Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Forskning viser at livskvaliteten til unge hengar saman med sjølvkjensla deira, meistringstru, stress og om dei kjenner på einsemd.

Dette er viktig for at unge skal ha det bra

– Meistringstru er blant nøkkelfaktorane for livskvaliteten til barn og unge, seier forskar.

– Meistringstru og god sjølvkjensle er knytt til ein høgare livskvalitet. Dei som opplever mykje stress og einsemd, har lågare livskvalitet, seier Hilde Timenes Mikkelsen.

Mikkelsen forskar på helse og livskvalitet i eit familieperspektiv ved Universitetet i Agder (UiA).

Dei fire siste åra har ho sett på korleis ungdom og familiane deira har det: livskvaliteten deira, fysisk og psykisk smerte, og helsekompetanse under pandemien.

Spurte ungdommar frå 14 til 17 år

Forskinga tok for seg ungdommar frå 14 til 17 år. Mikkelsen samla inn data då elevane gjekk andre året på ungdomsskulen og følgde dei opp då dei starta på vidaregåande.

Dataa vart samla inn via elektronisk spørjeskjema på grunn av pandemien. Det vart sendt til både foreldre og skulelever i Agder og i Oslo og Akershus. Foreldra vart også skriftleg informerte, og ungdommane vart oppmuntra til å fortelja om det heime.

Sidan Mikkelsen allereie hadde kontaktinformasjonen til elevane i undersøkinga, fekk dei ei påminning på tekstmelding om nytt spørjeskjema då dei starta på vidaregåande.

Resultata hennar viser at livskvalitet har ein stor samanheng med sjølvkjensle, meistringstru, stress og einsemd.

Hilde Timenes Mikkelsen meiner det er viktig å få innsikt i livet til dei unge. Slik kan vi forstå dei betre, spesielt i yrke der ein dagleg jobbar med ungdom.

Redusert livskvalitet under pandemien

– Studien viser at livskvaliteten til ungdommane blir redusert frå 14 til 16-årsalderen, seier ho.

Ein av grunnane kan vera koronapandemien. Dei som hadde sitt første år på vidaregåande, hadde redusert livskvalitet eitt år inn i pandemien. Dette samanlikna forskaren med funn frå tidlegare norske studiar og europeiske data.

– Restriksjonane avgrensa ungdommane i ein fase i livet der venner og deira sosiale liv er veldig viktig, seier ho.

Spesielt jenter og mødrer rapporterte lågare livskvalitet og bekymringar rundt koronasmitte samanlikna med gutar og menn. Ifølge Mikkelsen var dei meir bekymra for å smitta familie og venner enn å bli smitta sjølv.

Overraska over det sosiale livet til gutane

Mykje av hennar data stemmer overeins med tidlegare forsking, som at jentene i stor grad kom dårlegare ut enn gutane. Jenter hadde ofte lågare livskvalitet, meir stress og dårlegare søvn. Dei hadde også langt meir smerter, enten fysiske eller psykiske.

Funna om det sosiale livet til gutane overraska Mikkelsen.

– Vi såg at gutane hadde redusert livskvalitet frå 14 til 16 år. Den låge livskvaliteten var knytt til sosial støtte og vennemiljø.

Meir fysiske og psykiske smerter

Undersøkinga viser at dei unge og foreldra deira rapporterte ein del fysiske og psykiske smerter. Dei viste også god helsekompetanse.

Det vil seia kva slags val ein tek i kvardagen for eiga helse. Til dømes at ein veit kvifor god handvask og halda avstand under pandemien var viktig for eigen og helsa til andre.

Forskaren samanfattar resten av funna sine slik:

  • Høg helsekompetanse var knytt til høgare livskvalitet.
  • Ungdommar som melde at dei hadde fysiske eller psykiske smerter, hadde meir stress, lågare livskvalitet og dårlegare sjølvkjensle. Dei hadde også lågare grad av meistringstru og opplevde meir einsemd.
  • Dei med langvarige smerter rapporterte endå dårlegare på stress, livskvalitet, sjølvkjensle, meistringstru og einsemd.
  • Blant ungdommane som hadde langvarige smerter, var det fleire som rapporterte at nokon i familien også hadde utfordringar med smerte.
  • Ein del unge bruker smertestillande sjølv om det ikkje var høge nivå av smerte. Det same gjaldt foreldra deira. Det kan tyda på at smertestillande brukas på feil måte.

Forskinga til Mikkelsen er ein del av UiAs forskargruppe kalla Heifa. Der forskar dei på helsefremming i eit familieperspektiv.

Forskaren meiner vi veit for lite om korleis norsk ungdom har det i dag.

– Unge skal oppleva at dei kan meistra livet. Vi ser at blant anna skulen kan skapa mykje stress for dei unge. Derfor må fleire tora å ta den praten med dei om korleis ein kan hjelpa dei å meistre kvardagen, seier Mikkelsen.

Referanse:

Hilde Elisabeth Timenes Mikkelsen: The Start Young study Health-related quality of life and pain in adolescents and associated factors; a prospective cohort study of adolescents and their parents. Doktoravhandling ved Universitetet i Agder, 2022. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS