Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Skulen gir utdanning, men er også ein viktig arena for å få venner og verte ein del av fellesskapet i lokalsamfunnet.

Sosialt fellesskap banar veg ut av fattigdom

Fritidstilbod til alle barn og unge er viktige tiltak mot fattigdom. Det viser ein ny rapport om tiltak i ni Agder-kommunar.

Publisert

– Kommunane må leggje til rette skulekvardagen og aktivitetane i lokalsamfunnet slik at alle vert inkluderte. Det er nøkkelen til at folk kjem seg ut av fattigdommen, seier Niels Garmann-Johnsen.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for informasjonssystem ved Universitetet i Agder (UiA).

– Fattigdom kan lett gå i arv, så det gjeld å etablere tiltak som kan bryte sirkelen og hjelpe barn frå fattige familiar til å delta mest mogleg i samfunnet, for eksempel gjennom fritidstilbod saman med dei andre barna i kommunen, seier Garmann-Johnsen.

Kartlegging av tiltak

Saman med forskarane Øyvind Hellang og Nina Jentoft ved Norwegian Research Centre (NORCE) har han kartlagt tiltak mot fattigdom i ni Agder-kommunar. Dei publiserte nyleg rapporten Samhandling mot følgene av barnefattigdom – skulen som arena.

Funn fra forskinga er eit grunnlag for vidare arbeid retta mot barn frå husstandar med vedvarande låg inntekt i desse kommunane. Undervegs har forskarane mellom anna intervjua folk knytt til helse- og sosialsektoren, skuleadministratorar, lærarar og barn og foreldre i kommunane.

– Vårt overordna mål har vore å føreslå tiltak som kan utjamne forskjellar og sikre at også barn frå familiar med låg inntekt får utnytta sitt potensial, seier Garmann-Johnsen.

– Sosialisering er nøkkelen til å fjerne fattigdom for framtidige generasjonar, seier forskar Niels Garmann-Johnsen.

Fattigdom er meir enn pengemangel

Familiar vert rekna som fattige når den samla årsinntekta i husstanden er 50 prosent mindre enn medianinntekta. Medianinntekta ligg no på litt over 500 000 kroner.

10,5 prosent av innbyggjarane i Agder-kommunane fell under fattigdomsgrensa. Dei bur i husstandar der årsinntekta er rundt 250 000 kroner eller lågare. På landsbasis inngår 9,4 prosent av innbyggjarane i denne gruppa. Men ifølgje forskaren er dette ein teknisk definisjon.

– Det er nok langt fleire som slit med økonomien totalt sett, og 24 prosent av dei bur i følgje Statistisk sentralbyrå i ein husstand som ikkje har sjans til å klare ei uførutsett utgift, seier Garmann-Johnsen.

Noko av det viktigaste rapporten legg vekt på, er at fattigdom viser seg i meir enn mangel på pengar.

– Om du har låg inntekt, kan du kompensere ved å ha god helse og eit rikt nettverk. Men dersom familiar med låg inntekt også har eit lite nettverk og dårleg helse, vil barna der kunne få mykje å slite med, seier Garmann-Johnsen.

Sosialisering er nøkkelen

Vegen til å få seg arbeid går gjennom skulen. Og arbeid er vegen ut av fattigdom. Men skulegang dreiar seg om meir enn fag. Forskarane meiner at den sosiale deltakinga etter skuletid er vel så viktig.

– Sosialisering er nøkkelen til å fjerne fattigdom for framtidige generasjonar, seier Garmann-Johnsen.

Han viser til at samhandling med andre barn og unge gir øving i samtale og sosial omgang. Oppøving av sosiale evner og trening i samtale gir elevane ei kjensle av å meistre kvardagen.

– Elevane fell ikkje utanfor, men vert ein del av fellesskapet, seier Garmann-Johnsen.

Forskarane meiner også det er grunn til å leggje meir vekt på estetiske fag i skulen.

– Estetiske fag krev gjerne at du deltek i diskusjonen med eigne erfaringar, og det styrkjer fellesskapskjensla og øver opp samtaleevna, seier Garmann-Johnsen.

Tilbod til alle

Her er nokre av dei andre tiltaka som fungerer godt for å inkludere alle:

  • Fritidstilbod til barn i alle aldrar
  • Los-koordinator eller familiekoordinator som følgjer opp dei som treng det
  • Gratis idrettsutstyr og fritidsaktivitetar
  • Gratis transport

Froland og Tvedestrand er blant kommunane som har etablert ein bibliotekklubb for aldersgruppa 8-12 år som verken går på SFO eller har andre tilbod.

– Klubben fungerer som opphaldsstad og sosialt samlingspunkt for denne aldersgruppa mellom skuleslutt og fram til foreldre er heime frå jobb. Her får dei også leksehjelp og til og med litt matservering, seier Garmann-Johnsen.

Kommunane Risør og Åmli har gode erfaringar med såkalla los-koordinatorar. Dei losar rett og slett ungdom frå ressurssvake heimar frå ungdomsskulen til vidaregåande.

Rapporten rår alle kommunane til å ha relevante fritidstilbod til barn og unge i alle aldersgrupper.

– Gratis fritidstilbod medfører utgifter, men på sikt får kommunane mange gonger igjen for det ved at ungdommen sosialiserer seg, vert flinke til å kommunisere med andre, får venner og nettverk og etter kvart vel å gå vidare på skule, seier Garmann-Johnsen.

Saman med andre forskarar, vil Niels Garmann-Johnsen gjerne følgje opp tiltaka som no vert vidareført i dei ni kommunane.

– Vi bør få klare målingar på korleis dei ulike tiltaka fungerer over tid, seier han.

Om forskningsrapporten

Rapporten Samhandling mot følgene av barnefattigdom – skulen som arena er mellom anna basert på ein forstudie UiA har gjennomført saman med NORCE og ein studie av forskingslitteratur om fattigdom.

Samtidig er det gjennomført eit forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid mellom UiA, NORCE og dei ni Agder-kommunane Birkenes, Froland, Gjerstad, Grimstad, Iveland, Risør, Tvedestrand, Vegårshei og Åmli.

Referanse:

Niels Garmann-Johnsen mfl.: Samhandling mot følgene av barnefattigdom (SAMBA). Norce Samfunnsforskning, 2020.

Powered by Labrador CMS