Saken er produsert og finansiert av Norges Handelshøyskole - Les mer
Utan å røpe for mykje, dette biletet dekker i alle fall to av orda som kom med på lista over årets ord.

Dette er årets ord

I fjor blei ordet framandkrigar kåra til årets nyord. Sjå kva som blir årets ord.

4.12 2015 05:00

Kvart år sidan 2010 har Språkrådet i samarbeid med NHH-professor Gisle Andersen kåra årets ord. 

Ord som sakte-TV, blå-blå, bitcoin, betalingsmur og framandkrigar har stått på listene frå desse kåringane.

I kåringa av årets ord er det mellom anna brukt dataverktøy som fangar opp nye ord frå alle dei store riksmedia og ei rekke regionaviser. Kriteria for å velje ut årets ord er at det skal vere hyppig brukt i år. Det skal også vere aktuelt, kreativt, levedyktig og ha gode språklege kvalitetar.

– Årets liste er prega av dei store sakene som har vore diskutert i 2015. Det er klima, flyktningkrisa og omstillinga i oljenæringa, seier Gisle Andersen. Her årets liste, og vi startar nedanfrå:

10. Asylbaron

Ein person som skor seg (tener pengar) på asyltilstrøyminga ved å byggje private asylmottak og ta ut utbyte frå dei.

9. Nettvarde

Små sendarar av elektroniske data (databrikkar, datachips) på størrelse med eit frimerke som kommuniserer med mobiltelefonar. Blir brukt av internettaktørar som sankar informasjon om vår nettaktivitet. Avløyser det engelske ordet beacon.

8. Pappakropp

Dette er ein reaksjon på trenings- og helsehysteriet. Ordet avløyser det engelske ordet dadbod. Det er snakk om ein halvtrent kropp utan spesielt mykje musklar.

7. Tasteplass

Ein tilrettelagt rasteplass med tilgang på gratis trådlaust internett. Dette er eit tiltak for å redusere mobilbruk bak rattet.

6. Straksbetaling (også kalla vennebetaling)

Nye elektroniske banktenester til betaling ved bruk av app på mobiltelefon, der overføringa skjer direkte mellom betalar og mottakar sin bank.

5. Utsleppsjuks/utslippsjuks

Kjem som følgje av Volkswagen-skandalen. Ein programvare som viser feilaktig låge utslepp av helseskadelege stoff når køyretøya blir testa.

4. Trinnskatt

Ein progressiv skatt på personinntekt i form av ei trinnvis skattlegging, som erstattar dagens toppskatt. Blei introdusert i samband med framlegginga av forslaget til statsbudsjett for 2016.

3. Oljesmell

Aukande arbeidsløyse som følgje av nedbemanning i olje- og gassnæringa etter dramatisk fall i oljeprisen. Gjeld også andre konsekvensar som nedgang i bustadprisar.

2. Flyktningdugnad

Tiltak for å møte flyktningkrisa. Frivillig innsats frå enkeltpersonar, og frå kommunar og andre aktørar som skal busette flyktningane.

– Flyktningkrisa har prega nyheitene og samfunnsdebatten i det siste, og vi ser fleire nyord som har blitt laga knytt til denne høgaktuelle saka. Flytkningdugnad er eit svært mangfaldig omgrep som omfattar folk sin innsats på lokalnivå, kommunane sitt arbeid med å busette flyktningar, det tverrpolitiske forliket på Stortinget og EU sin felles innsats. Nyordet viser også at dugnadsomgrepet er slitesterkt i språket vårt, og det er positivt lada, seier professor Gisle Andersen.

1. Det grøne skiftet/det grønne skiftet

Årets nyord er det grøne skiftet. Klimaspørsmål har i løpet av dei siste åra prega nyheitsbiletet også språkleg.

– Når vi lagar nye ord, kan det skje på ulike måtar, også ved at enkeltord finn saman i faste uttrykk som det grøne skiftet. Det grøne skiftet er eit nytt fast uttrykk som omhandlar den omstillinga som samfunnet vårt må gjennom for å motverke menneskeskapte klimaendringar og redusere CO2-utslepp. Det dreier seg også om ei økonomisk omstilling med fleire arbeidsplassar i andre sektorar enn olje og gassnæringa, seier Andersen.

Dataverktøya som er brukt i nyordskåringa, er utvikla ved Uni Research Computing i Bergen.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord