Særlover for unge lovbrytarar

Mange kriminalsaker der barn og unge er involvert blir løyst med såkalla forsoningsjustis. No kan eit nytt lovforslag for ungdomsstraff opne for bruk av dette i meir alvorlege saker enn i dag.

Publisert
 (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Restorative Justice:

Ein prøver å løyse konfliktar på ein måte som ikkje berre omfattar lovbrytaren og offeret for lovbrotet, men også andre som vert ramma: familie, venner og nærmiljø.

Restorative justice-tenkinga ligg til grunn for mekling i Konfliktråda. Overføring til konfliktrådsbehandling kan komme i staden for straff for mindre lovbrot, men det er ein nødvendig føresetnad at fornærma i saka ynskjer ein slik prosess.

Restorative justice kan også ha en plass i tillegg til straffa, og ha stor verdi med tanke på rehabilitering og tilbakeføring. Mekling kan også brukast for å gjenopprette familieband og andre relasjonar som er tynnslitne etter lang tids kriminell livsførsel.

Restorative justice skal få ein meir framtredande plass i oppfølginga av lovbrot. Det skal vere eit tilbod til både lovbrytar og dei som er råma av lovbrotet på eitkvart tidspunkt etter dommen.

(Kjelde: Justis- og politidepartementet)

Noreg var tidleg ute med forsoningsjustis (Restorative justice). Denne teknikken som har som mål å gjenopprette forholdet mellom partane i ei rettskonflikt er i dag mykje brukt.

Stipendiat ved juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB), Ingun Fornes har forska på Restorative justice og straff av barn.

Ho forklarar at utgangspunktet i strafferetten er at ein har dei same reglane for barn og vaksne, noko som står i motsetnad til ei rekke andre land som har eigne straffereglar for barn.

Noreg har likevel nokre særlege reglar for å ta omsyn til barn, og barnekonvensjonen som skal sørge for at barnet sine interesser blir ivareteke på best mogleg måte.

Ein prøver å unngå bruk av varetektsfengsling og fengsel, og straffereaksjonar som blir særlig brukt er overføring til konfliktråd og betinga påtaleunnlatingar.

Eigen ungdomsstraff

Ingun Fornes meiner at forsoningsjustis fungerer godt for unge lovbrytarar. (Foto: Eivind Senneset)
Ingun Fornes meiner at forsoningsjustis fungerer godt for unge lovbrytarar. (Foto: Eivind Senneset)

Eit nytt lovforslag om eigen ungdomsstraff for ungdom mellom femten og atten år vil opne for konfliktrådsbehandling i meir alvorlege saker enn vi nyttar det i dag.

Fornes seier lovforslaget ligg an til å bli gjennomført, og at det vil innebere behandling av saka i konfliktrådet.

– Dette vil fungere på same måte som betinga dom og samfunnsstraff gjer i dag ved at det er domsprøving før overføring til konfliktrådet, men i ungdomsstraffa vil det vere ei meir omfattande oppfølging i konfliktrådet enn det er i dag.

– Det vert opna for at meir alvorlege lovbrot kan hamne innanfor ungdomsstraffa. Straffereaksjonane vil derfor kunne vere strengare enn samfunnsstraff, seier Fornes.

Ho avviser at ungdomsstraffa vil føre til at valdtektssaker regelmessig vil hamne i konfliktrådet. Det krev inngåande vurderingar for å overføre saker til konfliktrådet, og dei grovaste seksuallovbrota vil truleg ikkje vere aktuelle.

Utfordringa

– Restorative justice har gitt gode resultat, men fara med ein “fri” reaksjon er at folk kan gå frå forsoningsmøtet utan å kjenne at dei har oppnådd det ein forventa, seier Fornes.

Ufordringa for juristane som forskar på området er denne spenninga mellom det frie og fleksible systemet og dei grunnleggjande rettsstatsverdiane og rettssikkerheitsprinsippa.

– Oppgåva til juristane er å foreine desse to, svært forskjellige systema, forklarar Fornes.

Utfordringa er at restorative justice har oppstått som ei motrørsle til strafferettssystemet. Derfor er det viktig å ha tenkt gjennom forholdet til systemet med strafferett.

Partane skal sjølv løyse problemet

Meklaren er ein hjelpar for partane i ei meklings- sak. Tvisten skal dei løyse sjølv, seier førsteamanuensis Camilla Bernt. (Foto: Eivind Senneset)
Meklaren er ein hjelpar for partane i ei meklings- sak. Tvisten skal dei løyse sjølv, seier førsteamanuensis Camilla Bernt. (Foto: Eivind Senneset)

Førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet ved UiB, Camilla Bernt, har forska på meklars rolle ved mekling i sivile saker. Bernt poengterar at meklarrolla er noko heilt anna enn dommarrolla.

Ho fortel at ei vanleg misoppfatning er at ein trur at ein meklar kan gi råd eller spå utfallet av ein dom, men dette bør ein profesjonell meklar avstå frå.

– Noko av verdien av mekling er at partane sjølve skal komme fram til løysinga på problemet sitt, medan meklaren skal fungere som ein katalysator i prosessen. Denne skal hjelpe partane framover ved å stille gode spørsmål.

– Rettssikkerheitsomsyn tilseier også at det er eit tydeleg skilje mellom mekling, der partane bestemmer utfallet, og domstolsprosess, der dommaren treffer avgjersla. Er meklaren for evaluerande kan dette skiljet verte uklart, seier Bernt.

Ho trekk fram at rettsreglar er generelle løysingar på spesifikke problem, medan ein får tilpassa løysingar med mekling.

– Partane lever normalt betre med kvarandre når dei inngår ei avtale, heller enn at dei vert påtvinge eit resultat gjennom ein dom, seier Bernt.