– Lucia-tradisjonen med den kvitkledde jenta med krans rundt hovudet kan me følge tilbake til 1800-talet frå området rundt Vänern. Han kom til Noreg på 1900-talet. Det er svensk kulturimport, seier forskar. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Bakgrunn: Veit du forskjellen på Lucia og Lussi?

13. desember feirar vi St. Lucia. Men ifølgje folketradisjon er det også kvelden når det vondsinna vesenet Lussi kjem ut for å straffe uskikkelege barn. 

 

To ulike tradisjonar slår til på same dato i adventsmånaden desember. Både Lucia og Lussi deler 13. desember.

– Dei to må ikkje blandast saman. Lussi-tradisjonen er den eldste i Noreg, seier Herleik Baklid. 

Han er fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Søraust-Noreg og ekspert på norske tradisjonar.

Luciafeiringa truleg svensk import

Med lussekatter, omtanke, barnleg glede og lys er feiringa av St. Lucia vel implementert i norsk barnehage og skule. Kor oppstod eigentleg denne tradisjonen?

–  Lucia-tradisjonen med den kvitkledde jenta med krans rundt hovudet kan me følge tilbake til 1800-talet frå området rundt Vänern. Han kom til Noreg på 1900-talet. Det er svensk kulturimport, informerer Baklid.

Han fortel at dette er restar etter St. Lucia som budde på Sicilia. Denne helgenen overtalde mor si til å dele medgifta si med dei fattige. Forloveden til mora likte dette dårleg og angav Lucia.

– Ho leid martyrdøden rundt 300 år etter Kristus. Lucia døydde med eit brennande lys i handa og den heidrande skikken kom i stand.

– Fra Vänern-området tok svenske studentar med seg skikken til universiteta i Uppsala og Lund og utvikla den vidare, mellom anna ved å markere lysgangen sterkare. Da dei feira Lucia, gjekk dei i fyrste omgang rundt i heimane til folk. Der serverte dei mat og drikke. Så spreidde det seg kollektivt til skular og barnehagar, seier historikaren.

Han legg til at somme meiner Lucia også kan ha tysk opphav, men at dette er litt usikkert.

Natta når dyra talar

Den andre litt meir spanande tradisjonen Lussi fell også på den heilage minnedagen til den katolske helgenen.

– Lussi er eit kvinneleg vondsinna vesen som fer rundt. 13. desember blei i folketradisjonen rekna som den lengste natta i året. I mellomalderen fall solsnu på 13. desember, seier Baklid.

Denne natta kunne dyra tale. Husdyra syntest ho var drøy å kome gjennom.

«Lussinatta den lange, sa kyra og beit tre vendur i bande. Ho e som to, sa bekeren. Fall fari høtt ho e, sa geita» heiter det frå folketradisjonen.

Lussi kjem av og til køyrande med eller ridande på hest.

– Aller mest farleg var det for ungar som ikkje hadde vore snille. Dei kunne ho straffe, seier Baklid.

Lussi kunne kome åleine eller fleire stykk i ei ferd.

– I Mandal var ho rundt og kontrollerte at visse typar arbeid på gardane var gjort. Ho kunne også kome storjuleftan 24. desember. Da kunne ho rope «inkje brygga, inkje baka, inkje store eldar hava» ned i pipa, seier Baklid.

Konsekvensen av ikkje å ha gjort det ein skulle kunne bli at Lussi reiv ned pipa og slo sund det som var på skorsteinen. Tidlegare rekna ein at juleperioden tok til 13. desember. Så da er det berre å sjå om det er den eine eller den andre som dukkar opp på onsdag.

Powered by Labrador CMS