– Uten tilgang på luft vil flyteevnen minke og laksen kan få velferdsutfordringer som dårlig appetitt og vekst, og skader på snute og skinn, forklarer Frode Oppedal, forsker ved Havforskningsinstituttet. (Foto: Havforskningsinstituttet)

– Ikkje lenger tvil om at rømt oppdrettslaks påverkar genane til villaks

Det er konklusjonen etter at forskarar har gått gjennom all tilgjengeleg kunnskap om temaet.

Forskarane har gått gjennom over 300 vitskapelege artiklar frå ulike land og forskingsmiljø. Dei er no klare på at villfisk utan tvil vert genetisk påverka av rømt oppdrettslaks dersom denne kjem seg opp i elvane og klarar å gyte saman med villaksen.

–  Eit viktig bidrag i analysen vår er to artiklar frå Noreg som er publisert dei siste åra. Desse har gitt oss data på kor mykje innblanding det er frå rømt oppdrettsfisk i omtrent 125 norske elvar, fortel Kevin Glover som er forskar ved Havforskingsinstituttet og har leia arbeidet med den nye publikasjonen.

Forskarane seier at kunnskapsgrunnlaget er nå så omfattande, at den langvarige debatten som har gått på om oppdrettslaks har spreidd genane sine til naturen no bør endrast til kva konsekvensar det har at rømt laks påverkar genane til villaks.

Fleire meiner det same

Også forskarar frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) har vore med på arbeidet. Dei er like klare i si oppfatning av situasjonen:

–  Vi kan ikkje lenger tvile på at rømt oppdrettslaks har satt eit genetisk spor etter seg i naturen, og det er eit stort steg framover når det gjeld kunnskap på dette feltet, seier Kjetil Hindar som er forskingssjef på NINA og medforfattar på publikasjonen.

Veit mykje om kva genetisk påverknad fører til

Ifølge forskarane er rømt laks og risiko for genetisk påverknad på ville bestandar ein av dei mest alvorlege utfordringane knytt til norsk oppdrettsnæring. Problemstillinga har mellom anna vore trekt fram i Havforskingsinstituttet si årlege risikovurdering av norsk fiskeoppdrett.

I det nye arbeidet har forskarane summert all tilgjengeleg kunnskap. Nokre av dei viktigaste punkta er:

  • Oppdrettslaks er domestisert, altså gjort til husdyr og utvikla gjennom arbeid med avl. Det fører til dømes til at oppdrettslaksen blir opp til fem gonger så stor som vill laks i same tidsrom når dei får oppdrettsfôr.
  • Rømt oppdrettslaks har lågare gytesuksess enn vill laks, likevel lukkast ein del rømt fisk å gyte i elvane. Innkrysning av rømt oppdrettslaks er no godt dokumentert i mange vassdrag i Noreg.
  • Avkom av oppdrettslaks har redusert overleving i naturen – dette er godt dokumenterte i tre elvar der det er full kontroll med opp- og nedvandrande fisk.
  • Avkom av oppdrettslaks konkurrerer med den ville laksen om dei same leveområda og den same maten. Det betyr at det i kvar elv vil bli produsert færre smolt der begge foreldra er villfisk, og det totale talet på smolt vil truleg også bli redusert. I tillegg kan vi forvente ein reduksjon i talet på laks som returnerer til elvene som vaksne.
  • Forskarane forventar å sjå forandringar i viktige eigenskapar i bestandar der oppdrettslaks har kryssa seg inn. Forsøk har vist at innkryssing av oppdrettslaks både kan forandra kor gamal fisken er før han vandrar til havet, og kor mange år han er i sjøen før han vandrar tilbake til elva for å gyte. Ei slik endring vil òg føre til redusert overleving, slik forskarane har sett i kontrollerte elvar.
  • Det er også dokumentert ein reduksjon i genetisk forskjell mellom ville laksebestandar der oppdrettslaks har kryssa seg inn. Det skjer fordi rømt oppdrettslaks har begrensa genetisk bakgrunn. I praksis betyr det at den genetiske forskjellen mellom bestandar blir redusert fordi oppdrettslaks som har begrensa genetisk diversitet, blir blanda inn. Konsekvensen av dette er at etter svært lang tid begynner alle å sjå like ut.

Effektane av rømt oppdrettslaks vil variere frå bestand til bestand, avhengig av mellom anna innblandingsnivå, bestanden sine eigenskapar og kor robust den er.

Ifølgje Glover er det også viktig å sjå problema som røming skapar i samanheng med andre utfordringar som laksen har. Til dømes lakselus, endra vassføring i elvane i samband med kraftutbygging og tilgang til mat i havet. Innkrysning kjem på toppen.

Referanse:

Kevin A Glover m.fll: Half a century of genetic interaction between farmed and wild Atlantic salmon: Status of knowledge and unanswered questions. Fish and fisheries. Mars 2017. DOI: 10.1111/faf.12214

Sten Karlsson m.fl: Widespread genetic introgression of escaped farmed Atlantic salmon in wild salmon populations. ICES Journal of marine science. 2016. DOI:https://doi.org/10.1093/icesjms/fsw121. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS