Innbyggjarar i ei rekkje kommunar rundt omkring i landet stemmer no på om dei er for eller imot ei kommunesamanslåing. – Større kommunar gir meir hierarki og byråkrati. Det viser forskinga. Når vi samtidig veit at omkring 70 prosent av alle fusjonar ikkje lykkast, teiknar det seg eit dystert bilete for dei framtidige storkommunane, seier professor Morten Øgård ved Universitetet i Agder (UiA). (Foto: Tor Høvik, Bergens Tidende, NTB scanpix)

– Ingen fordel med større kommunar

- Det finst ikkje forsking som viser at større kommunar er betre enn små. 

Det seier professor Morten Øgård ved Universitetet i Agder (UiA). Han har arbeidd med spørsmål om struktur og storleik på kommunar i snart 20 år og kjem snart ut med ut ei ny bok om styringsutfordringar i turbulente tider.

– Det er ein gigantomanisk kåtskap i dagens samanslåingsiver. Forskinga viser at innbyggjarane i små kommunar er meir nøgde med lokaldemokratiet enn folk i større kommunar, seier Øgård.

Han viser til at tenestetilbodet i små kommunar er godt. Avstanden mellom folk, politikarar og kommuneadministrasjonen er liten. Dei små kommunane fordelar òg ressursane på ein effektiv måte til innbyggjarane, ifølgje professoren.

– Store kommunar er berre interessante for mediebransjen, konsulentbransjen og næringslivet. Dei får ein større og meir samla marknad å selje til når kommunane vert større, seier Øgård.

Han trur små barneskular fort vert nedlagde viss desse kommunane går saman i ein storkommune.

– Småskulane overlever kanskje det første nye kommunestyret, men så er det slutt. Allereie i dag vert det diskutert å leggje ned skular i Kristiansand og mange andre store byar. Når byane vert enda større, vil skulane i utkantane vere dei første som ryk. Dette vil sannsynlegvis skje over heile landet der små kommunar slår seg saman med større bykommunar, seier Øgård.

– Har ikkje funne forsking 

Fridom, lokaldemokrati og effektivitet er ifølgje Øgård dei tre pilarane som ideen om kommunane kviler på. Tanken er at landet er delt inn i kommunar for at folk skal vere frie frå staten, styre seg sjølv gjennom lokaldemokratiet og drive lokalsamfunnet effektivt.

– Skal du endre kommunestrukturen, må du vege desse tre momenta opp mot endringa. Vert det mindre, meir eller like mykje fridom, demokrati og effektivitet etter ei eventuell endring av kommunesamansettinga? Det er spørsmålet, seier Øgård.

Han har ikkje funne forsking som viser nokon samanheng mellom storleik og kvalitet på barnevern, skule, helse- og omsorgstenester.

– Det er heller ikkje nokon fordel for næringsutviklinga at kommunen er stor. Det viser dei nye forskingsresultata som kom frå Norut i fjor. Det finst med andre ord ingen rasjonelle grunnar til å gå inn for større kommunar, trass i at Høgre og enkelte redaktørar i avisene her i landet vil ha det til at det er framtidsretta og smart at kommunane slår seg saman og vert større. Dei byggjer på magekjensle og politiske draumar meir enn fakta og forsking, seier Øgård.

Ny bok

Saman med Harald Baldersheim laga han i 1997 eit såkalla kommunekompass for norske kommunar. Kompasset var ein forløpar for dagens Kostra-system, som gir nøkkeltal for kommunale verksemder her i landet.

Arbeidet, som enda opp i ein doktorgrad i 2001, vurderte på kva måte New Public Management, ein effektiviseringsbølgje i offentleg sektor som kom på 1980-talet, påverka forvaltning og innovasjon i nordiske kommunar. I ei bok frå 2003 viser han mellom anna at større kommunar ikkje gjer fordelar for innbyggjarane. Desse funna er stadfesta i fleire oppfølgingsstudiar, til dømes studia til professorane Harald Baldersheim og Lawrence Rose ved Universitetet i Oslo.

Det siste tiåret har Øgård forska på teknologi og nettverk for å finne ut på kva måte dette påverkar organisering og lokaldemokrati i kommunane. Den nye boka om styringsutfordringar har han skrive saman med to kollegaer.

– Verken teknologi- eller nettverkforskinga mi, eller det som vert presentert i den nye boka, stadfestar at større kommunar kan løyse dei utfordringane samfunnet står overfor, seier Øgård.

Studiar om organisasjonsutvikling og byråkrati viser at store organisasjonar fører til fleire styringsnivå, reglar og rutinar og større avstand mellom dei styrande og folket.

– Større kommunar gir meir hierarki og byråkrati. Det viser forskinga. Når vi samtidig veit at omkring 70 prosent av alle fusjonar ikkje lykkast, teiknar det seg eit dystert bilete for dei framtidige storkommunane, seier Øgård.

Nav og sjukehusreform som skrekkdøme

Professoren meiner Nav-reforma er eit skrekkdøme på kva større einingar fører til.

– Etter åtte år har Nav framleis ikkje nådd produksjonsnivået ein hadde før reforma. Dei små Nav-kontora var flinkare til å få folk ut i arbeid enn dagens store. Heller ikkje innan sjukehussektoren finst det forsking som har klart å vise ein samanheng mellom at store sjukehus er betre enn små, seier Øgård.

Øgård meiner kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og andre pådrivarar legg for mykje vekt på at det er smådriftsulemper for kommunane, utan å peike på stordriftsulempene.

– Ministeren har fått ansvaret for å skape ein meir kostnadseffektiv sektor. Da er det ekstra urovekkande at han ikkje kommuniserer kostnadene ved større kommunar. Det ser ut til at reformatorane er så ivrige i jakta på større kommunar at dei har gløymt at det kostar pengar å utvikle nye og store produksjonssystem for dei kommunale tenestene. Innanfor økonomi- og organisasjonsfaget kallar vi dette for transaksjonskostnader, seier Øgård.

Ein nyleg publisert studie av professor Eva Sørensen ved Universitetet i Roskilde i Danmark stadfestar at større kommunar fører til konsentrasjon av fagprofesjonar og meir byråkrati.

Øgård minner om Margaret Thatcher og Kåre Willoch som i si tid kjempa mot denne konsentrasjonen av faggrupper.

– Dei var for å splitte faggruppene, slik at dei ikkje fekk for stor makt. No går ei Høgre-regjering inn for å styrkje desse gruppene igjen. Faggruppene vert sterkare, og talet på hierarkiske nivå aukar. Vi har ein Høgre-minister som vil ha mindre marknadsstyring. Eg forstår det ikkje. Eg ser ingen ideologi bak samanslåingsprosjektet. Det er uklart kva Sanner meiner er problemet med dagens kommunar. Og det er uklart kva for tenester han meiner skal bli betre ved at kommunane vert større, seier Øgård. 

Referansar: 

Christopher Ansell, Jarle Trondal og Morten Øgård (red.) «Governance in Turbulent Times», under publisering ved Oxford University Press, 2016

Baldersheim, Haug og Øgård. The Rise of the Networking Region. The Challenges of Regional Collaboration in a Globalized World. The International Political Economy of New Regionalisms Series, 2011. Sammendrag

Baldersheim, Haug og Øgård. Mot den virtuelle kommunen, Fagbokforlaget, 2008. Sammendrag

Baldersheim, Pettersen, Rose og Øgård. Er smått så godt? Er stort så flott? Forskningsrapport / Institutt for statsvitenskap, Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo, 2003

Powered by Labrador CMS