Offentleg forsking, privat forteneste

Forskinga er ofte offentleg finansiert, forfattarane står i kø for å skrive gratis, fagfellane vurderer artiklar utan å få lønn. Og tidsskrifta blir selde til blodprisar!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar er som regel nøkterne i ordvalet, men når det blir snakk om dei store og internasjonale vitskaplege tidsskrifta, bruker mange av dei ord som grådigheit og monopolkapitalisme.

Det største av dei store forlaga, Elsevier, hadde i 2007 eit overskot på 477 millionar pund (ca. fem milliardar kroner) av ei omsetning på 1507 millionar pund.

Det er med andre ord svært god butikk å gi ut ca. 250 000 vitskaplege artiklar i året i ca. 2000 tidsskrift og eit par tusen bøker, med mykje gratishjelp frå 300 000 forskarar.

Også fleire andre forlag, som Blackwell og Springer, har fortenester så store at eigarane kan le heile vegen til banken.

Den amerikanske stiftelsen Wellcome Trust har gjennomført fleire analysar av dei internasjonale vitskaplege tidsskrifta og dokumentert at fortenester på opptil 30 prosent av omsetninga er vanleg.

Forlagsbransjen elles må nøye seg med fortenester på om lag tre prosent.

Dinosaurane måtte døy

Dagens publiseringspraksis blir heftig diskutert blant forskarar for tida, og Forskerforbundet arrangerte for eksempel eit godt besøkt frukostseminar hausten 2007. Paleontologen Jørn Hurum var ein av dei som tok bladet frå munnen:

– Forskarane må ta tilbake publiseringa og publisere gjennom open tilgang. Då når ein rett ut frå forskar til lesar. Eg kan samanlikne dette med utryddinga av dinosaurar frå mitt eige fagfelt. Som dinosaurane måtte døy, kan også forlaga tvingast i kne og «Open Access» ta over den vitskaplege publiseringa, sa han.

– At alt skal vere tilgjengeleg, er ein vakker tanke, men det blir problem når det blir lagt sterke føringar på det som skal gjerast, sa professor Olav Torvund på det same seminaret.

– Forskarane må sjølv få bestemme når og kvar det skal publiserast. Vi veit best sjølv kva som er dei eigna kanalane.

Opne kanalar må ikkje bli ei rørsle som overprøver forskarane sine rettar, meinte Torvund, som også er medlem av opphavsrettsutvalet i Forskerforbundet.

Rådyre abonnement

Internett gir høve til publisering av vitskaplege artiklar utanfor dei dyre tidsskrifta, men kva då med kvalitetssikring og fagfellevurdering? (Foto: Shutterstock)

Baksida av medaljen er at forskarar og forskingsinstitusjonar over heile verda betaler skjorta for å abonnere.

Rekneskapane til universitetsbiblioteka viser at prisstiginga på vitskaplege tidsskrift i mange år har vore høgare enn den generelle prisstiginga i samfunnet, mens meirutgiftene berre delvis er kompenserte ved auka løyvingar.

I dei mest velrenommerte tidsskrifta må aksepterte artiklar dessutan stå i kø i opptil halvtanna år før dei kjem på trykk, og dermed blir den generelle kunnskapsutviklinga til faga forseinka.

Viss noko skal gjerast, har Internett skapt nye moglegheiter. Eit mogleg alternativ er å publisere vitskaplege resultat i det som blir kalla «Open Access Journals» i staden, gjerne på Internett.

Ei anna moglegheit er at forskingsinstitusjonane lagrar arbeid i eigne opne arkiv. Stadig fleire utgivarar tillèt at forskaren parallellpubliserer artiklane sine i publiseringsarkivet til mor-institusjonen.

Dette er noko av bakgrunnen for at Kunnskapsdepartementet vil greie ut moglegheita for “i større grad å gjøre resultater fra offentlig finansiert forsking offentlig tilgjengelig”, som det heiter i eit brev til Forskingsrådet og Universitets- og høgskolerådet (UHR) datert juni 2008.

Større tilgjenge

– Oppdraget frå Kunnskapsdepartementet til Forskingsrådet går kort sagt ut på å vurdere tiltak som kan fremme open tilgang i alle forskingsutførande sektorar, i samarbeid med UHR.

– Vi er samtidig i ferd med å lage ein policy for Forskingsrådet på dette feltet, fortel seniorrådgivar Nina Nordvik i Divisjon for vitskap.

– Prinsippet er at resultata frå offentleg finansiert forsking i størst mogleg grad må vere ope tilgjengelege, og vi skal sjå nærmare på korleis Forskingsrådet kan bruke sine verkemiddel for å oppnå dette.

– Samtidig må vi passe på at vi ikkje heller barnet ut med badevatnet. Vi er mellom anna veldig opptekne av at kvalitetssikringa og fagfellevurderingane blir haldne ved like, seier Nordvik.

Ein skal nemleg ikkje gløyme at forlaga faktisk gjer ein jobb: Dei koordinerer heile prosessen med utveljing av gode artiklar, kvalitetssikring, fagfellevurdering, grafisk produksjon og trykking, marknadsføring og distribusjon. Dette kan aldri bli heilt gratis.

– Den noverande modellen fungerer på nokre måtar, men så har han også nokre dysfunksjonar, mellom anna manglande konkurranse, kommenterer Nordvik.

Ingen enkle løysingar

Det er elles ikkje noka enkel sak for forskarane å vende ryggen til dei store og meritterande tidsskrifta.

Viss ein for eksempel skulle etablere eit ope og nettbasert tidsskrift i konkurranse med dei etablerte tidsskrifta, tek det minst fire–fem år før det nye tidsskriftet er anerkjent nok til at det blir meritterande på linje med konkurrentane.

– Det er ikkje lett å endre ein innarbeidd praksis. Dessutan har universiteta enno ikkje utarbeidd gode strategiar for dette. Universiteta er, naturleg nok, veldig opptekne av fri forsking og fridommen til å publisere kvar ein vil. Men dette er eit tema som også har mange andre aspekt, påpeikar Nordvik.

Powered by Labrador CMS