– For ambisiøse mål for skulemåltid

Dei nasjonale retningslinjene for skulemåltidet er altfor ambisiøse, meiner forskar. Maten og lokala på skulane klarar ikkje å leve opp til den nasjonale målsetjinga.

Publisert
Dei største utfordringane for skulemåltidet er dårlege lokalar, lav kompetanse og manglande finansiering. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)
Dei største utfordringane for skulemåltidet er dårlege lokalar, lav kompetanse og manglande finansiering. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Ifølgje nasjonale undersøkingar har rundt 30 prosent av norske ungdomsskuleelevar ikkje med seg matpakke på skulen.

I 2003 kom helsemyndigheitene med nasjonale retningslinjer som skulle sikre eit sunt skulemåltid for barne- og ungdomsskuleelevar.

– Skulane har lukkast med å få opp eit enkelt mattilbod. Men dei nasjonale retningslinjene er altfor uklare og ambisiøse, seier førsteamanuensis Asle Holthe frå Høgskolen i Bergen.

Han har forska på innføringa av skulemåltidet i tre ungdomsskuler.

Dårleg hygiene og utval

I studia har han hatt eit særskilt fokus på korleis individuelle og organisatoriske aspekt har påverka innføringa av retningslinjene, og har mellom anna intervjua lærarar, elevar og andre tilsette.

– Kva utfordringar opplevde skulane i innføringa av skulemåltidet?

– Skulane har gjort så godt dei kan ut ifrå ressursane sine, men tilbodet til elevane er lite. Dei største utfordringane på skulane har vore dårlege kantine- og kjøkkenlokalar, lav kompetanse og manglande finansiering.

– Kantinene har eit dugnadspreg over seg, og er basert på frivillig innsats frå elevar og lærarar. Dette har konsekvensar for kvaliteten på maten, kapasiteten og hygienen, seier Holthe.

Ikkje tilpassa målgruppa

Kantinene kan ofte ikkje konkurrere med utvalet og kvaliteten på maten elevane får kjøpt utanfor skulens område.

– Mattilbodet på skulen framstår som et supplement til matpakken framfor eit reelt alternativ til dei som ikkje har med seg matpakke, seier Holthe.

I tillegg gav elevane tilbakemeldingar om at dei oppfatta kantinene som uhygieniske, og maten dei kunne kjøpe var heller ikkje godt nok tilpassa målgruppa.

Forventar kantine

Ei anna utfordring er at elevane plutseleg kjem til stengt kantine, og at det elles er lite variasjon i mattilbodet.

Skulebygningane sjølve set avgrensingar for innføringa av skulemåltidet. Ei av skulane i studien brukte eit vanleg grupperom som kantine. Før retningslinjene kom, hadde to av skulane ingen mattilbod i det heile.

– Ifølgje dei nasjonale retningslinjene forventar ein til eksempel at alle ungdomsskulene skal ha si eiga kantine, men omgrepet kantine passar ikkje på alle skulane, seier Holthe.

Kortare friminutt

Ungdomsskulane som blei valt ut til studien, var tre store norske skoler som hadde opplevd utfordringar med innføringa av skulemåltidet. Ein stor del av elevane hadde ikkje med seg matpakke.

Eit kortare friminutt kan vere med på å gjere skulemåltidet meir vellykka. Tidlegare hadde elevane på skulane berre 20 minutt på å ete lunsj, medan dei no har 45.

– Ein del elevar som kjøpte usunn mat utanfor skolen tok denne maten med tilbake på skolen, og utfordra difor normene på skulen.

– Tanken var at dei ekstra minutta skulle gjere det mogleg for elevane å både ete lunsj og få fysisk aktivitet. Lengre friminutt gjorde at fleire elevar fekk tid til å kjøpe mat andre stader enn på skulen, difor auka tilgangen til andre aktørar som sel mat i nabolaget, seier forskaren.

Kven har ansvaret?

Førsteamanuensis Asle Holthe frå Høgskolen i Bergen.
Førsteamanuensis Asle Holthe frå Høgskolen i Bergen.

Studia viser at lærarane ser på skulemåltidet som noko som tar vekk hovudfokuset for undervisning, som er skulen si primæroppgåve.

Både elevar og lærarar må bruke undervisningstid til å lage mat for sal i kantina. Elevane får ikkje noko igjen for å delta i arbeidet, men mister undervisning som dei må ta igjen heime.

– Skulemåltidet er ein del av ein politisk debatt, der ein diskuterer kven som har ansvaret for at elevane et sunt. Er det skulen eller foreldra? Studia viser at lærarane og stiller spørsmål ved dette, som fører til at skulen sjølv distanserer seg frå ordninga, seier Holthe.

På skulane er det ofte ein eldsjel i personalet som har ansvaret for kantina, noko som gjer ordninga sårbar i fall den tilsette sluttar.

– Grunnalget for å lukkast synast å vere at leiinga på skulen sikrar ressursar til å innføre retningslinjene. Såleis gjer dei legitimitet til ordninga, slik at målkonfliktar kan reduserast, seier Holthe.

Burde vore pålagt

– Kva tiltak kan gje eit betre tilbod til elevane?

– Skulane må gå vekk frå dugnadspreget, og få tilstrekkelege ressursar frå myndigheitene. Ei anna løysing kan vere at skulane samarbeidar med profesjonelle eksterne aktørar, som kan levere skulemat.

– Ein kan til dømes bruke kommunale kjøkken som leverer mat til sjukeheimar og liknande. Det vert sjølvsagt dyrare, men tilsvarar nok faktiske kostnadar for eit velfungerande skulemåltid, seier Holthe.

Dagens retningslinjer om skulemåltidet er ikkje pålagt frå nasjonale helsemyndigheiter, berre rettleiande. Forskinga viser at rutinene for innføringa av skulemåltidet på skulane varierar.

– Det hadde faktisk vore ein fordel viss dei var pålagt, sidan ein då må gje skulane oppfølging, seier Holthe.

Bakgrunn:

Førsteamanuensis Asle Holthe frå Høgskolen i Bergen disputerte på Universitetet i Bergen med avhandlinga ”Evaluating the implementation of the Norwegian guidelines for healthy school meals” 30. juni 2010.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer