Ny rekord: 25 700 internasjonale studentar fann vegen til Noreg i 2015. Det er ny toppnotering. (Illustrasjonsfoto: SIU)

Stadig fleire europeiske studentar vel Noreg

Aldri før har det kome så mange internasjonale studentar til Noreg. Aller størst er veksten i talet på studentar som kjem frå Europa. Men den globale flyktningstraumen pregar også biletet.

I 2006 var det 12 700 utanlandske studentar i Noreg, noko som utgjorde seks prosent av studentmassen. No, eit tiår seinare, er talet på utanlandske studentar meir enn dobla til 25 700, og dei utgjer no ti prosent av alle studentar.

– Den sterke aukinga er dels eit resultat av at Noreg har blitt eit meir attraktivt studieland, men speglar også nye, europeiske flyttemønster og globale migrasjonsprosessar, seier seniorrådgjevar Arne Haugen ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Sterk EU-vekst

Sverige og Tyskland sender flest studentar til Noreg, følgt av Russland og Danmark. Hausten 2015 er tala høvesvis 2302, 2013, 1451 og 1170 studentar.

– Dei siste åra er det EU-land som står for den sterkaste veksten. Noreg er meir og meir eit mottakarland for europeiske studentar, seier Haugen.

Med 1170 studentar har Danmark passert Kina på lista. Også frå Frankrike (934), Polen (897), Nederland (666) og Spania (621) kjem det stadig fleire studentar. Det same gjeld søreuropeiske land som Hellas og Portugal.

Gode arbeidstilhøve

Haugen meiner at auken i talet på europeiske studentar i Noreg må sjåast i samanheng med arbeidsinnvandring og den gode arbeidsmarknaden i Noreg dei siste åra. Ei fersk europeisk undersøking viser at europeiske studentar har blitt meir opptekne av korleis studieopphald utanlands kan vere eit fortrinn i konkurransen om arbeid etter studia.

– Vi veit at dei relativt gode arbeidstilhøva i Noreg dreg mange europarar hit, ikkje minst frå land som Sverige, Polen og Litauen. Det bor mange menneske med svensk og polsk statsborgarskap i Noreg. No ser vi stadig fleire av desse finn vegen til høgre utdanning også, seier Haugen.

Med tanke på kor viktig Europa er for Noreg både akademisk og økonomisk, er veksten frå Europa gledeleg. Samstundes viser mobilitetstala at det er lite samanheng mellom kor dei utanlandske studentane i Norge kjem frå og kva land norske studentar reiser til.

– Norske studentar vel i for stor grad engelskspråklege land, seier Haugen.

Nye land i Asia

Talet på studentar frå land i Asia har vakse mykje dei siste ti åra, og veksten heldt fram i 2015. Medan talet på kinesiske studentar har vore stabilt i nokre år, har nye land vakse fram. I 2015 hadde Nepal (590) og Filippinane (518) til saman fleire studentar i Noreg enn Kina (1042).

– Dei kinesiske studentane kjem i hovudsak til Noreg for å studere, medan den raske veksten frå Filippinene i hovudsak skyldast annan migrasjon, seier Haugen.

Flyktningar set spor

Også dei veksande straumane av flyktningar set spor etter seg i statistikken. Til dømes har Afghanistan og Eritrea åleine 500 studentar i Norge.

– Det viser at også flyktningane finn vegen til høgare utdanning, noko som er positivt for integrering i samfunnet, seier Haugen.

Dei mange flyktningane frå Syria har førebels ikkje gjort inntog i høgare utdanning. Syria hadde 36 studentar i Noreg hausten 2015.

Fleire frå Nord-Amerika

USA og Canada er politisk prioriterte samarbeidsland i norsk høgare utdanning og forsking. Den aller største prosentvise aukinga frå 2014 til 2015, gjeld kanadiske studentar. Hausten 2015 var det 208 kanadiske studentar i Noreg, medan 578 kom frå USA.

– Dette er ein god utvikling når vi ser på måla i regjeringa si Nord-Amerika-strategi, seier Arne Haugen. 

Sør-Europa = utveksling

Når det gjeld studentmobilitet, skil ein mellom dei som tar ein heil grad (gradstudentar) og dei som har kortare utvekslingsopphald (utvekslingsstudentar). Talet på utvekslingsstudentar til Noreg har auka med 20 prosent på dei siste fem åra. Hausten 2015 var det 7506 utvekslingsstudentar i Noreg.

Tyskland (1275) og Frankrike (856) er dei to største landa når det gjeld utvekslingsstudentar i Noreg. Hovudbiletet er at nesten alle studentar frå Sør-Europa er i Noreg på utveksling.

Utveksling har særleg politisk prioritering i norsk utdanningspolitikk. Det heng saman med at slik mobilitet er fagleg forankra og dermed kan gi ei tydelegare kvalitetsheving ikkje berre for enkeltstudenten, men også på institusjonsnivå.

– I dette lyset er det gjeldeleg at utvekslingsopphald i Noreg fortset å vekse, seier Haugen.

Studentar frå nordiske land er i hovudsak gradstudentar. Tyskland og Nederland er meir blanda, med studentar av begge kategoriar. Utanom EU-landa er det aller meste av mobiliteten til Noreg knytt til gradstudiar.

Lenke:

Les meir om mobilitetsstatistikken og -analysen til SIU

Powered by Labrador CMS