Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

– Forventningane vi har til jenter og gutar er truleg førande for korleis dei opplever at dei kan bevege seg og bruke kroppane sine. Eg trur ikkje dette alltid handlar om kva barna er fysisk kapable til å klare, seier Lillian Pedersen.

Jenter og gutar bevegar seg ulikt i barnehagen

Mens gutane er intense og utfordrande i bevegelsane sine, er jentene rolegare og meir verbale. Det bør ikkje dei vaksne stå stille og sjå på, meiner forskar.

Publisert

Ei jente, Ida, lagar mat i leikehuset ved å røre rundt i ei bøtte med sand. Gutane Georg og Jarle, som er hunden og katten hennar, spring rundt utanfor huset.

Jon er i huset saman med Ida, og ho seier til han at hunden og katten har rømt og at han må prøve å få tak i dei. Jon spring ut og når dei tre gutane kjem tilbake spring dei etter kvarandre og småslost.

Georg tek hovudet inn vindauga til leikehuset og spør Ida om det er greitt at dei er tigrar. Ida seier at det er greitt.

Dette er eit døme frå dei mange feltnotata til Lillian Pedersen. Ho har undersøkt kva mogelegheiter femåringar har til å bevege seg på leikeplassen i barnehagen.

Forskinga hennar viser at gutane på leikeplassen bevegar seg på intense og fysisk aktive måtar. Dei brukar store delar av leikeplassen i leiken. I leiken til gutane er det samspelet mellom kroppane deira som gjev leiken framdrift.

Jentene bevegar seg derimot på rolegare måtar og brukar mindre delar av plassen. Dei brukar det verbale språket til å utvikle leiken.

Studien til Pedersen, som er høgskulelektor på Høgskulen på Vestlandet, er basert på videoobservasjonar og feltnotat. Åtte femåringar i to ulike barnehagar var med i studien.

Forventar ulikt av jenter og gutar

Pedersen meiner vi i tidleg alder forventar ulikt frå jenter og gutar, og at vi dermed medvitslaust set ulike grenser for kva dei kan gjere i leiken.

– Forventningane vi har til jenter og gutar er truleg førande for korleis dei opplever at dei kan bevege seg og bruke kroppane sine. Eg trur ikkje dette alltid handlar om kva barna er fysisk kapable til å klare, seier ho.

Eit døme på dette er leiken der Henrik er baby, og Sara er storesøster til babyen.

Babyen er i barnehagen, og Sara sit på ei huske medan ho ventar på at ho skal hente babyen. Babyen klatrar rundt i barnehagen og innimellom stikk han av. Etter ei stund hentar Sara Henrik i barnehagen. Ho tek han med til huska og viser korleis han kan gjere det.

Henrik tek her rolla som baby i leiken og brukar kroppen sin på ein utfordrande, intensiv og litt rampete måte. Sarah tek rolla som storesøster og brukar kroppen sin på ein roleg, omsorgsfull og lite intensiv måte.

– Eit interessant spørsmål her er kva som ville skjedd om Henrik og Sara hadde skifta roller? Ville Henrik i rolla som storebror ha sett seg ned på huska og venta på å hente babyen? Og ville Sarah som baby ha vore rampete og stukke av frå barnehagen? undrar Pedersen.

Små grep frå dei vaksne kan utfordre bevegelsane til borna

Ho meiner at vi vaksne ikkje utan vidare skal akseptere forskjellane på korleis jenter og gutar bevegar seg.

I Rammeplanen for barnehagen er det ei målsetjing at alle barn skal ha likeverdige mogelegheiter til å bevege seg i uteleiken.

– Måten personalet brukar sine eigne kroppar på er grunnleggande her. Det skal berre små endringar til i måten personalet bevegar seg på for å utvide og utfordre dei vanlege bevegelsane til borna.

Eit døme på dette er når Anne og Helen får barna til springe om kapp.

Anne står på ein strek og nokre meter frå står Helen og tre barn, ei jente og to gutar, på ein annan strek.

Anne ropar: «klar, ferdig, gå» og Helen og barna spurtar til streken som Anne står på.

Bevegelsane i barnehagen får betydning for korleis dei ser seg sjølv

98 prosent av alle norske barn over tre år går i barnehagen og dei brukar mykje tid ute på leikeplassen. Når barna er på leikeplassen leikar og bevegar dei seg fritt.

Uteleiken er spesielt viktig for kva slags erfaringar barnehageborna får med å bevege kroppane sine.

– Truleg vil erfaringane borna får med bevegelse i uteleiken, bety mykje for synet dei får på seg sjølv og sine eigne kroppslege mogelegheiter.

– Om barnet gjentakande gonger erfarer seg sjølv som ein som kan bevege seg utfordrande, intensivt og rampete, får han ei anna forståing av og forventning til seg sjølv enn eit barn som erfarer seg sjølv som ein med rolege, omsorgsfulle og lite utfordrande bevegelsar.

Meir tilpassa skulekvardagen?

Pedersen stiller spørsmål ved om det er nokon av desse forventningane vi ser att i skulen.

Rapporten frå Stoltenbergutvalet viser til dømes at jentene lukkast betre på skulen enn gutane.

Kan hende dette peikar mot at kroppane til jentene er meir tilpassa skulekvardagen enn det kroppane til gutane er, og at dette får noko å bety for i kva grad dei lukkast på skulen eller ikkje.

Nokon born bestemmer meir enn andre

Pedersen har også undersøkt korleis borna brukar mobilt leikematerialet som ballar, syklar og spadar i barnehagen.

Det viser seg at relativt lite av det tilgjengelege materialet på leikeplassen blir brukt. Materialet blir brukt gjentakande og lite fritt. Enkelte barn har definisjonsmakt på korleis materialet blir brukt.

– I den eine barnehagen eg observerte, blei til dømes fotballen brukt på ein keepermåte, fordi ein av gutane var ein dyktig keeper og han definerte då korleis dei andre skulle bruke fotballen.

– I den andre barnehagen var det derimot ein gut som var god på triksing og dribling, og der vart ballen brukt på denne måten, også av dei andre barna.

Pedersen seier at når eit barn tar føringa og viser korleis det bestemte materiellet skal brukast, blir dette den rette måten å gjere det på for alle.

Ho seier ungane er viktige rollemodellar for kvarandre. Personalet bør difor vite noko om kva grenser barna med definisjonsmakt sett for dei andre barna.

Få studiar på uteleik

Til tross for at norske barnehagebarn brukar mykje tid på leikeplassen, er det få studiar som har sett på korleis barn bevegar seg der.

– Denne kunnskapen er verdifull for at leikeplassen og uteleiken kan få ei endå viktigare rolle i barnehagepedagogikken. Dette bør forskast meir på, både frå eit barneperspektiv og eit personalperspektiv, seier Lillian Pedersen.

Referanse:

Lillian Pedersen: Kjensla av leikeplassen. Ei kvalitativ undersøking av fem år gamle barn sine bevegelsespraksisar i barnehagen. Doktoravhandling ved OsloMet, 2. oktober 2020.

Powered by Labrador CMS