Sjukeleg overvektige som går ned i vekt, opplever fantomfeitt

Som liten gut likte han å spele data, men ingen stoppa han. «Eirik» si historie er del av ein studie som prøver å svare på kvifor så mange sjukeleg overvektige ikkje klarer å endre livsstil. 

I Norge har det vore praktisert livsstilbehandling i 10 til 15 år, men resultata har vore magre. Den låge suksessraten fekk Tina Rosseid Midthun til å se nærare på dei personlege livshistoriane til seks alvorleg overvektige. (Foto: Microstock)

Livsstilsbehandling

• Vanleg behandling for sjukleg overvektige er livsstilsbehandling, medikamentell behandling eller fedmekirurgi
• Livsstilsbehandling byggjer på ein kombinasjon av auka fysisk aktivitet, endra kosthald og kognitiv åtferdsterapi
• Typisk kortvarig vektreduksjon ved livsstilsbehandling er 5-15 prosent, men langtidseffektar er lite undersøkt
• Livsstilsbehandling kan ha fleire andre gunstige helseeffektar, som auka fysisk form, redusert risiko for sjukdom og auka livskvalitet

«Jeg har slanket meg fra jeg var 15 år, opp og ned, opp og ned. Den frustrerende tingen er at jeg visste at jeg hadde prøvd nesten alt, jeg trur ikke det er veldig mye jeg ikke har prøvd. Og det er sånne hysteriske kurer, nesten ikke mat, masse mat, fett, og ja, alt. Så når jeg var over 115 kilo orket jeg ikke mer.»

Solveig er ikkje det ekte namnet hennar. Ho er ein av seks tidlegare pasientar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter som lét seg djupneintervjue av Tina Rosseid Midthun hausten 2013.

Dei seks alvorleg overvektige informantane hadde alle nyleg gått igjennom ei toårig livsstilbehandling. Til felles hadde dei ein årelang kamp mot kiloa, og ei kjensle av å vere fanga i feittet.

Nesten ingen lukkast

Livsstilbehandling er ei behandlingsform som har vore praktisert i i Norge i 10-15 år.

Ei slik behandling kan fremje 5 til 15 prosent vekttap, og for einskilde meir. Men det viser seg svært vanskeleg å oppretthalde vekttapet over tid.

Seks år etter enda behandling, har 80 prosent anten gått gjennom fedmekirurgi, eller står på ei venteliste til kirurgi, viser ein studie av eit tidleg program ved Hauglandssenteret.

Denne låge suksessraten har interessert Midthun og vegleiaren hennar, Eivind Aadland. Han fullførte i desember i fjor doktorgraden innanfor feltet livsstilbehandling. Medan han har målt ulike fysiske effektar av behandlinga gjennom eitt år, ser Midthun på korleis pasientane sjølve har opplevd behandlinga.

Både dei kvantitative måla og dei personlege forteljingane peikar mot ein ting: Dei alvorleg overvektige strevar enormt med å gå ned i vekt, og halde seg nede. Når det gjeld dei femti som Aadland følgde, var det inga endring på gruppenivå i fysisk aktivitet eller kosthald etter eitt år med behandling. Vektnedgangen var minimal.

– Nokre klarte å gjere vesentlege livsstilendringar, men dei var i fåtal. Å ha femti kilo for mykje, er noko heilt anna enn å ha fem kilo for mykje – vegen ut av det er mykje vanskelegare, seier Aadland.

Å ha femti kilo for mykje, er noko heilt anna enn å ha fem kilo for mykje – vegen ut av det er mykje vanskelegare, ifølgje Eivind Aadland (t.h.) og Tina Rosseid Midthun. (Foto: Katrine Sele, HiSF)

– Pasientane fekk god effekt i byrjinga av livsstilbehandlinga – men sidan rykka dei tilbake til start.

Ingen stoppa han

Eirik er i tilsvarande situasjon.  

«Da jeg var sju år gammel fikk jeg min første datamaskin. Så gikk det vel nedover derfra,» fortel han.

Inntil då hadde han vore ein aktiv gut, og likte veldig godt å leike ute. Men datamaskina saug han inn i ei ny verd. Fritida blei meir og meir stillesitjande. I ettertid er han lei seg for at det blei slik, men som liten gut kunne han ikkje vite kva veg det ville gå. Han likte berre så godt å spele dataspel.

Det var ingen som stoppa han.

Det er i barndommen alle dei seks informantane ser starten på og årsakene til overvekta si. Dei kjem i hovudsak frå familiar der det å vere fysisk aktiv ikkje var ein innebygd del av kvardagen.

Eit par av dei hadde vore med på organisert idrett. Men på grunn av storleiken sin, følte dei tidleg eit ubehag ved å delta.

«Jeg gikk aktivt på ski til jeg var 13-14 år. Samtidig, når du er så stor og alltid kommer sist, så er det ikke så inspirerende,» seier Einar. 

Minna sit i kroppen

Alle blir fødd inn i ein meiningssamanheng, seier Maurice Merleau-Ponty, ein av tenkjarane Midthun lener seg på i studien sin. Eit barn er difor dømd til meining – fødd inn i ein familie og ein kultur med bestemte levemåtar og livsstil. 

– Korleis ein kropp blir forma, avhenger av mykje. Livsstilen er ikkje berre noko ein vel utifrå å vere sjølvstendig og ta eigne, frie val. Vi er påverka av så mykje, som igjen er med på å avgrense vala våre, seier Midthun.

Handlingane frå barndommen blir lagra i kroppen som ei form for hugselappar. Kroppsminna sit djupt. Når personane har forma seg sjølve som store frå barnsbein av, vil det påverke både val og mulegheiter vidare i livet.

For Eirik sin del, var stillesittinga framfor datamaskina noko som etter kvart fanga han. Då han i tenåra såg kva det hadde gjort med han, og ønskte å komme seg ut og vere aktiv igjen, var det veldig vanskeleg. Kroppen hans var ikkje lenger vand med å røre på seg. Han var dessutan flau over å vere så stor.

«Jeg har ikke kommet meg ut blant folk. Så jeg har nok blitt mer innadvendt av det, rett og slett,» seier Eirik.

Tyngda hans har leia til sosial isolasjon. Men det same gjeld ikkje for alle i studien.

Hanne bryr seg ikkje om kva andre synst, seier ho, og let det ikkje stoppe henne frå å gå nokon plass: «Jeg er ikke sjenert over kroppen min. Den er slik den er.»

Den brysame kroppen

Informantane i Midthun si studie er alle ekstremt merksame på kroppane sine i alle moglege situasjonar. (Foto: Microstock)

«Når du er så tung, så blir ting tyngre. Det blir tungt å gå, pluss at jeg fikk en hofte som jeg sleit litt med, at den var vond. Og jeg fikk ikke puste når jeg bøyde meg ned for å knytte skoen.»

Dette seier Solveig om kjensla av å røre seg gjennom verda med ein sjukleg overvektig kropp.

Ein sjukdom, slik som alvorleg overvekt, er eit dissonant fenomen, seier filosof Fredrik Svenaeus: noko som bryt inn og forstyrrar oss i dagleglivet. Nett difor er dei seks informantane til Midthun alle ekstremt merksame på kroppane sine i alle moglege situasjonar. Det er vanskeleg for dei å gløyme kroppen, og berre leve.

I tillegg til det fysiske ubehaget, kjem den psykiske børa. Ei av damene skildrar korleis ho i situasjonar som skulle vore gledefylte og morosame, sit med kjensla av å vere stygg og utanfor:

«For eksempel når vi er ute og danser, så er det ingen som vil danse med meg tidlig på kvelden. Men senere på kvelden når de ikke har funnet noen andre kvinnfolk, da kanskje.»

Å stikke hovudet i sanden

Når dei trass alle dei vonde opplevingane, ikkje klarer å endre vekta si for godt, er det mange årsaker til det.

Fleire studiar viser at alvorleg overvektige kjempar i motbakke: Kroppane deira strittar imot ei vektendring, gjennom ulike biologiske reguleringsmekanismar som homeostatisk og hedonisk regulering.

Kroppen ser ut til å vere biologisk programmert til å oppretthalde vekta si, som ei form for overlevingsmekanisme. Hos nokre er denne mekanismen veldig sterk. Dei lykkast kanskje med å gå ned i vekt. Men på same tid vil forbrenninga gå kraftig ned, og dermed kjem kiloa fort tilbake.

Den alvorleg overvektige må altså belage seg på å vere på slankekur resten av livet, om personen skal greie å halde vekta nede. Og nett det er ei tung erkjenning – for mange, ei uuthaldeleg tanke. Sjølv om dei går inn for det, buttar det imot frå mange kantar. Ikkje minst, frå innsida.

EIRIK: Når jeg hadde gått ned og så et bilde av meg selv på det største, så tenkte jeg at sånn vil jeg aldri være igjen. Men likevel så skjer det.

INTERVJUER: Hvorfor tror du det skjer?

EIRIK: Jeg stikker hodet i sanden. Det vil si at det indre ikke er bevisst på det ytre, og derfor blir det lettere å skeie ut. For min del betyr det at jeg ikke er så bevisst på kroppen min, derfor tar jeg feil valg slik at vekten øker. Dette gjelder også når jeg har gått ned i vekt, kroppslig sett har jeg ikke noe bevisst bilde av meg selv.

Fantomfeittet

Mat blir ein måte å løne seg sjølv på. Ofte går det over styr. (Foto: Microstock)

Med andre ord opplever Eirik eit slags sjølvbedrag. Spegelen lyg: Sjølv om han har gått ned i vekt, ser han framleis seg sjølv som like stor. Og det indre bildet av den tjukke kroppen gjer han både heime og heimlaus i eigen kropp.

Effekten han skildrar, er velkjend i fedmelitteraturen: «en fortrængt opplevelse av gammel nutid som ikke kan beslutte sig til at blive fortid,» kallar Merleau-Ponty dette.

I likskap med den som har amputert eit lem, og kjenner fantomsmerte, kan den som har gått ned i vekt, oppleve fantomfeitt.

Den tilvante, store kroppen heng igjen. Då er det viktig at Eirik gir slepp på fortida som tjukk, og ser sjansane som den lettare kroppen opnar for. Viss han ikkje klarer det, vil han halde fram i den same rolla som før, og falle tilbake til gamle vaner, reflekterer Midthun.

Ville ikkje gje slepp på seg sjølv som bollebakar

Men det viser seg vanskeleg å gje slepp på identiteten som stor. Sidan ho var lita, var Hanne glad i å lage mat, og kjend for dei gode bollane sine. Ho ville gjerne vere ein tynnare person, men ho ville også oppfylle forventningane folk hadde om å framleis vere ho som lagde dei gode bollane. Ho vil ikkje droppe den sida av seg sjølv.

– Når dei sjukleg overvektige plutseleg skal endre livsvanane sine totalt, påverkar det ikkje berre dei sjølve, men også verda rundt dei. Medan dei var på institusjon, gjekk det greitt nok å lage sunne middagar. Men heime igjen etter opphalda, var det noko anna, seier Midthun.

Det same gamle livet pressa seg på. Forventningane frå familien, og eigne forventningar, til kven Eirik var, kven Hanne var, øydela for Eirik og Hanne – for sjansane deira til å byggje eit nytt liv.

Mat som rusmiddel

– Livskonteksten til pasienten er sjeldan mogleg å endre i særleg grad. Difor er den sjukleg overvektige personen nøydd til å lære seg å gjere betre val innanfor dei same gamle rammene, seier Aadland.

Nettopp dette prøver Midthun sine informantar hardt å gjere. Dei går inn for å vere meir fysisk aktive, og greier det til dels, om enn ikkje nok til å skape store endringar. Maten er det verre med.

Å ete mindre, og annleis, er frykteleg vanskeleg.

Siv erkjenner å ha eit ubalansert forhold til mat:

Den alvorleg overvektige må belage seg på å vere på slankekur resten av livet, om personen skal greie å halde vekta nede. (Foto: Microstock)

«Jeg har et spiseproblem. Jeg har ikke den stoppen egentlig.» Eirik, på si side, snakkar om mat som ein måte å løne seg sjølv på: «Det går litt over styr det der med belønning, og at jeg hele tiden skal belønne meg med mat.»

Her set dei ord på noko som er typisk for mange alvorleg overvektige: opplevinga av mat som noko anna enn berre næring – snarare, som eit slags rusmiddel.

– Den sjukleg overvektige sitt forhold til mat liknar ofte på rusmisbruk, seier Aadland. Mykje tydar på at det finst biologiske mekanismar som gjer folk avhengige av feit og sukkerhaldig mat.

– Vi ser det same mønsteret som med nikotin og alkohol. Maten stimulerer truleg til utskilling av dopamin i kroppen, som utløyser kjensla av velvere. Nokre kroppar er meir sårbare for slik avhengigheit enn andre kroppar, seier Aadland.

Uansett kor hardt dei går inn for å unngå feil mat, opplever informantane at freistingane er overalt. Dei blir stadig trigga av nye stimuli, og om dei er uheldige å falle for freistingane, føler dei straks at alt er øydelagt. Som Solveig uttrykkjer det:

«Mat er jo der i alle sammenhenger. På jobben vår, for eksempel, blir det kjøpt drøssevis med snop til jul og påske. Så hvis jeg plutselig tar en sjokolade, så er det gjort.»

Må lage ei betre behandling

«Så er det gjort»: Nettopp dette alt-eller-ingenting-perspektivet ser ut til å vere sentralt hos dei som ikkje greier å oppretthalde vektreduksjon over tid. Viss ein liten ting går gale i kosthald eller mosjonsrutinar, føler dei gjerne at alt er tapt.

– Evna til sjølvregulering, til å etablere realistiske mål, leggje planer for kvardagen men samstundes vere fleksibel nok til å tole små avvik, ser ut til å vere avgjerande for å kunne lage ein sunn livsstil. Her strevar ofte denne pasientgruppa, seier forskaren.

Aadland ser med uro på korleis opplegg for livsstilbehandling av sjukleg overvekt over åra har blitt kraftig korta ned, i tillegg til ingen eller beskjeden oppfølging heime. I hans auge tydar dette på at tilstanden ikkje fullt ut har fått status som kronisk sjukdom. 

– No som de har dokumentert kor hardt det er for sjukleg overvektige å endre livsstil, kva skal vi konkludere utifrå det?

– Det finst tre val: Vi kan gje opp livsstilbehandling av denne gruppa. Vi kan halde fram slik vi gjer i dag. Eller vi kan prøve å lage ei betre behandling, seier Aadland. 

– Eg tenkjer dei to første alternativa er dårleg etikk. Mange pasientar ynskjer livsstilbehandling føre andre alternativ. Vi må gje denne pasientgruppa ein fullverdig sjanse til å endre liva sine. 

Tina Midthun meiner det handler om noko meir enn berre kroppen.

– Det er ikkje berre noko feitt på ein kropp. Det er eit heilt liv det er snakk om, sier ho.

Referansar:

Midthun, Tina R.: Hverdagen i en stor kropp som forsøker å bli mindre, Høgskulen i Sogn og Fjordane, 2014

Aadland, Eivind: Physical activity, aerobic fitness, body composition and lipoproteins in subjects with severe obesity, Norges Idrettshøgskole, 2013

Powered by Labrador CMS