Elevar fra Natur videregående skole haustar inn svedjerug på Losæter i Bjørvika. (Foto: Vibeke Hermanrud, Bjørvika utvikling)

Landbruk i grøne mellomrom i byen

Dei siste åra har urbant landbruk breidd om seg. Knoppskyting skjer overalt. Folk oppsøkjer kontakten med jorda og det ho kan gi. Men korleis skal dei ansvarlege i byen sjå på fenomenet?

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

To hovedtyper urbant landbruk

Urban gardsdrift (urban farming) – inneber profesjonelt landbruk med kommersiell nytte av nærleik til byen

Urban dyrking/hagebruk (urban food gardening) – lite økonomisk utbyte av produksjonen, men høg sosial verdi .

Sjølve omgrepet urbant landbruk er oppstått på ei fortolking av at dei to orda er sjølvmotseielege, som om karakteren til byen er i konflikt med å driva landbruk. Slik verken er det eller har vore. Frå tidlege bysamfunn i mellomalderen og fram til i dag har menneska dyrka mat i byen.

I takt med aukande etterspurnad etter lokal mat, og etter å vite meir om innhald og opphav til maten, har og landbruket blomstra i byen. Tak, fasadar, plenar og verandaer blir nytta til dyrking av mat. Restaurantar har eigne urtehagar, og ureist mat er blitt den nye trenden. 

Auka merksemd knytt til mat, jordvern og sjølvforsyning er og ein del av bakteppet. I opinionen er jord på veg til pallplass saman med vatn og luft som livsnødvendig.

Når over 50 prosent av verdsbefolkninga bur i by, må ein ta i bruk ressursane der dei finst. (Foto: Bjørn Frostad)

Byplanleggjarar treng verktøy

Denne folkerørsla har ført med seg behov for ei meir systematisk tilnærming til bruk av byen til formålet.

– Urbant landbruk er blitt ein del av moderne byutvikling. Det handlar om trivsel, folkehelse og berekraft, rekreasjon og terapi. Ledige grøntområde må gjerast tilgjengelege for bruk og gjerne på åremålsbasis, fortel seniorrådgjevar Ellen Marie Forsberg ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

– I staden for ubrukte areal og tomter som ligg brakk, kan ein gjennom tilgang til jorda etablera parsellar, felleshagar eller andre modellar for dyrking, seier ho.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har i fleire år vore pådrivar for auka kommunal tilrettelegging for urbant landbruk og har gjennom ulike tiltak vore pådrivar for utviklinga på feltet.

For Oslo by har kommunen ambisiøse klima- og miljømål. Gjennom Urban landbruksmelding og byrådserklæring har kommunen signalisert kor viktig dei meiner jord og landbruk er for byen.

Kartlegging og planar må til, og metodar som kan gi oversikt og gode vurderingsgrunnlag prøvast ut.

Korleis kan fagfolk bidra?

Saman med FNs internasjonale jordår i 2015 var dette bakteppet for å prøve ut ein modell for kartlegging av potensialet for urbant landbruk.

– Ideen kom ut av ein tenkjetank i regi av Fylkesmannen i Oslo og Akershus og initiativet til Cristina Gil Ruiz som blei tilsett for å gjennomføre prosjektet, fortel prosjektansvarleg Sebastian Eiter ved Norsk institutt for biovitskap (Nibio). 

Statsbygg var med i tenkjetanken, og stilte to eigna område til disposisjon på Gaustad og Bredtvet.

Her finst gamal mark som har vore dyrka gjennom generasjonar. Sjølv om jorda no er gått ut av matproduksjon, er areala framleis i dagleg bruk til rekreasjon, læring og fritidsaktivitetar.

Kva bruk tilseier eigenskapane til jordsmonnet? Kan dagens bruk kombinerast med ulike typar urbant landbruk? Korleis kan ein samordne brukarinteressene? Slike spørsmål var inngangen til kartlegginga som forskarane fekk i oppgåve.

– For oss som skal levere gode avgjerdsgrunnlag basert på kunnskap, var koplinga av jordsmonndata og brukarstudiar ein viktig føresetnad for dette pilotprosjektet, seier Eiter. – Ein kan ikkje vurdere potensial for urbant landbruk ved berre å sjå på ein av faktorane.

– Eigenskapane til jorda må sjåast i samanheng med brukarinteressene for å seie noko om kva typar urbant landbruk som er mogleg, legg han til.

Økonomisk eller sosial kapital

Å ta vare på jorda og utvikle dei grøne mellomromma bidrar til betre luft og auka trivsel i byen. Vennskap, terapi, læring, rekreasjon og sosialt entreprenørskap er nokre av goda urbant landbruk kan gi, i tillegg til å vere eit miljøtiltak. 

Urbant landbruk er såleis mykje meir enn dyrking av mat. Det folkelege engasjementet knytt til bruken av jorda står sentralt.

Ein deler gjerne urbant landbruk i to hovudkategoriar, urban gardsdrift som er kommersiell, og urban dyrking, eller hagebruk, som er ikkje-kommersiell.

– Kreativiteten rår, og folk oppsøkjer kontakten med jorda, seier Ellen Marie Forsberg.

– For å nytte den positive krafta som ligg her, har forvaltning og ansvarlege på kommunalt plan eit ansvar for å leggje tilhøva til rette for at areal vert tilgjengelege, presiserer ho.

Trass sterk fortetting og folkeauke i Oslo, finst det framleis ubrukte, grøne areal. Innbyggjarane må berre få tilgang til dei.

– Derfor er det viktig å kartleggje ledige areal som eignar seg for dyrkingsaktivitetar. Ein må inkludere slike oversikter som ein naturleg del av byutviklinga, seier Forsberg og legg til:

– Vi bør nok i større grad tørre å bruke midlertidige kontraktar om bruk av land som eit verkemiddel. Det blir gjort i mange andre store byar, til dømes i Malmö, København og Rotterdam.

Urtehagen på Grønland i Oslo. (Foto: Helene Gallis)

Pollinatorkorridor og frukthage

Dette var to av dei konkrete forslaga som sto fram etter kartlegging av 20 mål jord på Gaustad. Jordkvaliteten her er variert, men dyrking i kasser kan likevel vere aktuelt.

Gamal blomstereng er til glede for mange i sesongen. Dagens bruk er knytt til mosjon, leik og læring. Dagleg kjem brukarar frå eldresenter og barnehagar i nærleiken.

På ønskelista for framtida står benkar, toalett og fortau. Forslag om parsellhagar vart sett på som for krevjande. Ein såg heller for seg meir av dagens bruk, hausting av ville bær, frukt og blomar.

Av innspel til ny bruk vart spesielt ein terapeutisk hage vurdert som passande med jordsmonn, dagens bruk og ønskjer frå interessentane. Som pollinatorkorridor kan området ha ein støttefunksjon for anna urbant landbruk. Uansett kva tiltak ein går for, er finansiering ei utfordring.

Medverknad og vern

Med desse to nøkkelorda kan innspela frå interessentar til Bredtvet summerast opp. Ein ønskjer å ta vare på området som historisk land og med dagens bruk, hovudsakleg rekreasjon og læring. Ein planlagt motorveg gjennom området er sterkt framme som noko ein ønskjer å unngå.

Store delar av det kartlagde området på 100 mål har jordsmonn godt eigna for dyrking av ulike nyttevekstar etter drenering. Ulike typar hagebruk står fram som eigna former for urbant landbruk her. Interessentane ønskjer slik aktivitet, under føresetnad av ein tilsett prosjektkoordinator.

Også her ønskjer ein seg lys, fortau og toalett slik ein såg det på Gaustad. 

Referansar:

Cristina Gil Ruiz: Potential for urban agriculture on former farmland at Bredtvet and Gaustad, Oslo. NIBIO-rapport 13-2016, februar 2016.

Ellen Marie Forsberg mfl: Urbant landbruk – Bærekraftig, synlig og verdsatt. Fylkesmannen i Oslo og Akershus, rapport nr. 1/2014.

Powered by Labrador CMS