Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Frederik 3. var konge av Danmark og Noreg i perioden 1648–1670, i tida da eineveldet ble innført. Måleriet føresteller Slaget ved Nyborg, i krigen mellom danske og svenske soldatar. Kongen deltok ikkje i slaget.

Diktatorar kan ikkje gjere heilt som dei vil

Eineveldet er ikkje eineveldig. Folket kan bestemme mykje. Det viser nye studiar av statar og demokrati i Norden.

Ei ny bok med 19 studiar tek for seg utviklinga i Skandinavia og Finland, med sideblikk til resten av Europa i tidleg moderne tid cirka 1500 til 1800.

– Boka gir òg ny informasjon og kunnskap til dei som vi lære om dagens utvikling av demokrati, statar og diktaturar, seier Knut Dørum, professor ved Universitetet i Agder (UiA).

Saman med professorane Mats Hallenberg og Kimmo Katajala er han redaktør av Bringing the People Back In, State Building from Below in the Nordic Countries ca. 1500-1800. Boka kjem ut i mars 2021.

Professor Knut Dørum ved UiA er ein av redaktørane bak ny bok om demokratiutviklinga i Norden.

Statsdanning nedanfrå

Før industrialismen var statane i Norden styrte av eineveldige kongar. Det er eit hovudtrekk ved statane den gongen.

– Vi presenterer nye perspektiv på statsdanninga i Norden. Tidlegare er det skrive mykje om korleis makthavarane innfører staten ovanfrå. Vi legg vekt på å vise korleis vanlege folk har bidrege til utvikling av demokratiet, seier Dørum.

Han beskriv den eineveldige staten i perioden som autoritær. Staten var valdeleg og styrt av ein elite.

– Eineveldet innebar kontroll, overvaking og sensur. Det var høge skattar og krav om at folket skulle vere lydige. Men vanlege folk kan likevel påverke staten, seier Dørum.

Hovudsynspunktet i boka er at den sentrale statsmakta har sine grenser, trass i at ho er eineveldig og ikkje-demokratisk.

Grensene for den totalitære staten

– Lokalsamfunna ligg langt frå sentralmakta. Utsendingar frå kongen kan ikkje styre berre på kongens befaling. Dei må samarbeide og forhandle om makta med bønder, fiskarar og byborgarar, seier Dørum.

Han viser til lokalsamfunna i norske småbyar. Dei reiv seg laus frå sentralmakta og styrte seg sjølve. Det gjeld byar i Agder som Farsund, Mandal, Kristiansand, Arendal og Risør. Det same gjeld austlandsbyar som Moss, Son, Drøbak og Kragerø.

Småbyane var eigde av to-tre familiar. Dei delte makta seg imellom. Familiane kontrollerte i kor stor grad kongens utsending fekk gjennomslag.

– Vanlege folk og elitegrupper har makt i lokalsamfunnet og set krav, seier Dørum.

Dermed kan ikkje eineveldet styre fritt, men må ta omsyn til lokalsamfunna.

– Folk gjennomfører stille protestar. Dei er passive overfor utsendingar frå staten og påverkar på andre måtar samarbeidet med sentralmakta, seier Dørum.

Forhandlar med sentralmakta

– Lovar og reglar, og skattar og forskrifter vert innførte av sentralmakta. Men reglar innførte ovanfrå vert ikkje følgt opp utan vidare. Folket må godta spelereglane, seier Dørum.

Han fortel at opne samanstøyt og opprør mot staten ebbar ut utover 1600-talet.

På 1700-talet veks det fram ei fredeleg og smart form for motstand mot styresmaktene. Kritikken kjem på ein koda måte. Overdrive skryt er til dømes ein vanleg måte å kritisere kongemakta på.

– Vi snakkar om fenomen som delvis skjult kritikk, til dømes i form av historier med dobbel botn der kongen vert kritisert, seier Dørum.

Meir kontroll i dag

Dørum peiker elles på at statsmakta i dagens Noreg og Europa har langt meir kontroll på innbyggjarane enn dei eineveldige kongane hadde.

Han vedgår rett nok at det er ei anna historie. Men han vil gjerne at lesarane samanliknar og ser dagens folkestyre i kontrast og samanheng med makta i eineveldets tid.

– Den gongen kunne det ta tre-fire veker å reise frå Christiania til Trondheim for å kontrollere lokalsamfunnet. I dag har staten heile tida kontroll på alle sine innbyggjarar ved hjelp av moderne teknologi. Det krev eit tastetrykk og tek eit sekund, seier Knut Dørum.

Referanse:

Knut Dørum, Mats Hallenberg, Kimmo Katajala (redaktører): Bringing the People Back In, State Building from Below in the Nordic Countries ca. 1500-1800. Routledge, mars 2021. Forlagets beskrivelse av boken.

Powered by Labrador CMS