Samiske nasjonale strategar

Først på 1900-talet var det ein markant samisk politisk opposisjon i Finnmark.

Publisert
Isak Saba (Foto: G. Gustafson, Tromsø Museum)
Isak Saba (Foto: G. Gustafson, Tromsø Museum)

Isak Saba (1875–1921)

Frå Nesseby i Finnmark.
Gjekk på Tromsø Seminar (1896–1898).
Lærar i Lebesby, Nesseby og Vardø.
Første samen på Stortinget (1906–1912), representerte Aust-Finnmark.
Gjekk til val på eit samepolitisk og sosialistisk program .
Skreiv Sámi soga lávlla (Samefolkets song), frå1986 samisk nasjonalsong.
Saman med Anders Larsen den samepolitiske opposisjonens fremste strateg frå 1904 og til 1912 .
Pioner i kampen for samisk som undervisingspråk i skolen.
Aktiv folkeminnesamlar av samiske segner, eventyr og joik.

Anders Larsen (1870–1949)

Frå Kvænangen i Troms.
Gjekk på Tromsø Seminar (1897–1899).
Lærar i Alta, Kvalsund og Harstad.
Skipar, utgjevar og redaktør av den samiskspråklege avisa Sagai Muitalægje (1904–1911).
Isak Sabas næraste allierte 
Gav ut romanen Bæivve-Allgo (1912), den første romanen på samisk.
Ei rekkje vitskaplege og populærvitskaplege artiklar, på samisk og norsk, om samisk språk, kultur og historie.
Boka Om sjøsamane (1950) baserte seg på hans eigen oppvekst i Segelvik og tida som lærar i Finnmark.

Per Fokstad (1890–1973)

Frå Tana i Finnmark.
Gjekk på Tromsø Lærerskole (1909–1912).
Studieopphald i Kristiania og ved Askov Høiskole i Danmark, Woodbrooke College i England og Collège de France i Paris, Frankrike.
Lærar og seinare rektor og ordførar i Tana.
Ei rekkje same- og skolepolitiske verv til utpå 1960-talet og ein av skiparane av Norske Samers Riksforbund i 1968.
Den samepolitiske opposisjonens leiande strateg frå 1917.

Dei tidlege samiske opposisjonelle på byrjinga av 1900-talet var ikkje berre einskildrøyster med avgrensa politiske og kulturelle kampsaker. Dei utfordra rådande politikk og førestillingar, med til dels alternative samfunnsanalysar

Det seier historikar Ketil Zachariassen.

– Isak Saba, Anders Larsen og Per Fokstad var samiske nasjonale strategar. Deira politiske og ideologiske prosjekt var for dei ein del av den norske nasjonsbygginga.

– Det var mothegemoniske prosjekt, altså prosjekt som representerte alternativ til det dominerande, som til tider braut gjennom og greidde å etablere seg i det nasjonale ordskiftet. Sjølv om strategane i samtida ikkje vann fram med dei samiske krava sine, var dei like fullt ein del av nasjonsbyggingsprosessen, seier Zachariassen.

Heilskapleg framstilling

Zachariassen disputerte nyleg på doktoravhandlinga si som omhandlar den samepolitiske opposisjonen i Finnmark mellom 1900 og 1940.

– Eg har utvida forskingsfeltet ved å inkludere både kulturelle, politiske og vitskaplege perspektiv i ein langsgåande analyse over førti år. Det er ikkje nok å sjå på skulepolitiske diskusjonar og resultat av desse i Stortinget, om ein skal få grep om den samiske opposisjonen.

– På kva for andre arenaer braut det samiske fram? Aviser, skjønnlitteratur – og ikkje minst vitskapleg kartlegging og forsking må ein også ha med.

– Bakteppet er sjølvsagt fornorskingspolitikken, men eg har vore oppteken av dei samiske aktørane og korleis dei argumenterte – i det samiskspråklege ordskiftet i Finnmark, i det norskspråklege ordskiftet i Finnmark og i det nasjonale ordskiftet, seier Zachariassen. 

To fasar

Anders Larsen. (Foto: Ukjent, Tromsø Museum)
Anders Larsen. (Foto: Ukjent, Tromsø Museum)

Den samepolitiske mobiliseringa i første halvdelen av 1900-talet gjekk føre seg i særleg to fasar; frå 1904–1912 og frå 1917–1924.

I første perioden er det stortingsmann Isak Saba frå Nesseby og redaktør Anders Larsen frå Kvænangen som frontar kampsaker – stortingsplass, samisk som undervisningsspråk i skulen og eiga samiskspråkleg avis; Sagai Muitalægje.

– Dei vinn fram av di dei greidde skapa ein allianse med eit anna mothegemonisk prosjekt: fiskarbondesosialismen i arbeidarrørsla, seier Zachariassen.

Det første samiske landsmøtet i Trondheim 1917 markerer starten på den andre fasen.

Med sørsamiske Elsa Laula Renberg i spissen veks det då fram ei meir samla nasjonal samerørsle – med samar både frå nord og sør – og ein nasjonal samisk interesseorganisasjon, Sámi Sentralsearvi (Samisk sentralforbund). Denne organisatoriske mobiliseringa bryt likevel saman i 1921.

– Deretter blir ideologiske og kulturelle spørsmål sett på dagsordenen, først og fremst av lærar, og seinare rektor og ordførar Per Fokstad frå Tana, som dreiv vidare den samiske opposisjonen meir eller mindre på eiga hand, seier Zachariassen. 

Per Fokstad

Per Fokstad. (Foto: Utlånt frå Noras/Marit Jørgensen)
Per Fokstad. (Foto: Utlånt frå Noras/Marit Jørgensen)

– Per Fokstad var føre si tid. Han publiserte på byrjinga av 1920-talet ei rekkje artiklar om grunnlaget for samisk språk, kultur og samfunnsliv og utarbeidde også skoleplanar som tok utgangspunkt i ein samfunnsskipnad tufta på språkleg og kulturell pluralisme.

– Han meinte at samane også kunne bli eit kulturfolk – og ikkje “berre” eit naturfolk – og at samane kunne vera norske utan å miste det samiske.

– Fokstad meinte at samar sjølvsagt måtte lære norsk, seier Zachariassen.

– Men han var oppteken av at dei også skulle ha rett til morsmålsopplæring – ikkje berre fordi det var eit nyttig hjelpespråk, men òg fordi det var ein rett og ein verdi i seg sjølv. Eit eige folk måtte ha sitt eige språk.

– Dette var ein moderne tankegang, som Fokstad hadde utvikla mellom anna gjennom fire år på studieopphald utanlands – mellom 1917 og 1921 var han til Danmark, England og Paris. Det hadde mykje til felles med korleis førande pedagogar i Noreg, som Erling Kristvik, i samtida tenkte.

Mange motargument

Ketil Zachariassen. (Foto: Privat)
Ketil Zachariassen. (Foto: Privat)

Kravet om morsmålopplæring vart møtt med fleire motargument; politiske, språklege og pedagogiske, og ikkje minst har forskarane brukt den tryggingspolitiske dimensjonen som ei forklaring på motstanden:

Assimilering og fornorsking vart sett på som viktig for å sikre den nasjonale lojaliteten.

– Men sjølv om Fokstad sin argumentasjon kring morsmålsopplæring ikkje fekk gjennomslag på 1920-talet, la han det ideologiske grunnlaget som seinare vart plukka opp av samerørsla etter krigen.

– Og Fokstad vart verande ein leiande samepolitisk aktør heilt fram til 1970, fortel Zachariassen.