vanskeleg å kalkulere kor mange kurdarar som finnast, men ein reknar med at det er omlag 20 millionar. Dei fleste kurdarar er sunni-muslimar (85 prosent), medan resten hovudsakleg er sjia-muslimar.

Kurdistan tyder “kurdaranes fjell” og skildrar høglandsområdet dei held til i, sjølv om Kurdistan aldri har utgjort nokon sjølvstendig stat. Kurdiske område har berre oppnådd vekslande grad av uavhengigheit under forskjellige imperium.

Kurdistan blir i meir snever forstand brukt på Den kurdiske autonome region i Irak, oppretta 1974, og provinsen Kordestan i Iran, oppretta 1961. Begge områda, som omfattar dei sentrale delane av Zagrosfjella, og grensar opp mot kvarandre, tek sikte på å imøtekome kurdaranes ønske om indre sjølvstyre, utan at dette førebels har gitt særleg merkbare resultat.

I perioden 1984-97 mista over 20 000 menneske livet i kampane mellom PKK og regjeringsstyrkar, og 2000 kurdiske landsbyar i Tyrkia er øydelagde.

kilde: Store Norske Leksikon

Her set forskarar og intellektuelle frå Norden og Kurdistan søkelys på ulike sider ved kurdisk arv og kultur, og ser på denne kulturelle tradisjonen frå mange ulike vitskaplege perspektiv. Tre universitet, eitt i Iran og to i nordlige Irak blir rekna som kurdiske. Ein del av dei omlag hundre deltakerne på konferansen kjem frå desse universiteta, mens ein del er forskarar og kulturpersonar som lever i eksil i mellom anna Storbritannia, Sveits, Østerrike og Sverige. Blant desse er forfattaren Mehmet Uzun som har skrive fleire romanar som er oversett til norsk. Uzun er busett i Sverige.

Ein svært gammal kultur

Med røtene i ein av dei eldste kulturane i verda, den mesopotamiske, kjenner kurdiske folk seg som ein nasjon, trass i at dei kurdiske områda er spredt over fire land i Midt-Austen; Tyrkia, Iran, Irak og Syria. Innanfor grensene til desse nasjonalstatane bur det omlag 32 millionar kurdarar. Medan omlag åtte millionar lever i diaspora, av desse er omlag 45 000 busett i Norden. At folka er busett i ulike land og manglar ein nasjonalstat gjer at arbeidet med kulturarva blir vanskeleg.

Gjennom tidene har den kurdiske kulturelle arva møtt stor motstand, noko alle dei kurdiske flyktningane i Europa - også i Noreg - ber bod om. Dette er den første internasjonale konferansen som fokuserar på den kurdiske kulturarva. Og ein spør mellom anna korleis ein kan ta vare på kulturarva når den ikkje blir anerkjent i dei landa i Midt-Austen der majoriteten av kurdarane er busett.

Kva har kulturell verdi?

- Under konferansen vil vi legga vekt både på den materielle og ikkje-materielle delen av den kurdiske kulturen og diskutera kva som kjem inn under kulturvernomgrepet. Konferansen fokuserer også på kvinnene si sentrale rolle som bærarar av kulturen, seier Haci Akman.

Akman trur uansett at nordisk kulturvern kan vera ei kjelde til inspirasjon for dei kurdiske deltakarane på konferansen.

- Gjennom yrket eg har vald etter at eg kom til Noreg for tjue år sidan, har eg lært noko om korleis ein tek vare på kulturarven. Ein gong var eg med og registrerte 86 norske utedoar som kulturminne. Dette tilsynelatande latterlege dømet set ting i perspektiv. Kva er det vi skal ta vare på og kva er det som gjev ting verdi? spør Akman som ønskjer å opna eit kurdisk museum, gjerne i Bergen.

Gjennom konferansen vonar forskarane å etablera sosiale nettverk og forskarnettverk som består av kurdiske og nordiske forskarar og intellektuelle. I forsetjinga ønsker dei mellom anna å halda ein konferanse i Iransk Kurdistan der dei vil invitera nordiske forskarar.

Powered by Labrador CMS