Saken er produsert og finansiert av Senter for internasjonalisering av utdanning - Les mer
Fleire studentar reiser til USA og Storbritannia medan talet på studentar som tek ein grad i Tyskland og Frankrike har gått ned med henholdsvis femti og tretti prosent.

Vel utdanningsinstitusjonar med usikker kvalitet

Rundt tjue prosent av norske gradsstudentar i utlandet vel institusjonar med usikker kvalitet. Stadig færre tar graden sin i land som Tyskland og Frankrike.

27.3 2016 04:00

Dei siste fem åra har utbetalingane frå Lånekassen til skolepengar auka med seksti prosent, viser ein ny rapport frå Senter for internasjonalisering av utdanning. Dette heng saman med eit geografisk skifte i kor dei norske gradsstudentane vel å studere.

Fleire reiser til USA og Storbritannia, der sistnemnde er det mest populære landet.

I løpet av ein tiårsperiode frå 2004 har talet på studentar som tek ein grad i Tyskland, gått ned med rundt femti prosent. Rundt tretti prosent færre dreg til Frankrike.

– Det er ein tendens at fleire studentar ønsker å studere i engelskspråklege land, som Storbritannia og USA. Auken i utbetalinga av skolepengar heng mykje saman med at institusjonar i desse landa ofte tek høge skolepengar, seier avdelingsdirektør Ragnhild Tungesvik på SIU.

Dei siste fem åra har det blitt fleire utreisande gradsstudentar, andelen som betalar skolepengar har gått opp, og den årlege utbetalinga per student har auka.


Martine Sagen Nilssen studerer medisin på eit godt universitet i Berlin, utan å betale skolepengar. Ho er overraska over at ikkje fleire norske gradsstudentar vel Tyskland. – Eg trur det har mykje med språket å gjere, folk er redd den ekstra innsatsen det medfører å lære seg tysk, seier ho. (Foto: Thomas Kolbein Bjørk Olsen)

Ikkje alltid samsvar mellom marknadsføring og kvalitet

Rapporten viser at dei aller fleste norske studentar vel å ta heile graden sin på gode institusjonar i utlandet. På same tid studerer rundt tjue prosent av studentane på institusjonar som ligg lågt på nasjonale rankinglister og som er lette å komme inn på.

Fleire av desse, særleg i Storbritannia og USA, marknadsfører seg aktivt overfor norske studentar.

– Rapporten viser at det ikkje alltid er samsvar mellom kor aktive institusjonane er med å marknadsføre seg og kvaliteten dei kan tilby. Det er difor behov for å auke kunnskapen hos framtidige utanlandsstudentar om kva institusjonar som er gode nok, seier Tungesvik.

Då Lånekassen i 2004 la om støtteordningane sine, fekk studentane meir midlar, men samstundes gjekk ein stor del av skolepengane frå stipend til lån. Det er difor i større grad studentane sjølve som sit att med lånebyrda.

– Med tanke på at studentane opparbeider seg store studielån, hadde det vore ønskeleg at dei vel institusjonar kor dei er sikra valuta for pengane, seier Tungesvik.

Vil ha fleire til Frankrike og Tyskland

Frankrike og Tyskland er satsingsland for utdanningssamarbeid for Noreg, og det er eit politisk mål at fleire nordmenn vel å studere i desse landa. Dei er viktige handelspartnarar, og Noreg har mykje samarbeid med dei, både innan næringsliv og kultur. 

Rapporten viser at institusjonar i Frankrike og Tyskland ikkje marknadsfører seg mykje overfor norske studentar.

– Offentlege, gode institusjonar i Tyskland tek ikkje lenger skolepengar, og i Frankrike er kravet til gebyr lågt, seier Tungesvik.

Ho trekk òg fram at utanlandsstudentar ofte får ein førstehands kjennskap til både språk og kultur, og difor blir viktige ressursar i det norske arbeids- og næringslivet seinare.

– No har regjeringa lansert ekstra støtte til språkopplæring før studentane byrjar studiane, så det burde ligge meir til rette for at fleire kan reise til desse satsingslanda, seier Tungesvik.


– Med tanke på at studentane opparbeider seg store studielån, hadde det vore ønskeleg at dei vel institusjonar kor dei er sikra valuta for pengane, seier avdelingsdirektør Ragnhild Tungesvik. (Foto: Peter Klasson, SIU)

Språket avgjorde

Martine Sagen Nilssen studerer medisin i Berlin, og har nett avslutta sitt andre semester ved Charité, som er tilknytta det velrennomerte Humboldt-universitetet.

– Eg ville lære tysk skikkeleg og tenkte «kvifor ikkje kombinere det med vidare utdanning, så får eg ei gratis språklæring med på kjøpet?». For min del var engelskspråklege land uaktuelle fordi eg ikkje hadde lyst å studere på engelsk, fortel Martine.

– At ein ikkje må betale skolepengar her er ein bonus, legg ho til.

Ho er overraska over at ikkje fleire norske studentar vel å studere i Tyskland, og trur årsaka kan vere at dei vel minste motstands vei.

– Eg trur det har mykje med språket å gjere, folk er redd for den ekstra innsatsen det medfører å lære seg tysk, seier ho.

Vil gje studentane betre informasjon

Kunnskapsdepartmentet (KD) har no sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis norske studentar som planlegg å studere i utlandet kan få betre informasjon om kvalitet i utdanningane. Gruppa vert leia av SIU.

– Det kan vera vanskeleg å finne god informasjon om kvaliteten på studiar i utlandet. Arbeidsgruppa skal ha som mål at potensielle utenlandsstudentar skal kunne gjere bevisste utdanningsval basert på meir og betre informasjon om kvalitet i utdanningane, og utenlandske akkrediteringssystemer, enn det som vert gjort i dag, seier statssekretær Bjørn Haugstad i KD.

– Kvifor er det viktig at norske gradsstudentar får nøytral informasjon om kva universitet dei bør studere på?

– Som rapporten frå SIU viser, er det ikkje nødvendigvis samanheng mellom intensiteten i marknadsføringa og kvaliteten på den utdanninga som vert tilbode, seier Haugstad. 

– Vi har mange norske aktørar med god kjennskap til delar av utdanningssystema utanfor Noregs grenser, og dersom desse kan samkjøre sitt informasjonsarbeid er det noko både studentar og samfunnet vil kunne dra nytte av. Eg har stor tillit til at studentar kan ta sjølvstendige avgjersler, men det er viktig at desse vala byggjer på eit best moleg kunnskapsgrunnlag, og at studiekvalitet er ein faktor.

Arbeidsgruppa skal mellom anna sjå på aktuelle tiltak for å gje studentane betre og nøytral informasjon om utenlandske institusjonar med god kvalitet. 

– Eg ser fram til deira forslag. Målet er at studentane skal få tilgang til meir samordna informasjon allereie frå hausten, seier Haugstad.

Referanse: 

Ragnhild Tungesvik (red.). Til hvilken pris? Om norske gradsstudenter i utlandet. SIU-rapport 01/2016. 

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Norske gradsstudentar i utlandet

I 2014 var det kun 220 norske gradsstudentar ved tyske institusjonar.

I 2014 hadde franske institusjonar 174 betalande norske gradsstudentar.

Omkring 5000 norske gradsstudentar studerte i Storbritannia i 2014.