Mjølka er kva kua et

Blir mjølk påverka av om kua har ete ei botanisk eventyrblanding på beite, samanlikna med eit einsarta gras utan særleg innblanding av ulike urter og ugras? Mykje tyder på at fôret er med på å bestemme kor sunn mjølka blir.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Resultat frå Bioforsk Økologisk tyder på at variert fôr resulterer i mjølk med høgare innhald av helsefremjande stoff, mellom anna feittsyrer som verkar positivt mot kreft og hjartesjukdommar hos menneske.

Ei nordisk forskargruppe har sett seg føre å finne ut korleis.

Hjå Bioforsk Økologisk arbeider forskarane Håvard Steinshamn og Steffen Adler med å kartlegge den botaniske samansetninga i enga, for deretter å finne forskjellane att i mjølka.

- Tradisjonelt har ein sett på innhaldet av protein og feitt i mjølka. Me er meir interessert i å studere samansetninga av dei ulike feittsyrene og innhaldet av vitaminer, seier Steinshamn.

Helse frå kløver

Dei helsefremjande stoffa i mjølk som blir påverka av fôret er mellom anna dei umetta omega-3-feittsyrene, CLA, nokre metta feittsyrer og planteøstrogen.

I tidlegare arbeid har Steinshamn vist at mjølka får ei sunnare samansetning av feittsyrer og meir umetta feitt når kyrne et fôr med mykje raudkløver.

I dag får mjølkebonden betalt per liter mjølk og for mengda protein. Kan hende vil forskinga til Steinshamn og Adler føre til at det i framtida blir premiering ut frå innhald av helsefremjande stoff?

Planter mot kreft?

"Variert fôr resulterer i mjølk med høgare innhald av helsefremjande stoff."

Kollegar i Danmark er i alle høve merksame på at den intensive og einsarta fôringa av kyr kan ha negative konsekvensar for helseeffekten av mjølka.

Forskar Søren Krogh Jensen ved forskingssenteret i Foulum kan konstatere at innhaldet av desse gunstige forbindelsane er lågt så lenge kyrne har ein botanisk einspora diett.

- Frå celleforsøk veit me at stoff som fins i plantene har ein positiv effekt mot visse typar kreft, seier Krogh Jensen i eit intervju med danske TV/Midt-vest.

Kyr på diett

Dei same stoffene kan ein altså finne at i mjølka frå kyr som har ete desse plantene. På Sveriges landbruksuniversitet skal kyrne få ulike blandingar av ensilert gras.

Dette arbeidet blir leia av Anne-Maj Gustavsson, som og er leiar for heile det nordiske prosjektet.

Norske kyr ved Universitet for miljø og biovitenskap på Ås skal få teste gras på beiter med forskjellig alder og botanisk samansetnad.

Deira medsystrer i Finland skal få fôr med ekstra tilsetnad av grunnstoffet selen, som og kan ha interessante effektar i høve til helsefremjande stoff i mjølk.

Det er mellom anna avdekka i arbeidet til Espen Govasmark og andre forskarar ved Bioforsk Økologisk.

Powered by Labrador CMS