Slik tek forskarane spermprøve frå ein fugl. (Foto: Joachim T. Johansen)

Den kompliserte sporvesæden

To ulike studiar viser samanheng mellom form og yteevne i spermiane frå gråsporven – men resultata er stikk motsette.

– Det var eigentleg litt tilfeldig at vi gjennomførte denne studien, fortel forskar Becky Cramer ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.

Dei hadde samla data om spermiar hjå hannar av gråsporv og middelhavssporv frå tidlegare studier. Prøvene vart tekne av dei same hannane over fleire år.

Konkurrerer om best spermiar

– Vi såg at vi kunne bruka desse samla til andre undersøkingar enn det dei i utgangspunktet var mynta på.

Hjå mange sporvefuglar har både hannar og hoar fleire partnarar i paringstida. For hannane er det om å gjera å produsera dei beste spermiana, det vil seia dei som har best sjanse til å befrukta egget.

– Jo meir slik spermiekonkurranse hjå ein art, jo mindre variasjon i form og storleik på sædcellene finn vi, seier Cramer.

Becky Cramer (til venstre) og Gunnhild Marthinsen frå NHM tek prøver av sporvesperm i samband med ein annan studie. (Foto: Even Stensrud, NHM)

Totallengde og symjetempo

Cramer og kollegaene samanlikna spermprøver frå gråsporvar og middelhavssporvar. Som venta var lengda på spermiane relativt konstant, og det same var symjehastigheita. Men så kom overraskinga.

– Ein sveitsisk studie som er gjort av sperm hjå gråsporv, fann ein samanheng mellom totallengda på sædcellene og auka symjefart, og den same samanhengen for den relative lengda på spermhalen. 

– I materialet vårt er denne samanhengen omvendt.

Den norske studien viste altså at lange sporvesædceller og sædceller med lang hale, sumde treigare enn snittet.

Intens prøvetaking

Men der andre kanskje ville meint at ein av studiane måtte innehalda feil, trur Cramer at svaret er å finna ein annan stad.

– Studiane inneheld tre grupper fuglar: Vi har undersøkt norsk gråsporv og middelhavssporv frå Spania, som begge er fanga i det fri og lever i bur no. Den sveitsiske studien omfattar gråsporv i det fri.

– Ein annan forskjell er at dei sveitsiske forskarane tok prøvar jamnleg gjennom paringstida, medan vi dreiv intens prøvetaking ein dag i starten og ein dag i slutten av paringstida.

I ei slik samansetjing skulle ein tru at likskapen var størst mellom dei to gruppene av same art, den norske og den sveitsiske gråsporven, og at det var middelhavssporven som skilde seg ut.

Spermiane til norsk gråsporv som denne har meir felles med spermiane til spansk middelhavssporv enn med dei til sveitsisk gråsporv. (Foto: Even Stensrud, NHM)

Kan berre gjetta

Men trass i at det er anslagsvis 3,4 millionar år sidan dei to sporveartane skilde lag, er altså likskapen betydeleg større mellom spermiane til norsk gråsporv og spansk middelhavssporv enn mellom norsk og sveitsisk gråsporv.

– Eg meiner dette viser at forståinga vår for tilhøvet mellom spermen sin form og funksjon har vore for enkel, og at det er fleire andre variablar som òg spelar inn, seier Cramer.

– Moglegheitene er så mange at vi foreløpig berre kan gjetta: Er det forskjellen mellom å leva i det fri eller i fangenskap? Har dietten noko å seia for kva næringsstoff spermen har tilgang på? Er det andre ting som spelar inn?

– Det er ikkje fyrste gong i historien til vitskapen, og det blir ikkje siste gongen, at vi gjer ein studie for å prøva å finna eit svar eller to, og så endar vi opp med fleire spørsmål vi ikkje har fått svar på. Men det er slik vi går framover.

Referanse

Cramer m.fl.: Morphology-function relationships and repeatability in the sperm of Passer sparrows, Journal of Morphology, April 2015. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS