Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

EastGRIPs dom og to av garasjene, i eit kaldt og goldt landskap.
EastGRIPs dom og to av garasjene, i eit kaldt og goldt landskap.

Kronprinsen bidrog til klimaforsking på Grønland

Midt i isødet på Grønland ligg forskingsstasjonen EastGRIP. Boring av kjerner viser isen 100.000 år tilbake i tid.

Korleis fann eigentleg nokon på å studere isen på Grønland for å lære om klimaet?

«Det er ei forteljing om sære idear, regnvatn, eventyrlege ekspedisjonar, og frykta for atomkrig,» skriv forskar Anne Katrine Faber, om Grønlandsforskinga sin spede start på 50-talet.

I dag er Grønland ein sentral stad for mange arktiske prosjekt.

The East Greenland Ice-core Project, eller EastGRIP, er ein base der hovudarbeidet er å bore iskjerner ut av verdas raskaste isstraum.

Målet er å sanke ny viten om korleis isstraumane oppfører seg og bidreg til framtidig havnivåstigning. Det er også ei god kjelde til kunnskap om fortidsklimaet tilbake til forrige istid.

Kronprins Haakon har deltatt i Universitetet i Tromsøs jubileumsekspedisjon over Grønland. Ved starten i byen Ilulissat møtte ekspedisjonen med UiT-rektor Dag Rune Olsen forskerne Dorte Dahl-Jensen, professor ved Københavns Universitet og Kerim Hestnes Nisancioglu, professor ved UiB og forskningsleder ved Bjerknessenteret.
Kronprins Haakon har deltatt i Universitetet i Tromsøs jubileumsekspedisjon over Grønland. Ved starten i byen Ilulissat møtte ekspedisjonen med UiT-rektor Dag Rune Olsen forskerne Dorte Dahl-Jensen, professor ved Københavns Universitet og Kerim Hestnes Nisancioglu, professor ved UiB og forskningsleder ved Bjerknessenteret.

Tunnelsystem under isen

Forskarane hentar opp iskjerner frå djupt nede i isstraumen. Dette gjer dei ved å grave ut store tunnelar under isen.

Sjølve tunnelsystemet blir laga ved å frese ut djupe grøfter i isen. Deretter blir store ballongar blåste opp før dei blir dekt av snø.

Når snøen er fast, blir lufta sloppen ut av ballongen. Ballongane lagar nyttige strukturar, ventilasjonsrør blir innstallert og djupe renner må til for å skape eit perfekt miljø for boring.

I tunnelen under isen lagrast borekjerner.
I tunnelen under isen lagrast borekjerner.

Snøen som fall for 100.000 år sidan

Gjennom forskingsprosjektet ice2ice frå 2014-2019 har forskarar ved Universitetet i Bergen bidratt til å sikre klimaarkiv på over 100.000 år frå isen på Grønland i form av iskjerner.

Innelukka i iskjernene frå djupet finst luftbobler som fortel om lufttemperaturen då isen fall som snø for mange tusen år sidan.

I 2019 fekk også ein legofigur vere med forskarar til Grønland.

Ballongar, luftekanalar og kablar er på plass.
Ballongar, luftekanalar og kablar er på plass.

Kronprinsen bidrog

Kva skjer frå snøen fell på toppen av isen til den blir lagra som is nedover i isbreen?

Dette spørsmålet er sentralt i SNOWISO-prosjektet som er leia av Hans Christian Steen-Larsen. Saman med kollegaer vil han samle over fem tusen prøvar frå snøoverflata for å finne koblingar mellom målingane i atmosfæren og klimasignalet i snøen.

Kronprins Haakon deltok nyleg på ein ekspedisjon over Grønlandsisen. Undervegs bidrog kronprinsen med å ta snøprøvar som dei overleverte til forskarane på EastGRIP, som var eit viktig delmål for ekspedisjonen.

Få ei 360 graders omvisning på EastGRIP med denne videoen.

EastGRIP

Prosjektet East Greenland Ice-Core Project (EastGRIP) skal bore 2550 meter ned gjennom ein isstraum på Nordaust-Grønland. Det vil gje ei borekjerne av is som representerer klimaet dei siste 50.000 åra.

Prosjektet vert leia av Center for Is og Klima ved Københavns Universitet og har partnarar frå tolv land. Bjerknessenteret er ein av dei.

Powered by Labrador CMS