Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

– Vi må møte nye verktøy med eit ope sinn. Skulen må lære barn og unge å utnytte verktøya til å lære og løyse oppgåver, seier Jon Olav Sørhaug.

– Skriving er eit samarbeid mellom elevar og maskiner

Datamaskina og programvara avgjer i stor grad korleis elevane skriv, ifølgje skriveforskar Jon Olav Sørhaug.

Mykje er sagt og skrive om kunstige skriverobotar etter at bedrifta OpenAI lanserte ChatGPT, den mest avanserte samtale- og skriveroboten nokosinne.

Så langt har roboten både imponert og uroa publikum.

Lese- og skriveforskaren Jon Olav Sørhaug ved Universitetet i Agder (UiA) er også imponert, men ikkje uroleg.

Han uttaler seg som regel positivt om roboten. Han vil gjerne nærme seg nye digitale verktøy med ei positiv haldning.

– Vi må møte nye verktøy med eit ope sinn. Skulen må lære barn og unge å utnytte verktøya til å lære og løyse oppgåver, seier han.

Må takle nye verktøy

Sørhaug har ikkje forska på roboten. Han har forska på det som no nesten står fram som gamaldags: Korleis samarbeider elevane om å skrive når dei bruker datamaskin.

– Ennå ei tid vil nok bruken av datamaskin og bruk av kjelder på nettet dominere kvardagen i skulen sjølv om chat-roboten er på full fart inn, seier Sørhaug.

Han meiner roboten berre er enda eit digitalt verktøy der kunstig intelligens stadig speler ei større rolle.

– For lærarar og elevar vil det uansett dreie seg om å lære seg å handtere dei digitale hjelpemidla, seier Sørhaug.

Dataprogram og nettkjelder påverkar

Han tok nyleg for doktorgraden med ei avhandling om skriving i ungdomsskulen.

Avhandlinga avslører at det i stor grad er dei digitale ressursane som styrer elevane og ikkje elevane som utnyttar ressursane.

– Eg har forska på korleis datamaskina, dataprogram og kjelder på nettet påverkar skrivinga til elevane. Spissformulert kan du seie at dei digitale aktørane får det siste ordet, seier Sørhaug.

Han har følgt skriveprosessen til seks elevar og ein norsklærar i ein åttandeklasse gjennom tre dobbelttimar i norsk. Elevane var delt inn i to skrivegrupper. Kvar for seg skulle gruppene samarbeide om å skrive ein fagartikkel.

Elevar skriv saman

Ifølgje Sørhaug har skriveforskarane så langt vore mest interesserte i korleis elevane samarbeider om å skrive ein tekst. I utgangspunktet var det også det Sørhaug skulle studere.

Men det vart fort kjedeleg å sitje i eit hjørne av klasserommet og observere skrivearbeidet:

Elevane snakka lite. Dei arbeidde stille. Og dei samarbeidde tett med Google og dei andre programma på datamaskina.

– Dermed vart det rett og slett viktigare å sjå på kva Google, andre kjelder på nettet og dataprogramma gjorde med elevane og skrivinga, seier han.

Det var lite samarbeid og diskusjon mellom elevane. Derfor endra han perspektivet på studien til å dreie seg om samarbeidet mellom elevane, datamaskina og programvara.

Overraska over Google-dominansen

Han vart overraska over kor mykje søkjeresultat og programvare hadde å seie for elevane. Under alle fasar av skriveprosessen dominerte maskin og program.

– Dei digitale aktørane har stor påverknad. Både under planlegging, skriving og revisjon av artikkelen var det programvara som avgjorde korleis artikkelen vart skriven, seier Sørhaug.

Slik samanfattar han dei ulike skrivefasane:

1. Elevane planlegg skrivinga

– Elevane samarbeider til ei viss grad med kvarandre, men bruker i størst grad Google til å finne stoff og idear. Google plukkar fram tekstar, produsere svar på spørsmål og finn idear til skrivinga. Dette gir Google mykje makt over resten av skriveprosessen.

2. Elevane skriv

– Ord og vendingar frå kjeldene på nettet vert brukte i elevteksten. Elevane forhandlar til ei viss grad med kvarandre om kva dei skal skrive, men enda meir med kjeldene og skriveprogrammet. Eitt døme er når eleven først skriv handlepose, men endrar til plastpose fordi det er ordet alle kjeldene på nettet bruker.

3. Elevane reviderer teksten

– Ord blir endra dersom dei ikkje finst i kjeldetekstane. Skriveprogrammet gir mange forslag til ordval og stavingar. Elevane viser ulik grad av sjølvstende. Nokon aksepterer stort sett alle endringsforslaga til skriveprogrammet, sjølv om det er feil. Revisjon med raud krøllstrek blir automatisert. Det vil seie at det vert gjort på impuls.

Ikkje digitalt innfødde

Ofte høyrer ein at dagens barn og unge vert omtalte som digitalt innfødde. Men Sørhaug opplevde at elevane treng å lære meir om grunnleggande bruk av datamaskina.

– Dei treng digital styrketrening, seier han.

Mange av elevane hadde fleire elementære utfordringar med å navigere ulike dataprogram.

– Det galdt til dømes det å setje rett språk på stavekontrollen, der du kan velje engelsk, norsk bokmål eller norsk nynorsk. Mange hadde òg problem med å montere bilde og grafikk i teksten. Det vert også vanskeleg for elevane å vise til kjelder når dei bruker tekstar frå Google, seier han.

Læraren må styre meir

Forskaren meiner studien viser at skulen må vere enda meir oppteken av digitale verktøy i undervisninga.

– Læraren må kjenne til kva for aktørar som opptrer digitalt og vite korleis desse påverkar skriveprosessen. Skulen må styrkje den sjølvstendige skrivinga til elevane og gi dei oppgåver som oppfordrar til sjølvstendig refleksjon, seier han.

Sørhaug opplevde at elevane nærast såg på Google- og Wikipedia-tekstar som ein slags idealtekst.

– Det er ikkje til å unngå at ein let seg påverke av tekstane og dataprogramma ein bruker når ein skriv. Men det bør ikkje vere slik at elevane vrakar eigne ord og tankar til fordel for Google-tekstar dei hermar etter og nærast ser på som ideale modelltekstar, seier han.

Han trur det er smart at læraren handplukkar kjeldetekstar til elevane.

– Tekstane må passe for elevgruppa. Slik kan undervisninga verte avgrensa, og elevane kan lære å utnytte kjeldene utan å herme. Korte skriveøkter der læraren ofte involverer seg undervegs, kan òg styrkje både læringa og skrivearbeidet, seier Sørhaug.

Referanse:

Jon Olav Sørhaug: På sporet av aktørar som skriv. Ein studie av to digitale samskrivingskasus i ein ungdomsskoleklasse. Doktoravhandling ved Universitetet i Agder, 2022.

Powered by Labrador CMS