Nase for det uperfekte

Ei ubrukeleg flintøks og andre uferdige og forkasta produkt kan fortelje arkeologane mykje om livet til steinalderbarna.

Publisert
Den ubrukelege øksa Sigrid Alræk Dugstad studerer, har mange hoggefeil i både egg og kropp som tyder på at ho er hoggen av ein person med manglande ferdigheiter, sannsynlegvis eit barn. (Foto: Terje Tveit)
Den ubrukelege øksa Sigrid Alræk Dugstad studerer, har mange hoggefeil i både egg og kropp som tyder på at ho er hoggen av ein person med manglande ferdigheiter, sannsynlegvis eit barn. (Foto: Terje Tveit)

Der pilspissar, økser og andre fint tilhogde reiskapar tradisjonelt har vorte vektlagde i forskinga, har arkeolog Sigrid Alræk Dugstad i Rogaland fylkeskommune konsentrert seg om det som ligg på botnen av hierarkiet, nemleg avfallsmaterialet og dei uferdige og forkasta produkta.

– Dei mange gjentekne hoggefeila tyer på at øksa er laga av ein lite øvd flinthoggar, sannsynlegvis eit barn, seier Dugstad.

Ved utgravinga på Hundvåg i Stavanger i 2001 og 2002 vart fem stader frå eldste steinalder utgravne, ei utgraving som skulle kome til å bli viktig i forskingssamanheng.

Dugstad var feltleiar på flateavdekkinga, der det blei undersøkt lokalitetar som var svært godt bevarte, sjølv om det har vore mykje aktivitet i området i nyare tid.

Funn i avfallsmateriale

Haugen av avfallsmateriale på den eine lokaliteten var ikkje til å ta feil av. Dette var staden der menneska hadde arbeidd med å lage flintreiskapar, i tillegg til at dei har brukt den låge bergknausen til å partere dyr og preparere skinn og huder.

Hoggeplassen låg eit lite stykke frå sjølve buplassen, men han har vore ein integrert del av buplassområdet og har utan tvil blitt mykje brukt.

Dugstad beit seg merke i avfallsmaterialet som låg her. Ho såg at mesteparten av flintavfallet kom frå ei øks som må ha vore tilhogd av ein lite skulert hoggar. Det var her ho fann den forkasta øksa.

Barn under opplæring

Den forkasta øksa er ikkje funksjonell og har heller aldri vore i bruk. Øksa var kasta saman med om lag 450 avslag av flint som låg tilbake på hoggeplassen. Både øksekroppen og egga er øydelagde av fleire påfølgjande hoggefeil.

Til slutt har det ikkje vore mogleg å rette opp att dei mange feila, og øksa har blitt kasta i avfallshaugen. Dugstad er ikkje i tvil om at dette mest sannsynleg er eit produkt frå eit barn eller ungt individ i ein opplæringsfase.

– Truleg er denne øksa ikkje hoggen av ein vaksen. Feila er for mange og markante til å vere utført av ein øvd og rutinert hoggar. Dette er nok eit barn sitt verk. Ein øvd hoggar vil sjølvsagt òg gjere feil, men han vil kunne rette opp att feila undervegs.

I vårt tilfelle kan ein sjå at øksa er laga av ein person med både manglande teoretisk kunnskap og motoriske ferdigheiter.

– Ut frå dei mange og karakteristiske hoggefeila er det òg lite som tyder på at nybegynnaren har fått noka form for klåre eller direkte instruksjonar om korleis ein skal gå fram under reiskapsframstillinga. Kanskje har det å øve seg vore ei målsetjing i seg sjølv og ikkje nødvendigvis det ferdige produktet, undrar Dugstad.

Utforskar steinalderbuplassen

I Frankrike har det særleg sidan byrjinga av 1990-talet blitt gjennomført enkelte svært krevjande undersøkingar av steinalderbuplassar. Forskinga på det tilhogde steinmaterialet har vist at det er mogleg å peike ut arbeidet og rørslene til enkeltpersonar på buplassane.

Desse såkalla casestudiane avspeglar at særleg avfallsmateriale frå reiskapsproduksjon er godt eigna som utgangspunkt for å peike ut ulike ferdigheitsnivå blant flinthoggarane og dermed òg leiken og etterlikningane til barna.

I Noreg har endra utgravingsmetodar det siste tiåret og inspirasjon særleg frå den franske forskinga gjeve moglegheiter og auka interesse for å finne ut meir om enkeltindivida.

– Det er opplagt at barn må ha vore ein viktig del av det daglege livet på steinalderbuplassane. Kontrasten mellom mengda barn som har levd, og den manglande evna til å oppfatte og definere dei i det arkeologiske materialet er slåande, fortel Dugstad.

Tradisjonelt har arkeologar som har jobba med pionerbusetjinga, vore opptekne av innvandringsruter, overordna busetjingsmønster og korleis desse er relaterte til utnytting av ulike økologiske soner. Dugstad vil leggje vekt på andre ting i sine studiar av fortida.

– Eg vil gjerne vite meir om sjølve buplassane. Grundige søk i større flater vil gje oss svar på spørsmål me ikkje har søkt svar på tidlegare. Kva skjedde på buplassane? Kvar og korleis har kunnskapsoverføringa mellom generasjonane funne stad?

Ikkje miniatyrutgåver

Store mengder flintknollar blei frakta med isen og kunne plukkast langs strandkanten på Vestlandet. Flintknakking var ein av dei viktigaste teknikkane i steinalderen. Slik sett trur forskaren at det er mogleg å finne spor etter nybegynnarane og opplæringssituasjonar nettopp langs Vestlandskysten.

– Dei skarpe egga til steinreiskapane var avgjerande for utføring av ei rekkje oppgåver. I den tidlegaste busetjingsfasen i Noreg, då grupper etablerte seg i eit nytt og framandt landskap, er det nærliggjande å tru at kvart individ trong grunnleggjande kunnskap om og ferdigheit i denne typen reiskapsproduksjon.

– Det er sjeldan at barn er assosierte med flinthogging, men også dei burde vore inkluderte med tanke på at dei har hatt ei viss form for læretid, meiner Dugstad.

Ho viser til at både barn, kvinner og men utfalda seg på buplassane. Derfor trur arkeologen at det òg er her det er størst moglegheit for å finne materielle spor etter barn.

– Overføring av kunnskap og opplæring, med omsyn både til produksjon og bruk av steinreiskapane, gjekk føre seg relativt tidleg i livet, som leik og etterlikning eller i form av munnleg eller fysisk instruksjon.

– Eg trur derfor ikkje at produkta som kjem frå barn, nødvendigvis er miniatyrutgåver. Det er meir naturleg at barna har søkt å lage ting i naturleg storleik og etter ideala til dei vaksne. Dette ser vi òg i ulike nye eksperiment med flinthogging der barn og vaksne har delteke.

Arkeologisk pionerarbeid

– Barnearkeologien utfordrar tenkesettet til forskaren, både når det gjeld innsamla arkeologisk materiale, og når arkeologen går ut i landskapet og skal stille prognosar for kvar det har vore busetjingar i fortida, og kven menneska er som har budd der.

Dette seier pioneren på barnearkeologi, professor Grete Lillehammer ved Arkeologisk museum i Stavanger.

Heilt sidan tidleg på 1970-talet har ho jobba for og med dette temaet, og på slutten på 1980- talet stod ho òg for den fyrste banebrytande artikkelen om forsking på barn i fortida, ein artikkel som vekte fagmiljøet i Europa.

– Ein kan sjølv tenkje seg at det å arbeide med fortidsmenneske som opererer i to verder, stiller ekstra krav til arkeologen. Samstundes som dei var knytte til den vaksne verda, var dei barn som likte å stikke av og leike gøymsle.

– Desse spora etter barneleiken er marginale og må vere spreidde utover eit stort og mangfelt område, og dei er ikkje lette å få auge på, forklarer Lillehammer.

Framleis jobbar ho aktivt med å støtte nye forskarar som skal i gang med studium i barnearkeologi, eit arbeid som er viktig for å auke bevisstgjeringa om barn i fortida og gjere det naturleg å leite etter spor etter barn i utgravingar, seier Lillehammer.

Referanse:

Lillehammer, Grete (red.) 2010: Socialisation. Recent Research on Childhood and Children in the Past, Proceedings from the 2nd International Conference of the Society for the Study of Childhood in the Past in Stavanger