Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Felles skulemåltid bidreg positivt til skulemiljøet og gode matvanar.

Gratis skulemat er bra for miljøet på skulen

Samhaldet styrka seg da elevane fekk gratis måltid på skulen.

Publisert

– Eg kan ikkje konkludere eintydig med at gratis skulemat gjer at eleven lærer betre på skulen, men felles skulemåltid bidreg positivt til skulemiljøet og gode matvanar.

Det seier Kristine Engebretsen Illøkken. Ho tok nyleg doktorgraden ved Universitetet i Agder (UiA).

Avhandlinga hennar dreiar seg mellom anna om korleis gratis skulemat kan bidra til at elevane vert betre rusta til å lære og får betre folkehelse seinare i livet.

Illøkken har sett på erfaringane med gratis lunsj for ein sjetteklasse på ein skule i Agder fylke. Forsøket med gratis lunsj vart gjennomført som ein del av forskingsprosjektet Skulematprosjektet ved UiA i skuleåret 2014–2015.

Kristine Engebretsen Illøkken trur gratis måltid på skulen kan bidra positivt til enkeltelevar og folkehelsa.

Gratis lunsj for sjetteklassingar

Gjennom eit heilt skuleår fekk sjetteklassingane gratis brødmat, frukt og grønsaker til lunsjen.

Før og etter prøveprosjektet i 2015 vart det gjennomført spørjeundersøkingar med elevar og lærarar. Den same undersøkinga gjekk til ei gruppe elevar, som ikkje hadde fått gratis måltid.

Eit utval elevar og lærarar vart intervjua om erfaringane med prosjektet i 2015. Fem år seinare gjennomførte Illøkken intervju med eit nytt utval elevar og lærarar.

Positivt for skulemiljøet

Resultatet frå intervjua viser at elevane opplevde eit styrka samhald då dei tok del i felles måltid. Også lærarane meinte felles matpausar med den same typen mat til alle bidrog til den sosiale fellesskapen.

Lærarane opplevde også måltidet som ein arena for sosial læring, der bordskikk var noko av det elevane fekk øvd seg på.

Både elevar og lærarar erfarte dessutan at gratismåltidet med grovt brød, frisk frukt og friske grønsaker bidrog til at elevane fekk nyttig kunnskap om sunn ernæring.

– Fleire av elevane lærte å byte ut loff og Nugatti med grovbrød, frukt og grønt, seier forskaren.

Måltid som fellesskap og læring

Ho understrekar at det var viktig i seg sjølv at elevane fekk sjå at dei andre åt sunn mat.

– Måltid er fellesskap, og ein lærer av einannan. Ein av elevane sa til dømes at han lærte seg å ete raud paprika, som han òg åt fem år etter skuleforsøket. At eleven etter fem år held fast på den nye vanen, indikerer at gratis skulemåltid har betydning for å etablere gode kosthaldsvanar, seier forskaren.

Her er nokre av dei positive erfaringane elev og lærar hadde med skulemat-prosjektet:

  • bidrog til trivsel på skulen
  • inkluderte alle elevar
  • styrka sosiale relasjonar og vennskap for elevane
  • bidrog til bordskikk
  • lærte om sunn mat og betra kosthaldet
  • gav betre konsentrasjon

Samanheng frukost og leseprestasjon

Illøkken undersøkte også samanhengen mellom det å ete frukost og leseprestasjonar.

Den delen av forskinga baserte seg på eit utval nordiske elevar frå den internasjonale PIRLS-undersøkinga. Resultata viste ein positiv samanheng mellom frukost og leseprestasjon.

– Vi kan ikkje utan vidare fastslå effekten av frukost, men også denne delstudien peiker på at eit medvite forhold til mat og ernæring kan vere viktig for elevprestasjonar og folkehelse, seier Illøkken.

Treng fleire klare svar

­­­Forskaren seier at kommunar og skuleleiarar treng meir kunnskap om effekten av skulemåltid. Det same treng regjeringa.

I Hurdalsplattforma skriv Støre-regjeringa at det etter kvart skal innførast eit gratis måltid i skulen for å fremje folkehelse og trivsel på skulen.

– Samla sett peiker avhandlinga mi på at skulemat har eit stort potensial til å bidra positivt til skulen og folkehelsa, men vi treng enda meir forsking for å få klare svar på kva for effektar gratis skulemåltid kan ha for den enkelte eleven og folkehelsa, seier Illøkken.

Referanse:

Kristine Engebretsen Illøkken: Breakfast and school lunch as pathways for enhancing educational outcomes and promoting public health. Doktoravhandling ved UiA, 2022.

Powered by Labrador CMS