– Folk treng betre tilgang til data, seier Ian Horrocks. Han er professor ved University of Oxford og ny æresdoktor ved Universitetet i Oslo. (Foto: Åsmund H. Eikenes)

To nye æresdoktorar ved Universitetet i Oslo

Dersom du skriv «Kor høg er Galdhøpiggen» i søkefeltet på Google.no, får du opp eit enkelt tal som fasit: 2469 meter.

Google tolkar spørsmålet og hentar det enkle svaret frå ein database som inneheld over 70 milliardar fakta. Prinsippet kan nyttast for meir enn fjelltoppar og innbyggjartal.

Ian Horrocks, som er professor i informatikk ved University of Oxford og ny æresdoktor ved Universitetet i Oslo, utviklar liknande teknologi saman med helsebedrifter og med norsk oljeindustri.

– Når vi gir datamaskiner meir kunnskap, kan dei begynne å oppføre seg meir intelligent. Då kan dei gi enkle svar på enkle spørsmål, forklarar Horrocks.

Les meir om Horrocks i denne artikkelen frå Titan.

– Eg vil oppmode unge studentar til å velje statistikk. Det er ein veldig morosam jobb der du både får utfordra hjernen og samarbeida med mange ulike ekspertar, seier Sylvia Richardson, som er ny æresdoktor ved UiO. (Foto: Åsmund H. Eikenes/UiO)

– Det er ein tendens til berre å nytte enkle statistiske metodar. Det er synd, for det utnyttar ikkje det fulle potensialet i dataa, seier professor i biostatistikk Sylvia Richardson.

Saman med forskingsgruppa ved University of Cambridge utviklar ho nye statistiske modellar for å forstå prosessar som genererer store datasett.

Spørsmålet hennar er enkelt: Korleis heng ulike biologiske prosessar saman og påverkar helsa vår?

1. september vart Richardson utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo. I tida framover skal ho mellom anna samarbeide med norske statistikarar og brystkreftforskarar for å få endå meir ut av dei store databasane deira.

Les meir om Richardson i denne artikkelen frå Titan. 

Powered by Labrador CMS