Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

I Donald Duck får helten ofte personleg ansvar for å rydde opp i miljøproblema. Her er Ole, Dole og Doffen på oppdrag.

Der Blekkulf er moraliserande, tek heltane i Donald Duck personleg ansvar for å rydde opp i miljøproblema

Populærlitteraturen gir ulike svar på korleis vi kan vere miljø- og naturbevisste.

– Forfattarane eg har studert, er samde om at det trengst ei forandring i måten vi oppfører oss mot naturen. Men dei er ikkje samde om korleis den oppførselen skal vere, seier Berit Huntebrinker.

Ho er forskar ved Universitetet i Agder (UiA).

Huntebrinker har ho sett nærare på fire bildebøker for barn og tre teikneseriar. Alle er skrivne og teikna av norske forfattarar og illustratørar. Tekstane er publiserte i perioden 1974–2019.

Korleis vert naturen framstilt?

Eit sentralt spørsmål for forskaren har vore om naturen har verdi i seg sjølv. Eller om han berre er ein reiskap mennesket bruker til beste for seg sjølv.

– Eg har forska på korleis personane i ulike tekstar ser på naturen og kva for tankar og ideal om naturen som kjem fram i tekst og bilde, seier forskaren.

Ho har tatt utgangspunkt i den lesemåten litteraturvitskapen kallar økokritisk perspektiv. Det inneber kort sagt å studere korleis litteraturen framstiller vårt forhold til naturen.

– Tekstane i utvalet legg på ulikt vis vekt på at vi har moralsk plikt til å bruke mindre, resirkulere meir og ta meir omsyn til naturen, seier Huntebrinker.

– Nokre av tekstane er nokså einsidig moraliserande, seier Berit Huntebrinker.

Mange vil oppdra lesaren

Fem av dei sju tekstane har tydelege mål om å lære opp dei unge til å respektere naturen.

– Nokre av tekstane er direkte oppdragande. Dei er nokså einsidig moraliserande. Andre er meir opne og inviterande. Dei overlet til personane i boka og lesaren å ta stilling til innhaldet, seier Huntebrinker.

Ho trekkjer fram Blekkulf som døme på ein moraliserande tekst:

– Blekkulf-figuren er laga for å lære dei unge å oppføre seg miljøvennleg. Opplæring av lesaren er det viktigaste. Og det er liten tvil om kva som er rett og gale handlingar, seier forskaren.

Medborgar med naturen

I læreplanen vert det understreka at tre tema skal vere ein del av undervisninga i alle fag i den norske grunnskulen: berekraftig utvikling, demokratisk medborgarskap, og folkehelse og livsmeistring.

Ein viktig del av avhandlinga handlar nettopp om medborgarskap. Huntebrinker har sett på korleis hovudpersonane i tekstane vert framstilte som ansvarlege medborgarar overfor naturen.

Fleirtalet av tekstane er prega av at den enkelte har ansvar for naturen. Men ein er fri til å velje kva for tiltak ein sjølv vil gjennomføre. Dette kallar ho, etter statsvitskapleg teori, ein liberal medborgartype.

– Det overraska meg ikkje. Barnebøker og populærlitteratur er gjerne forenkla framstillingar. Dessutan vert ofte individet framheva i populærlitterære framstillingar, seier ho.

Ho nemner bladet Donald Duck som døme på historier der helten får personleg ansvar for å rydde opp i miljøproblema.

– I eit slikt individualistisk perspektiv vert det mindre plass til det politiske ansvaret for endring av samfunnet. Det kollektive ansvaret og dei overordna samfunnsordningane fell ut av synsfeltet, seier forskaren.

Individuelt og kollektivt ansvar

Ho trekkjer fram Det Blå Folket og Karamellfabrikken frå 1974 som ei av dei mest kunstnarisk interessante bøkene i studien. Boka er skriven av Tor Åge Bringsværd og illustrert av Thore Hansen.

Også Bringsværd legg vekt på ansvaret til den enkelte og fridomen til å velje korleis ein vil verne om naturen. Men han framhevar også det kollektive ansvaret.

Det siste kallar forskaren for ein republikansk medborgar, stadig etter teorien frå statsvitskapen. For ein slik medborgar tel samfunnets felles lovar og reglar mykje.

– Hos Bringsværd er det gruppa, det blå folket, som saman går inn for å verne om naturen. Forfattaren og hans hovudpersonar er djupt bevisste om utfordringane med forureining. Samtidig er dei radikalt kritiske til dei sosiale og politiske tilhøva i Noreg anno 1974. Boka pirkar både borti mangelen ved det individuelle ansvaret og ved samfunnsforholda, seier forskaren.

Fabelprosa som forkledd historie

Det blå folket i Bringsværd-boka vekker opp ein sovande by for å gjere innbyggjarane klar over alvorleg luftforureining frå den lokale karamellfabrikken.

– Byfolket må da bestemme seg for om dei vil stengje fabrikken eller halde fram med å lage karamellar, seier Huntebrinker.

Ho minner om at Bringsværd kallar litteraturen sin for fabelprosa.

– Fabelprosa inneber at historia så å seie kjem forkledd, som bilde på noko anna, for å seie oss noko om livet vårt. Ved hjelp av fantastiske element og underlege hendingar hjelper forfattaren oss å sjå vårt eige liv i eit nytt perspektiv, seier forskaren.

Ho oppmodar til ei nyansert og kritisk lesing også av barne- og populærlitteraturen.

– Ei nyansert lesing er både fruktbar og nødvendig for å ta kompleksiteten i barnelitteraturen på alvor. Det gjeld også for framstillinga av ulike syn på vårt ansvar for naturen, seier Huntebrinker.

Referanse:

Berit Martha Christel Huntebrinker: Narrating Environmental Citizenship. Norwegian picturebooks and comics in the Anthropocene. Doktoravhandling ved Universitetet i Agder, 2023. Samandrag.

Dette er litteraturen ho har studert

  • Tor Åge Bringsværd (tekst) og Thore Hansen (illustrasjonar): Det Blå Folket og Karamellfabrikken (bildebok, 1974)
  • Bente Roestad (tekst) og Ann Christin Strand (illustrasjonar): Blekkulf blir miljødetektiv (bildebok, 1994).
  • Lise Myhre (tekst og illustrasjonar): Nemi (teikneserie, 2010) (5 striper)
  • Terje Nordberg (tekst) og Arild Midthun (illustrasjonar): Donald Duck (tre forteljingar: 2010; 2011; 2012)
  • Antonella Durante (tekst og illustrasjonar): Nina lærer gjenbruk (bildebok, 2018)
  • Josef Tzegai Yohannes (tekst) og Steve Baker (illustrasjonar): The Urban Legend (teikneserie, 2019)
  • Kari Stai (tekst og illustrasjonar): Jakob og Neikob: Stormen (bildebok, 2019)
Powered by Labrador CMS