God fusjonsfase for StatoilHydro

– Vår forsking syner at førtse fase av StatoilHydro-fusjonen har fungert godt. Men den største utfordringa kjem no, med gjennomføringa av fase 2, seier førsteamanuensis Inger Stensaker.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

StatoilHydros hovedkontor. (Foto: Øyvind Hagen/StatoilHydro)

I desember 2006 var det klart at olje- og gassaktiviteten i Hydro skulle fusjonera med Statoil, og 1. oktober 2007 vart dei to selskapa offisielt slått saman.

Samansmeltinga av verksemdene pågår framleis og er mildast talt omfattande.

For å få dokumentert fusjons- og integrasjonsprosessen oppretta StatoilHydro eit treårig forskingsprosjekt.

Målet er mellom anna å få fram kunnskap som kan støtta opp om integrasjonsarbeidet, å dokumentera resultat og erfaringar, og å bygga kompetanse med tanke på framtidige endringsprosessar.

Tverrfagleg følgeforsking

Etter ein “audition” gjekk forskingsoppdraget til International Research Institute Stavanger (IRIS) Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) og FAFO i fellesskap. Prosjektet byrja i januar i fjor og skal vara til 2010.

Førsteamanuensis Inger Stensaker ved SNF/Institutt for strategi og ledelse ved NHH er blant forskarane som følgjer StatoilHydro-fusjonen tett.

– Å samarbeida på tvers på denne måten er nytt for oss. Det var eit krav frå StatoilHydro, og handlar om å setja saman ulike miljø og ulike typar kompetanse.

– IRIS har arbeidd mykje med oljebransjen og har mellom anna kompetanse innan tryggleiks- og driftsspørsmål, FAFO har kompetanse innan arbeidslivs- og partssamarbeid og fagforeiningssaker og SNF bidreg med kompetanse innan strategi og leiing, seier førsteamanuensis Inger Stensaker ved SNF.

Forskinga på fusjonen er eit følgjeforskingsprosjekt. Det tyder i praksis at forskarane følgjer prosessane medan dei pågår og rapporterer til selskapet kontinuerleg.

– Vi må rapportera umiddelbart for at selskapet skal kunna vurdera om dei vil gjera endringar basert på det som kjem fram. I denne fasen vert det dermed ikkje tid til å “tyggja” på ting. På lengre sikt vil vi likevel kunna studera materialet og vonleg få ny kunnskap om mellom anna fusjonsprosessar og endringsleiing, seier Stensaker.

Vellukka fase 1

StatoilHydro har lagt opp til ein fusjonsprosess med to hovudfasar. Fase 1 handla om diverse verksemder på land. Fase 2, som er i full gang no, dreier seg om å integrera driftsmiljøa på land og offshore.

Forskarane si første oppgåve var å sjå tilbake på prosessane frå fusjonen vart annonsert og fram til den offisielle fusjonsdatoen. Her studerte dei primært arbeidet til teamet som planlegg og styrer fusjonen.

Stensaker understrekar at detaljane i rapporten frå den første fasen i stor grad er konfidensielle, men opplyser at konklusjonane i hovudsak er positive.

– Vår oppfatning er at det vart gjort ein grundig og god jobb. Ting vart sett i samanheng, og det vart nytta gode, positive verkemiddel. Dei tilsette fekk til dømes vera med å påverka si eiga framtid.

– Det skjedde delvis gjennom tett samarbeid med fagforeiningane, men også direkte ved at folk fekk melda interesse for ulike stillingar og at det kom tilbod om gode sluttpakkar for tilsette over 58 år, seier ho.

Vidarefører

Kårstø. (Foto: Øyvind Hagen/StatoilHydro)

At prosessane i fase 1 har ført med seg lite støy internt tolkar forskarane som eit teikn på at løysingane som vart valde var riktige.

Dei ansvarlege i StatoilHydro er truleg av same oppfatning. Iallfall er den same framgangsmåten vald i fase 2.

Denne fasen handlar om å integrera driftsverksemda. Også her fekk dei tilsette melda interesse for inntil to ulike stillingar og alle over 58 år fekk tilbod om tidlegpensjon.

Av cirka 4500 tilsette har om lag 90 prosent meld interesse for å halda fram i den nye UPN-organisasjonen (Undersøkelse og produksjon Norge). Om lag 3300 har sagt seg interesserte i andre stillingar enn dei har i dag. Av 520 aktuelle takka 330 ja til tidlegpensjon, opplyser UPN-direktør Øystein Michelsen til Bergensavisen.

Radikale endringar

Det faktum at integrasjonsprosessen har fungert godt i fase 1 er likevel ingen garanti for at same opplegg vil fungera i fase 2.

– Ein må ha klart for seg at StatoilHydro har valt å gjera radikale endringar gjennom fusjonsprosessen.

– Dei to opprinnelege organisasjonane vert svært tett integrerte, og for offshore-verksemda er det i realiteten tale om ein ny driftsmodell der alle plattformer skal drivast på same måte og personellet skal rotera mellom ulike plattformar, seier Stensaker.

– Iverksetjinga av den nye driftsmodellen skal etter planen skje i løpet av sommaren i år, og det kan by på utfordringar. Den største testen på kvaliteten i integrasjonsarbeidet kjem no, konstaterer ho.

Ulike nivå

I fase 1 intervjua forskarane primært dei ansvarlege for fusjons- og integreringsprosessane.

I fase 2 arbeider dei meir direkte med einskildeiningar – f.eks. utvalde plattformer – og tilsette på ulike nivå.

Den fortløpande rapporteringa skjer både direkte til dei ansvarlege på dei enkelte plattformene og til dei ansvarlege for integrasjonsarbeidet.

– Ikkje i vår interesse

Konsortiet SNF, IRIS og FAFO er vald ut til denne jobben av StatoilHydro sjølv, og selskapet finansierer det heile med i alt 12 millionar kroner over ein treårsperiode. Kva med den forskingsmessige uavhengigheten i ein slik situasjon? Korleis unngår de “å seia det de trur oppdragsgjevaren vil høyra?”

– Av ulike årsaker er dette ein “tett” prosess. Mykje er konfidensielt, og lite går ut. I ein slik setting kjenner vi oss trygge på at vi kan seia det vi vil. Å “tilpassa” bodskapen ville heller ikkje vera i vår interesse. Vi må seia det vi meiner.

– I kva grad dei vel å gjera endringar basert på det vi rapporterer er sjølvsagt opp til selskapet, og ikkje noko vi tenkjer spesielt på, seier Stensaker.

Dyrt

– For oss utanforståande har delar av fusjonsprosessen verka ganske lukrativ for ein del involverte. Tidlegpensjonstilboda verkar til dømes temmeleg spandable?

– Prisen for fusjonen er ikkje hovudfokus for oss, men vi kan likevel ikkje sjå bort frå den sida av saka, og vi merker oss at selskapet betalar dyrt for ein del løysingar, seier Stensaker.

Ho peikar på at fusjonsprosessar ofte fører til overskot av folk, og at StatoilHydro har vald å betala for å få til naudsynt avgang på ein så god måte som råd.

– Her er det dessutan tale om store rike organisasjonar som alltid har tilbydd dei tilsette ulike gode. Eit brot med dette i samband fusjonsprosessen kunne nok potensielt ha blitt negativt oppfatta blant dei tilsette, seier Stensaker.

Staten vil ha Statoil

Då fusjonen mellom Statoil og Hydro vart kjent vart namneval, og pris og konsekvensar ved ei omdøyping fort eit heitt diskusjonstema. Det mellombels resultatet vart kompromisset StatoilHydro.

Nyleg varsla staten ved Olje- og energidepartementet at dei som eigar berre vil støtta eit selskapsnamn der Statoil inngår, enten åleine eller som ein dominerande del av eit nytt namn.

Namnevalet vert gjort på generalforsamlinga i StatoilHydro ASA i mai i år.

Kva ligg i namnet?

Namnespørsmålet skapte ein god del støy og merksemd ein periode, og har potensial til å gjera det igjen – kanskje primært på grunn av kostnadene som følgjer med.

– Men er det noko i dykkar funn så langt som tyder på at spørsmålet om namn har spelt ei rolle for dei direkte involverte i fusjonsprosessen? Kan til dømes statens standpunkt i saka og tidspunktet det vert presentert på verka inn på den pågåande fasen av integrasjonsarbeidet?

– Namnespørsmålet har vært oppe i media, men har i svært liten grad kome opp som eit sentralt tema i våre intervju. Kulturelle forskjellar mellom dei to selskapa har heller ikkje vore et sentralt tema, seier Stensaker.

– Leiinga er oppteken av å byggja ei ny og integrert verksemd basert på det beste frå begge, og vi har ingen dokumentasjon eller data som tyder på at kulturelle forskjellar eller namn har vore ein viktig barriere i integrasjonsprosessen.

– I UPN vert det derimot snakka meir om forskjellar mellom ulike plattformer – uavhengig av om de er tidligare Statoil eller Hydro plattformer – og om korleis ein skal få den nye driftsmodellen til å fungera i praksis, sluttar ho.

Powered by Labrador CMS