null (Foto: Scanpix, Berit Roald)

- For dårleg marknad for risikokapital

Vi har ei omstillingskrise og må legge forholda betre til rette for at fleire skal innovere, konkurrere og ta risiko, seier Victor D. Norman. 

Kriseprogrammet

Det fulle navnet på forskningsprogrammet er Krise-, omstillings- og vekst-programmet.

Starta i 2009, og har sett på årsaker til den internasjonale økonomiske krisa, konsekvensar på kort og lang sikt og følgjene krisa har for omstillingsbehov i næringslivet. 

Har vært et samarbeid mellom en rekke forskningsområder: samfunnsøkonomi, strategi og ledelse og finans. 

Han leverte nyleg frå seg konklusjonane i det såkalla Kriseprogrammet, som har sett på årsaker til den internasjonale økonomiske krisa. 

Når det gjeld sjølve krisa for verdsøkonomien, og kva ein har lært, meiner Norman det er på det reine at det er snakk om ei omstillingskrise som i hovudsak skuldast globaliseringa og delvis ny teknologi.

Bygde ned industrien i vesten

– Planen var at Asia skulle overta ein betydeleg del av industrivareproduksjonen slik at resten av verda kunne importere billige industrivarer frå Asia. Så skulle vi bruke dei frigjorte ressursane til å få ny kunnskapsbasert verdiskaping.

Problemet, ifølgje Norman, var at ein bygde ned industrien i Nord-Amerika, Europa og Japan utan at ein klarte å byggje opp noko nytt. Dette førte til at investeringslysta i vestleg næringsliv avtok. Finanskrisa avdekka den latente etterspørselsvikten som oppstod fordi ein slutta å investere i vestlege land.

Behov for nyskaping

– Vestlege land kjem ikkje ut av denne lågkonjunkturen før investeringslysta tek seg opp igjen. Det er behov for nyskaping slik at kunnskapssamfunnet får eit realøkonomisk innhald. Det har vore vår diagnose tidleg i programmet, og alt som har skjedd sidan stadfestar at det er det som er problemet, seier Norman.

For Noreg sin del har derimot krisa gått betre enn ein kunne frykte. Den brå nedturen vart avløyst av ein like brå oppgang. Men under overflata lurer det problem også her.

– Noreg har gått heilt fantastisk. Men ser vi nærare på tala er det først og fremst oljeinvesteringane og bustadinvesteringane som har heldt oss i gang.

Held hjula kraftig i gang

Den grunnleggande investeringssvikten i anna næringsliv er like markant her som i andre land.

– Vi er berre heldige som har eit par sektorar som held hjula kraftig i gang, seier Norman.

Ifølgje han skuldast omstillingskrisa at arbeidsmarknaden, kapitalmarknaden og innovasjonsmarknaden ikkje fungerer godt nok til å skape dei nye næringane og verksemdene.

– Det er difor vi må vi sjå på insentiva for å innovere, konkurrere og ta risiko. Det er dei tre tinga som skal drive fram det nye vi skal leve av. Ei av hovudutfordringane her er at det er ein dårleg utbygd risikokapitalmarknad for små og mellomstore bedrifter. Dei vil vere lokomotiva i omstillinga til noko nytt, seier Norman.

Les mer på programmets egen blogg

 

Powered by Labrador CMS