Annonse

Lærd og alternativ

Folk med universitetsgrad er gjerne dei første til å prøve alt som er nytt. Også innan helsetilbod.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Bruken av alternativ behandling – alt frå homeopati og akupunktur til handspålegging og soneterapi – aukar år for år.

Kvart år oppsøker nesten 13 prosent av den vaksne befolkninga ein alternativ behandlar.

Så mykje som halvparten av alle vaksne nordmenn har gjort det ein eller annan gong i livet.

Bruken stig med utdanningsnivået. Dei aller flittigaste brukarane av alternative behandlingsformer er no folk med ein universitetsgrad.

Flest av dei kreftsjuke

Forskarar ved NTNUs Institutt for samfunnsmedisin har sett på opplysningar som 1406 nordtrøndarar gav under den andre Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag. Dette var personar som anten hadde kreft på det tidspunktet, eller som nyleg hadde hatt det.

På spørsmål om dei hadde oppsøkt alternativ behandling det siste året, svara 16,1 prosent at ja, det hadde dei.

Ser vi på utdanningsnivå, finn vi denne fordelinga: Folk med grunnskule: 13,9 prosent. Folk med vidaregåande/yrkesutdanning: 17 prosent. Folk med høgare utdanning: 19,1 prosent.

Logisk

Ein skulle kanskje trudd det var omvendt: at dei høgt utdanna heldt seg langt unna det mange kallar kvakksalveri.

Men homeopat Aslak Steinsbekk, som er ein av forskarane bak undersøkinga, seier at funna stemmer med internasjonal forsking. Det er slik ute i verda også.

– Det er ikkje ulogisk heller, meiner han.

– Vi veit at det oftast er dei med utdanning som oppsøker det nye og ukjende, og som vågar å prøve nye ting. Det kan vere nye produkt, nye stader eller nye metodar. Dei går føre og brøyter veg, og så kjem dei andre etter.

– Skjønt, når det gjeld alternativ behandling, er det heller slik at dei tidlegaste brukarane var dei som var sjukast. Dei var mykje sjukare enn dei fleste som oppsøker slik behandling no, seier Aslak Steinsbekk.

Powered by Labrador CMS