- Klimadebatten er for einsidig

- I staden for berre å fokusere på å redusere utsleppa, må vi begynne å diskutere korleis folk kan tilpasse seg til dei uunngåelege klimaendringane. Dette er einaste moglegheit for utviklingsland.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Sola: Den eneste stjernen som styrer livet ditt."

Det seier førsteamanuensis Christian Webersik ved Senter for utviklingsstudiar ved Universitetet i Agder.

- Sjølv om vi reduserer utsleppa i verda umiddelbart, må folk tilpasse seg vesentlege endringar i klimaet. Utviklinga har allereie kome for langt, og klimaendringane har nokre uunngåelege konsekvensar, seier Webersik.

- På nasjonalt og regionalt nivå er det mykje styresmaktene kan gjere. Spesielt når det gjeld infrastruktur og samferdsle, seier han.

Han peikar på tiltak som å byggje høgare demningar, heve kystvegar og bruer, målingar og justeringar for auken i havnivået, og styring av katastrofefare.

Endringar i krinsløpet til vatn, spesielt i utviklingsland, kan kompenserast for gjennom å spreie avlingar, investere i overrislingsanlegg eller ved å innføre forsikringsordningar mot tørke.

Webersik har lang erfaring frå forsking på samanhengar mellom klimaendringar og tryggleik. Han gjer no ferdig boka Klimaendringer og sikkerhet.

Boka presentarer viktige delar av forskinga og studieaktivitetane ved Senter for utviklingsstudiar. Den nye boka handlar om tre hovudeffektar av menneskeskapte klimaendringar: ressursmangel, naturkatastrofar og stigande havoverflate.

Finansiering

Førsteamanuensis Christian Webersik ved Senter for utviklingsstudiar ved Universitetet i Agder. (Foto: UiA)

Som alltid er finansieringa eit enormt problem:

- Det er nødvendig at utvikla land hjelper fattige land. Dette blir eit av dei store diskusjonspunkta på miljøtoppmøtet i København. Det er allereie usemje mellom EU-medlemer.

- For eksempel har Polen motførestellingar mot å yte, sidan dei er eit av dei fattigaste EU-landa. Dei spør kvifor Polen som eit fattig EU-land skal hjelpe eit fattig land utanfor EU til å tilpasse seg klimaendringar, seier Webersik.

- Eg er overtydd om at mykje av tilvenjinga vil skje på individnivå, lenge før offisielle styresmakter grip inn. Eg trur mykje av tilpassinga vil skje mellom menneske i deira daglege liv. Vi ser allereie dramatiske konsekvensar, som til dømes omfattande migrasjon etter naturkatastrofar.

- Det er viktigare å fokusere på korleis vi kan påverke menneskas sameksistens, enn å diskutere dei ulike vitskaplege aspekta ved klimaendringane, seier Webersik.

Powered by Labrador CMS