Flyktningar utan rettstryggleik

Verken stat eller internasjonale organisasjonar vil ta det fulle ansvaret for sivile i flyktningeleirar. Resultatet er at dei sit att utan rettstryggleik.

Publisert
(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)
(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Winston Churchill omtalte ein gong det frodige og grøne Uganda som Afrika si perle.

Medan hordar av turistar har vore i landet for å nyte sola, dyrelivet og det vakre landskapet, har livet i flyktningeleirane nord i landet vore prega av mishandling, valdtekter og raid.

I 2006 forsvann rebellane i området til naboland, og det store fleirtalet flytta frå flyktningeleirane. Men framleis bur somme i leirane.

– Flyktningane i dei interne leirane nord i Uganda levde under konstante åtak frå alle kantar. Dei sat fast i ei felle, seier Maja Janmyr, stipendiat ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sterkt traumatiserte

Janmyr undersøkjer lovverket kring vern av sivilbefolkning på flukt, og har gjort feltarbeid blant internt fordrivne flyktningar og sudanesiske flyktningar i Uganda. Dei interne flyktningane tilhøyrer ei folkegruppe kalla acholifolket.

Dette har vore ei marginalisert gruppe i Uganda, og kring 1996 vart dei tvinga inn i flyktningeleirar først og fremst fordi den ugandiske presidenten Museveni var redd for at dei skulle støtte opprørsgrupper. Påskotet for å stue dei saman i flyktningeleirar var å beskytte dei frå dei same opprørarane.

Flyktningane fortel om ein kvardag der brot på menneskerettane var normaltilstanden, der dei måtte sette ut maten sin til opprørarar for å få vere i fred og der barn og unge vart rekrutterte til å vere barnesoldatar.

Dei internt fordrivne acholiflyktningane hadde ikkje krav på internasjonalt vern, og til trass for at også dei sudanske flyktningane vart utsette for åtak, vart acholiane dermed endå meir sårbare enn sudanesarane.

– Acholifolket har den høgaste forekomsten av psykiske lidingar av alle folkegrupper på flukt. Det er tydeleg at mange er djupt traumatiserte av det dei har opplevd, seier ho.

I flyktningeleirane vart dei utsette for overgrep, ikkje berre frå dei ugandiske militære som var sette til å beskytte dei mot åtak, men også frå opprøyrarar som med jamne mellomrom storma leirane, og frå den sivile militsen som militæret hadde rekruttert til å ta seg av tryggleiken i leirane.

Hardhendt sivil milits

Rebellane stod for dei fleste og verste overgrepa mot flyktningane, men den sivile militsen utførte også sjølve grusomme overgrep, ifølge Janmyr.

Militsen hadde verken nok utdanning eller våpen til å kunne gje flyktningane noko vern, men nok våpen til å skape usikkerheit.

– Til trass for at militsen si oppgåve skulle vere å verne sine eigne, skapte dei større problem enn om dei ikkje hadde vore der i det heile, seier Janmyr.

Då dei vart konfronterte med overgrepa, var reaksjonen ofte at dei hadde høyrt om overgrep i andre leirar, men aldri sett noko der dei sjølve heldt til. Og sjølv om mange av militsmedlemmene var tvangsrekrutterte, var dei stolte over å ha stilt opp for folket sitt.

– Brota mot sivilbefolkninga vart ein slags normaltilstand. Overgrep var så vanlege at ein del ikkje ein gong reflekterte over at dei vart mishandla, seier Janmyr.

Jurist i felten

Maja Janmyr har gjort feltarbeid blant flyktningar i Uganda. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)
Maja Janmyr har gjort feltarbeid blant flyktningar i Uganda. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Intervjua med flyktningane har Janmyr gjort ved hjelp av tolk. Dei har samla seg utandørs ved acholiane sine eigne møtestader - kosta jordgolv omkransa av tre som gjev skugge frå den brennande sola.

Her har somme av dei fortalt mykje om tida i flyktningelairane, medan andre har vore svært tilbakehaldne. Somme var redde for at den framande juristen eigentleg jobba for den ugandiske staten.

Fleire var så engstelege at Janmyr bestemte seg for å ikkje gjere noko intervju med dei. Andre forventa at ho som kvit kvinne kom frå ein internasjonal hjelpeorganisasjon og skulle bygge opp infrastrukturen i området.

– Det var ei utfordring å forklare kva akademisk forsking er, og kvifor nettopp deira opplevingar er viktige, seier ho.

I tillegg var det utfordrande for ein jurist med lite utdanning innanfor sosiologisk og kvalitativ metode å gjere feltarbeid av denne typen. Janmyr meiner at det er for lite av dette i pensum og at jussen kan ha utbyte av å opne seg meir mot andre fagfelt.

– Det treng ikkje vere noko gale med lovgivinga ein undersøkjer, like ofte kan det vere implementeringa som sviktar. Dette ser du ikkje dersom du ikkje er ute i felt og hentar erfaringar, seier ho.

Uklart mandat

Det er tilfelle for mange av dei rettane og praksisane som er nedfelte i internasjonale konvensjonar og lover. Sjølv om dei finst, fungerer dei dårleg.

Problematikken kring flyktningeleirar illustrerer poenget. Uroen knytta til leirane byrja då dei afrikanske statane frigjorde seg frå kolonimaktene på 60- og 70-talet. Fridomsforkjemparar hadde då base i flyktningeleirar og var under beskyttelse av FN.

Etter kolonikrigane vart det klart at flyktningeproblemet ikkje kom til å forsvinne, og statane var ikkje lenger like tolerante i høve til at flyktningeleirane vart nytta som militærbasar eller vart utsette for åtak.

Åtak både på og frå flyktningeleirane var framleis daglegdagse. Men med tanke på kor lenge det er sidan ein byrja å drøfte tilhøva i flyktningeleirane og kor alvorleg situasjonen er, har det skjedd forsvinnande lite, ifølge Janmyr.

I utgangspunktet er det staten som har ansvaret for tryggleiken til flyktningar innanfor landets grenser.

– Alle har grunnleggjande rettar og desse er relativt klare. Problemet er kven som skal sikre desse rettane når staten verken kan eller vil beskytte flyktningane, seier ho.

Ifølge internasjonale konvensjonar skal flyktningeleirar vere sivile og humanitære, utan noko form for militær tilstadeverelse. Mange har også krav på internasjonal beskyttelse frå FN sin høgkommisær for flyktningar (UNHCR), som dei sudanesiske flyktningane i Uganda.

Likevel opplevde også dei å bli utsette for åtak frå opprøyrsgrupper. Det er behov for ei avklaring av kva retten til internasjonal beskyttelse inneberer og kor langt mandatet går meiner Janmyr.

Ein stat i staten

Den store utfordringa er mangelen på handhevingsmekanismar, ifølge Janmyr. Men mangelen på slike mekanismar er ei dårleg unnskyldning for å ikkje gje flyktningane den beskyttelsen dei har krav på meiner ho.

– Dersom det er slik at organisasjonar som UNHCR har eit ansvar i slike tilfelle, så må vi arbeide fram handhevingsmekanismar som kan halde dei ansvarlege når dei ikkje stiller opp. Dette er ei oppgåve det internasjonale samfunnet må ta på seg, seier ho.

Janmyr understrekar at dette ikkje berre gjeld UNHCR, men at diskusjonen om ansvar også kan koplast til det arbeidet fredsbevarande styrker gjer i ulike delar av verda.

Ho peikar på at UNHCR i enkelte land fungerer som ein de facto stat, der dei bestemmer alt frå kva slags status flyktningane skal ha til kva mat dei får tilgang til. Flyktningane er avhengige av organisasjonen på alle område av livet.

– Dersom UNHCR fungerer som ein stat bør organisasjonen også kunne haldast til ansvar på ein liknande måte som ein stat, seier ho.

Samstundes peikar ho på at situasjonen i flyktningeleirar ikkje berre dreier seg om ei avklaring av ansvar.

– Flyktningeleirar er kroniske når det gjeld brot på menneskerettar og dei som bur der har mykje dårlegare helse enn andre. Men leirane er lette å administrere og lette å utnytte for statar som kan vise fram flyktningane og kreve finansiell støtte. Det ideelle er at det ikkje finst flyktningeleirar. Det er det lett å gløyme, seier ho.