Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.

Eit reinkadaver på Svalbard frå vinteren 2019/20. Bak ser du botanikarane Mie Pirk Arnberg og Rakel Blaalid som førebur vegetasjonskartlegging.

– Døde dyr bør få ligge i fred i naturen

Rotne kadaver kan vere eit makabert syn, men og ei gåve for artsmangfaldet.

Sam Steyaert har ein spesiell lidenskap. Han er over gjennomsnittet interessert i døden. Eller for å vere meir presis: Han forskar på dei økologiske effektane av kadaver.

Forskaren ved Nord universitet er leiar for forskingsprosjektet REINCAR.

Namnet spelar på orda rein, reinkarnasjon og carcasses som betyr døde skrottar eller kadaver.

Selfie av prosjektleiar Sam Steyaert med felt-teamet i bakgrunnen. Bilete er tatt i Hiorthhamn medan dei ventar på båtskyss attende til Longyearbyen etter end arbeidsdag.

Ulike haldningar til kadaver

I majestetiske omgivnadar i Adventdalen på Svalbard har Steyaert og eit knippe andre forskarar lagt bak seg ein ny feltsesong.

No er det tid for analysar av data og diverse jordprøvar.

– I somme land i Europa er det ei vanleg haldning at kadaver skal hentast ut frå naturen for å bli destruert. Nokre av argumenta for å gjere dette handlar om hygiene og smitte av sjukdomar, samt at vi skal sleppe å bli utset for makabre syn og kvalmande lukt. Det er på somme måtar veldig synd, seier han.

Steyaert meiner det er viktig at vanlege folk får sjå og oppleva «the bright side of death», som han kallar det.

– Det er naudsynt og bra at folk får sjå den positive sida ved å la kadavera få ligge i fred. Det er mykje liv assosiert med desse, og dei er ein naturleg del av økosystemet. Kvifor fjerne det når det jo faktisk er ein høgkvalitetsressurs for mange organismar? spør han.

Samstundes er han einig i at det også finnast gode argument for å fjerne dei. Men det kjem vi attende til.

Stipendiat Mie Prik Arnberg gjennomfører rutekartlegging av vegetasjonen på eit kontrollplot i Mälardalen.

Horroren på Hardangervidda

For nokre år sidan hamna kadaver-forskaren i verdsmedia etter ei særs spesiell hending som fann stad på Hardangervidda. Eit lynnedslag tok i 2016 livet av 323 villrein.

Steyaert kasta alt han hadde i henda, tok med seg teamet sitt og etablerte et forskingsfelt på åstaden. Målet var å finne svar på kva for økologiske effektar ein slik massedød av dyr på eit så lite geografisk område har å seie for vegetasjonen og artsmangfaldet ikring.

Han er ikkje ferdig med desse studia, men no har han i tillegg retta blikket mot Adventdalen på Svalbard, for å forska på det same.

Den store skilnaden er at kadavera her ligg spreidd utover eit stort geografisk område.

– På Hardangervidda ser vi ein veldig sterk effekt på vegetasjonen. Der kadavera vart liggande er området komplett fritt for vegetasjon. Samstundes ser vi at vegetasjonen gradvis kjem attende i yttergrensa, mellom anna i form av mose og blomster.

– Medan på Svalbard er settinga heilt forskjellig. I Adventdalen ser du kadaver og beinrestar meir eller mindre overalt i landskapet.

Den britiske avisa The Guardian fulgte opp hendelsen på Hardangervidda med en artikkel i fjor sommer. Den handlet om hva de råtnende dyrelikene hadde lært forskerne.

Ein fjæreplytt oppsøker eit kadaver for å ete insekt. Eit kadaver kan gi god tilgang på næring i ein kort og hektisk sesong for fuglar som hekker på den arktiske tundraen.

Kadaver og gourmetmåltid

Førsteamanuensis Jan Eivind Østnes er del av Steyaert si forskingsgruppe. Han fortel at talet på kadaver kan variere stort frå år til år i Adventdalen.

– Nokre år, når bakken er islagt slik at reinsdyra ikkje får tilgang til nok næring, får du mange som dør. Sånn var det til dømes i 2019. Da var det ifølge Norsk Polarinstitutt over 200 skrottar i dalen. Andre år kan det vere snakk om berre nokre få nye kadaver, seier han.

– Kvifor er dette så viktig å forske på?

– Skrottane gjer at organismar frå mange ulike grupperingar møtast, alt frå mikroorganismar til planter, insekt, fuglar og pattedyr. Det skuldast at døde dyr er eit gourmetmåltid av beste kvalitet som mange organismar kan dra nytte av.

– Dette er i seg sjølv interessant, men vi veit framleis ikkje nok om kor viktige eller på kva for måtar kadavera er viktige for økosystemet. Vi leitar etter spor som kan dokumentere alle formar for økologisk påverknad på til dømes vegetasjon, jordsmon og reproduksjon hos fuglar og dyr, fortel Steyaert.

Eit samarbeid med Norsk Polarinstitutt gjer at forskarane i prosjektet har tilgang til nøkkeldata, mellom anna i form av GPS-lokaliseringar av kadaver.

Polarinstituttet har gjennomført systematisk teljing av reinsdyr over mange år, både av levande og døde dyr.

– Dette gjer at vi kan dra dit og sjå på korleis vegetasjonen har respondert, seier han.

Svalbardrein er tilpassa den arktiske tundraen med ei kompakt kroppsbygning med korte bein, kort snute, rundt hovud og små øyrer. Dei har også ein svært tykk vinterpels samanlikna med reinen som lever på fastlandet.

Nytt liv og stort artsmangfald

Østnes fortel at dei først og fremst ser på effektane av kadaver på heile økosystemet. Så langt har dei i hovudsak sett på korleis vegetasjonen er påverka, såkalla respons.

– I tillegg til tradisjonelle vegetasjonsanalysar, har vi brukt dronar på kvart kadaver for å fange opp lysspekter vi ikkje kan sjå med det blotte auge, og som kan vere med på å forklare kadaverresponsane. I tillegg har vi tatt jordprøver for å sjå på jordkjemi og ikkje minst jordbiologi i form av mikroorganismar.

– Korleis ser det ut på ein stad med kadaver på tundraen?

– Vi ser at akkurat der kadaveret ligg og dekker bakken, der dør all vegetasjon. Vidare ser vi ein tydeleg respons i vegetasjonen ikring kadaveret, spesielt der det er helling i terrenget i underkant av kadaveret. Der gir ofte næringsstoffa frå kadaveret ein enorm vegetasjonsrespons.

– Vi ser også at ein ved sida av kadaveret kan få inn andre slag artar enn det som har vore der tidlegare. På den arktiske tundraen veit vi førebels ikkje om denne aukinga i artsmangfaldet skuldast ein naturleg frøbank i jordsmonet, eller om åtseletarane bringer med seg frøa gjennom avføringa.

Bilete er tatt med drone på høgder frå 10-100 meter over bakken med eit ordinært kamera. Bileta viser endring i vegetasjon kring kadaveret.

Eit todelt syn på saka

Difor skulle ein altså tru at forskarane reiser bust over haldningar som går på å fjerne kadaver frå naturen. Men så enkelt er det ikkje.

Østnes fortel at det er eit todelt og nyansert syn på dette.

– Eit kadaver som dør fritt i naturen, bør få ligge i fred. Samstundes er det i mange område veldig store elgbestandar grunna fråvær av naturlege predatorar. Under jakta blir det skote mange elg i løpet av ein sesong, der dei blir vomma ut på staden. Det har det vore ein diskusjon kring om ein skal la innvollane få ligge eller om ein skal samla det opp og ta det med til destruksjon, seier Sam Steyaert.

Han fortel at årsaka til denne diskusjonen er ei meining om at slakteavfallet kan være med på å byggje opp unaturleg store bestandar av til dømes raudrev og andre åtseletarar, eller store rovdyr.

Dette kan kome i konflikt med nærings- og friluftinteressar. Frå eit økosystem-perspektiv vil det uansett bli mykje kadaverrestar også i områder med mykje naturlege fiender.

– Ein kan difor hevda at ubalansen i økosystemet er menneskeskapt sidan vi menneske har tatt på oss rolla som det øvste rovdyret, seier Steyaert.

Referanse:

Phoebe Weston: 'Landscape of fear': what a mass of rotting reindeer carcasses taught scientissts. Artikkel i avisa The Guardian, 2020.

Om REINCAR på Svalbard

Forskingsprosjekt ved Nord universitet som vart starta opp i 2020.

Hovudformål: Å undersøke dei økologiske effektane av reinsdyrkadaver.
Prosjektleiar er førsteamanuensis Sam Steyaert, opphavleg frå Belgia.
Med seg i årets felt-team har han førsteamanuensis Jan Eivind Østnes, førsteamanuensis Gunnar Mikalsen Kvifte, stipendiat Mie Pirk Arnberg, overingeniør Oddbjørn Larsen og masterstudent Marit Bye frå Nord universitet, professor Andreas Zedrosser frå Universitetet i Sørøst-Norge og forskar Rakel Blaalid frå Universitetet i Bergen.

Dronebilete: Bilete er tatt med drone på høgder frå 10-100 meter over bakken med eit ordinært kamera. Bileta gir ein god illustrasjon av vegetasjonsresponsen kring kadaveret.
Powered by Labrador CMS